UiT Norges arktiske universitet

MEMELAND opnar nytt vindauge mot mellomalderens Europa

Del

I eit tverrfagleg prosjekt vil forskarar i Noreg, Austerrike, Sveits og Storbritannia opne eit nytt vindauge mot mellomalderens Europa. MEMELAND-prosjektet vil endre forståinga vår av det historiske samspelet mellom kultur og natur.

To personar på ein båt samlar inn sediment frå vatnet.
Professor Nathalie Dubois samlar inn sediment for analyse. Foto: Alessandro Della Bella / EAWAG

Det europeiske forskingsrådet har løyvd 13 millionar euro i støtte til MEMELAND (Molecular Ecology of Medieval European Landscapes). Prosjektet skal avdekkje korleis jordbruket i mellomalderen har forma dagens landskap og biologiske mangfald.

Finn rettesnorer i jordsmon og sediment

Memeland si underliggjande metode er å ta prøver av og analysere sediment og jordsmon i innsjøar og vatn i heile Europa, såkalla sedimentært DNA (SedaDNA).

Sedimenta på botnen av innsjøar og andre vassførekomstar har for det meste vore uforstyrra gjennom hundreåra, og kan derfor gje ei eineståande innsikt i klima, økologi, flora, fauna og menneskeleg aktivitet i området rundt.

null
Slik vert arbeidsflyten: Sediment vert samla inn og analyserast grundig i tre ulike prosessar. Illustrasjon: MEMELAND

Ei ny og tverrfagleg tilnærming

Tre fagfelt skal analysere sedimenta og gje oss svar:

  • Lipidbiomarkørar vil avsløre kva dyr og menneske åt.
  • Arkeobotaniske restar (til dømes pollen) vil avsløre kva planter og avlingar som vaks der.
  • Kronologiforskinga vil bruke metodar som karbon14-datering for å avsløre når dei ulike spora vart laga.

– Denne finansieringa vil gjere det mogleg å lansere ei ny og spennande tilnærming til å ikkje berre forstå, men og verne landskapa i Nord-Europa og det viktige biologiske mangfalda der. For første gong vil vi kunne sjå korleis miljøet vårt vart til, seier professor Anthony Brown ved UiT Noregs arktiske universitetsmuseum i Tromsø.

Over 100 lokalitetar er valde ut for sedaDNA, og i tillegg skal ein ta prøver for biomarkørar og arkeobotanikk på seks detaljerte lokalitetar.

Tidlegare arbeid med sedaDNA har mellom anna vist at ein finn DNA frå djupborande makk i innsjøar. Makken vart truleg bringa dit av moldplogen som endra jordbruket i mellomalderens Europa. Då kan ein tidfeste når jordbruket i området tok i bruk plogen.

null
Jordbrukslandskap i Toscana i Italia. Foto: Ugo Toldi / mostphotos.com

Rettleiing for restaurering av europeiske landskap

Over heile Europa finst det initiativ for å tilbakeføre landområde til sin «naturlege» tilstand. Avhengig av kva ein legg i omgrepet «naturleg tilstand», vil dette prosjektet vere ei rettesnor for å tilbakeføre delar av landskapet og økologien til den historiske tilstanden sin – slik at vi kan restaurere og til og med forbetre dei øydelagde landskapa våre.

Andre viktige brikker i puslespelet som MEMELAND vil sjå etter, er

  • Var mellomalderen ein jordbruksrevolusjon eller ei økologisk degradering?
  • Var det eliten, bøndene eller begge deler som dreiv fram endringane?
  • Kva rolle spelte klima og sjukdom?

Slike prosjekt må vere store

Dette ambisiøse prosjektet, som involverer fleire fagdisiplinar, har som mål å gje omfattande svar som ut over dei einskilde disiplinane – svar der summen er større enn delane.

Geir Rudolfsen er instituttleiar for Noregs arktiske universitetsmuseum og sjølvsagt særs nøgd med å få MEMELAND til instituttet. Han seier prosjektet er eit fantastisk eksempel på korleis store og tverrfaglege prosjekt kan gje unik innsikt.

– Slike prosjekt må vere store for å få ein heilskapleg forståing og innsyn i korleis dei ulike faktorane påverkar kvarandre. MEMELAND kjem til å styrke museet fagleg og bidra til at universitetsmuseet i Tromsø er verdsleiande innan sedaDNA, seier han.

FAKTA OM MEMELAND

ERC Synergy Grant for MEMELAND er på 13 537 645 euro. UiT-komponenten er på 7 075 963 euro.

Prosjektleiarar og institusjonar

  • cPI Prof Tony G Brown, Noregs arktiske universitet (UiT), Noreg
  • PI: Prof. Helena Hamerow, Institute of Archaeology, University of Oxford, Storbritannia
  • PI: Prof. Nathalie Dubois, Swiss Federal Institute of Aquatic Science and Technology (EAWAG*), Zürich, Sveits
  • PI: Prof. Andreas Lang, Paris Loudon-universitetet, Salzburg, Østerrike

Til saman vil forskarar med 13 ulike nasjonalitetar bidra til prosjektet.

*Namnet Eawag er avleidd av det tyske akronymet Eidgenössische Anstalt für Wasserversorgung, Abwasserreinigung und Gewässerschutz.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

To personar på ein båt samlar inn sediment frå vatnet.
Professor Nathalie Dubois samlar inn sediment for analyse.
Foto: Alessandro Della Bella / EAWAG
Last ned bilde
Slik vert arbeidsflyten: Sediment vert samla inn og analyserast grundig i tre ulike prosessar.
Slik vert arbeidsflyten: Sediment vert samla inn og analyserast grundig i tre ulike prosessar.
Illustrasjon: MEMELAND
Last ned bilde
Ei kvinne i laboratoriefrakk og vernebriller undersøker sedimentprøvar på eit laboratorium.
Professor Nathalie Dubois undersøker sedimentprøvar.
Foto: Alessandro Della Bella / EAWAG
Last ned bilde
Ein mann står framfor havet i solskin. Han har grått hår og ein lys skjorte.
Professor Anthony Brown, UiT
Foto: Inger Alsos
Last ned bilde
Portrett av ein smilande mann i jakke og skjorte.
Professor Andreas Lang, PLUS
Foto: Andreas Lang
Last ned bilde
Kvinne med blondt hår i blå jakke står framfor nøytral, mørk bakgrunn.
Professor Nathalie Dubois, Eawag
Foto: Alessandro Della Bella / EAWAG
Last ned bilde
Kvinne smilande framfor ei steinbygning.
Professor Helena Hamerow, Oxford
Foro: John Cairns
Last ned bilde

UiT Noregs arktiske universitet

UiT er eit breiddeuniversitet med elleve studiestadar over heile Nord-Noreg. Vi har 4000 tilsette og 17 000 studentar. Visjonen vår er å skape eit nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområda.

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye