Anlegg behandlar farleg avfall for dårleg
Ein landsomfattande tilsynsaksjon viser at mange anlegg som tek imot og behandlar farleg avfall, ikkje driv miljømessig forsvarleg.

– Dette er nedslåande, då det er gjennomført tilsynsaksjonar mot desse anlegga over lang tid. Konsekvensane ved uforsvarleg drift kan vere alvorleg for miljøet, seier Henning Gøhtesen, fungerande seksjonsleiar i Miljødirektoratet.
Inga forbetring frå 2018
Statsforvaltaren gjennomførte i alt 93 tilsyn i alle fylke. Sidan førre store aksjon i 2018 finn vi at bransjen ikkje har vorte betre til å handtere farleg avfall, sjølv om enkelte anlegg hadde forbetra seg sidan førre aksjon.
I aksjonen som statsforvaltaren gjorde i samarbeid med Miljødirektoratet fann vi at ein av fem anlegg hadde alvorlege brot på regelverket og ikkje følgjer miljøkrava. Dei mest alvorlege feila gjaldt uforsvarleg lagring og handtering av farleg avfall som ikkje var i tråd med løyvet frå statsforvaltaren.
To anlegg vart pålagde stans i mottak av farleg avfall
I denne tilsynsaksjonen er det teke i bruk strengare verkemiddel hos dei anlegga som hadde dei alvorlege brota. To anlegg fekk vedtak om å stanse mottak av farleg avfall inntil feila har vorte retta opp. I tillegg er det gitt varsel om tvangsmulkt til fem anlegg og pålegg om tiltak ved to anlegg.
– Det er første gong at miljøstyresmaktene krev stans i mottak av farleg avfall hos mottaksanlegg i ein tilsynsaksjon. Når vi finn gjentakande brot hos dei same aktørane, kan vi ty til slike strenge reaksjonar, seier Henning Gøhtesen.
Miljøkonsekvensar ved sløkking av brann
Nytt i år var at det også vart kontrollert kva vurderingar verksemdene har gjort når det gjeld miljøkonsekvensar i samband med sløkking av brann, sidan sløkkjevatn kan innehalde store mengder forureining. Det vart avdekt brot på risikovurdering av miljøkonsekvensar ved brann ved eit av tre anlegg.
I aksjonen vart det også funne at mange anlegg ikkje hadde lagra farleg avfall i tråd med krava som er stilte frå forureiningsstyresmaktene, og at dei ikkje hadde gjort ein tilstrekkeleg miljørisikoanalyse for anlegget.
Det var også fleire som ikkje hadde gode rutinar for dokumentasjon. Dette tyder på at bransjen har utfordringar med å lage gode system for å vareta krava i miljøregelverket.
Halder fram med å kontrollere bransjen
Miljødirektoratet ser behov for at vi held fram med å kontrollere denne bransjen. Og at det framleis må rettast innsats spesielt mot lagring av farleg avfall og miljørisikovurderingar for å forbetre tilstanden. Dette vil bli følgt tett opp av statsforvaltarane.
Miljødirektoratet har også tett dialog med bransjeorganisasjonen. Vi har hatt møte med der vi la fram resultata og gjorde tydeleg forventningane våre når det gjeld vidare oppfølging. Det er viktig med eit vidare samarbeid mellom Norsk foreining farleg avfall og Miljødirektoratet for å sikre betre regelverksetterleving i bransjen.
Resultata frå tilsynsaksjonen vil også bli presenterte på Farleg avfallskonferansen no i november.
Det er også aktuelt å stramme inn med ytterlegare verkemiddelbruk i tida framover. Det kan vere både tvangsmulkter, innskrenking av løyva eller stans i mottak av avfall.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noLenker
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Flere tiltak i Oslofjorden godt i gang- men tempoet må opp2.12.2025 12:04:42 CET | Pressemelding
Stadig flere tiltak gjennomføres for å bedre tilstanden i Oslofjorden, men det går likevel for sakte.
Flytende mikroplast i Oslofjorden – mest isopor26.11.2025 14:10:57 CET | Pressemelding
Nye målinger viser at flytende småplast og mikroplast i Oslofjorden ikke er jevnt fordelt, men at det er ansamlingsområder med høye nivåer. Av mikroplasten som flyter, er det isopor som er den dominerende plasttypen.
Ny naturindeks: Norsk natur betydelig redusert18.11.2025 08:29:09 CET | Pressemelding
Det er et nasjonalt mål at økosystemene skal ha god tilstand. For flere av økosystemene fortsetter tapet av biologisk mangfold, viser naturindeksen.
Fire av ti våtmarksfugler trues av mennesker14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressurser, utbygging og landbruk er de største truslene for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser en ny FN-rapport.
Fire av ti våtmarksfuglar er trua av menneske14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressursar, utbygging og landbruk er dei største truslane for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser ein ny FN-rapport.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom