Black Week er i gang: – Ver på vakt!
Black Friday. Black Weekend. Cyber Monday. Black Month. Singles’ Day. Black Week. Alle konsepta har til felles at dei kan utnyttast av svindlarar som prøver å stele informasjon frå deg.
— Det er all grunn til å vere ekstra på vakt no, seier seniorrådgjevar i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Johannes Vallesverd.
Han er leiar av ei ekspertgruppe mot digital svindel som Nkom har etablert i partnerskap med Økokrim.
Ifølgje årets Black Week-undersøking, gjennomført av Prisjakt, er nordmenn meir skeptiske til den årlege «handlemånaden» no enn tidligare. Likevel seier 1,4 millionar at dei har planar om å handle, sjølv om målet er å bruke mindre pengar enn i fjor.
— Svindlarane koplar seg gjerne på sinnsstemningar og pågåande daglegdagse aktivitetar til potensielle offer. Ved hjelp av digitale verktøy som spoofing, forfalsking og svindel-lenker, og gjerne med eit bodskap om at noko hastar, klarer dei å treffe oss i situasjonen, og få oss i saksa. Hugs at dersom eit tilbod er for godt til å vere sant, så er det ofte det, rår Vallesverd.
Svindelforsøka blir stadig smartare og difor er det viktig at myndigheiter, bedrifter og teleaktørane klarer å stoppe mest mogleg før svindelforsøka når befolkninga.
— November er ein aktiv månad for svindlarar. Dei er godt i gang med å jakte etter pengar og informasjon, åtvarar Vallesverd.
Ikkje gå i SMS-fella
Ifølge Prisjakt-undersøkinga aukar netthandelen, og det veit svindlarar å utnytte. Det er fleire døme på at dei opprettar falske nettsider og presenterer falske tilbod til intetanande kundar for å stele pengar og personleg informasjon.
— Når vi handlar på nett er det mange lenker som sende på SMS eller e-post, spesielt knytt til levering av pakkar, men også knytt til betaling. Dersom vi har handla fleire stader i same periode, kan det vere at vi blir litt mindre kritiske til kva lenker vi trykkjer på. Vel inne på svindlaranes heimesider kan ein bli møtt med kopiar av ekte sider, der ein blir lokka til å gjennomføre transaksjonar eller laste ned fjernstyringsprogram. Det kan få store konsekvensar, åtvarar Vallesverd.
Stadig fleire etatar og merkenamn har beskytta sine SMS-avsendernmn i mobilnetteigarane sine SMS SenderID-registre. Svindlarane kan likevel bruke namn som ikkje er registrerte, variasjonar av namn eller telefonnummer.
I oktober lanserte Nkom ei fersk undersøking som viser at 9 av 10 nordmenn har blitt utsette for svindelforsøk i løpet av det siste året. Heile 70 prosent av svindelforsøka skal ha skjedd over e-post, men nesten like mange har også blitt forsøkt svindla på SMS.
Les også: Norge skal lede global kamp mot digital svindel
Nokre råd for å unngå svindel
1. Undersøk om avsendaradressa i SMS-en ser korrekt ut. Sjølv om den framstår korrekt, kan den vere manipulert.
2. Tenk deg om før du klikkar på lenker i ein SMS. Les nøye og sjå etter om lenka ser korrekt ut. Er det skrivefeil i lenken? Pass på!
3. Dersom du ventar på ein pakkelevering, bruk leverandørappen eller selskapet sine offisielle nettsider for å sjå etter informasjon i staden for lenka i SMS-en.
4. Ikkje oppgi bankkontoinformasjon eller BankID, uansett om dei seier dei ringer frå banken eller politiet. Ikkje last ned programvare for fjernstyring.
5. Ver spesielt kritisk dersom nokon du akkurat har møtt ber deg overføre beløp til fleire ulike kontoar eller til utenlandske kontoar. Er du i tvil, vil ofte bankane kunne bistå, etter at du sjølv ringer til bankens offisielle telefonnummer.
6. Ver også kritisk dersom nokon du kjenner tek kontakt på Facebook, Messenger, WhatsApp, Snapchat eller liknande med ønske om at du raskt overfører store beløp. Dobbeltsjekk at det verkeleg er den du kjenner som kontaktar deg. Ring vedkommande på sitt ordinære mobilnummer, eller ring nokon i vedkommande sin husstand for å sjekke.
Dersom du er utsett for svindel, hugs at du må kontakte banken, mobilselskapet ditt og melde det til politiet. Du kan tipse politiet i ein eigen nettbasert tipsteneste her. Sjølv om ei melding eller eit tips ikkje fører til konkrete resultat, er det viktig at politiet får vite om svindelen, slik at dei får ei fortløpande og god forståing av svindeltrendar.
Nøkkelord
Kontakter
Rita Lund ThuneKommunikasjonsdirektørNasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Tel:+47 922 06 466rlt@nkom.noJohannes VallesverdSeniorrådgiver i NkomNasjonal kommunikasjonsmyndighet
Tel:95094409jmv@nkom.noBilder
Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Nye regler skal hindre ID-tyveri14.1.2025 09:56:26 CET | Pressemelding
I ny ekomforskrift skjerpes kravene til identifisering når du skal kjøpe kontantkort eller mobilabonnement. De nye reglene skal gjøre det vanskeligere for kriminelle å misbruke identiteten din.
Hva gjør du hvis mobil og nett faller ut?6.1.2025 14:28:49 CET | Pressemelding
Uværet på Sørlandet og Østlandet er i full gang. Det er lurt å forberede seg på at strømmen kan gå.
Tilsynsrapport mot Telenor klar på nyåret17.12.2024 09:31:05 CET | Pressemelding
Dei gjentekne hendingane hos Telenor som har råka naudnummer-tenestene i haust, har ført til omfattande arbeid med tilsynsrapporten for myndigheitene. – Vi treng meir tid til å kvalitetssikre informasjonen og analysane våre før vi kan ferdigstille rapporten.
Flere bør levere nødnummertjenester i Norge16.12.2024 10:38:26 CET | Pressemelding
– Norge må få på plass løsninger som sikrer nødnummer bedre enn i dag.
Nå har det blitt vanskeligere å “spoofe” mobilnummeret ditt9.12.2024 14:45:08 CET | Pressemelding
I januar i år ba myndighetene mobilselskapene om å samarbeide tettere for å hindre telefonsvindel. Det har gitt resultater.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom