Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

Tilsynsrapport truleg klar før jul

Del

I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane. Nkom arbeider med tilsynsrapport som skal omfatte alle desse, og den skal etter planen vere klar før jul.

FUNGERTE IKKJE: I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane.
FUNGERTE IKKJE: I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane. Foto: Gunstein Myhre / Nkom

Dette er hendingane:  

  • 29. august var 112 råka av utfall i nesten 2,5 timar, og innringarane fekk ikkje kontakt med naudsentralane.

  • 16. september oppstod det ein feil som gjorde at samtalar til naudnumra blei oppfatta som stumme anrop hos naudetatane. Anropa frå Telenors kundar til 113 viste dessutan tidvis feil telefonnummer frå innringar.

  • Utfallet natta mellom 17. og 18. oktober varte i over tre timar. Naudnumra 110 og 112 blei råka, men situasjonen blei avhjelpt av reserveløysingar.
     
  • 13. november opplevde Telenor feil på fleire system knytta til mobilnettet. 110, 112 og 113, pluss 02800, fungerte ikkje som normalt frå 10.25 til 16.40. I tillegg var det i same periode lang oppkoplingstid for vanlege samtalar.

— Allereie etter første hending 29. august varsla Nkom tilsyn mot Telenor. Diverre har fleire hendingar ført til at tilsynet er utvida i fleire rundar, og det tek derfor lengre tid å ferdigstille denne, seier direktør i Nkom John-Eivind Velure.

Han sier vidare:

— Vi forstår at mange har behov for å få svar på kvifor dette har skjedd og kva konsekvensane blir for Telenor, og vi kan forsikre om at vi jobbar så effektivt og grundig som mogleg. Vi planlegg å ferdigstille tilsynsrapporten før jul. I den samanheng vil vi offentliggjere våre hovedfunn og førebelse konklusjon i saka.

Telenor vil få tre veker på å kome med si tilbakemelding.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

FUNGERTE IKKJE: I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane.
FUNGERTE IKKJE: I haust har det vore fire hendingar som har ført til at folket har hatt avgrensa eller ingen moglegheit til å kontakte naudetatane.
Foto: Gunstein Myhre / Nkom
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye