Brennevinsgrova vinn BU-prisen i Møre og Romsdal
Produsenten vert hedra med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket frå Innovasjon Noreg.

Brennevinsgrova AS, ein leiande produsent av håndverksgin, akevitt og whisky, har fått tildelt Innovasjon Noregs bedriftutviklingspris for Møre og Romsdal i 2024. Prisen anerkjenn bedriftas innsats innan merkevarebyggjing, innovasjon og lokal verdiskaping.
- Vi er utruleg takknemleg for denne anerkjenninga, seier Harald Strømmegjerde, grunnleggjaren av Brennevinsgrova AS.
- Dette gir oss motivasjon til å fortsette arbeidet med å skape unike produkt som reflekterer smaken av Sunnmøre.
Tradisjon og innovasjon
Brennevinsgrova AS vart grunnlagt i 2019 av Harald Strømmegjerde på familiegarden i Straumgjerde på Sunnmøre. Med ein lidanskap for tradisjonelle metoder og lokale råvarer har han skapt produkter som har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar. Gjennom bruk av lokale råvarer som bringebær frå Valldal, butare frå Herøy og det krystallklare vatnet frå breane i Sunnmørsalpane har bedrifta gjort seg bemerka og vunne fleire prestisjetunge prisar.
Merkevarebyggjing
Daglig leiar Harald Strømmegjerde er drivkrafta bak merkevarebyggjinga av Brennevinsgrova. Designet på flaskene er tydeleg inspirert av den ville, bratte naturen i Sunnmørsalpane, og etikettane framhever dei lokale ingrediensane og at det ligg mykje håndverk bak produktet.
Regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde, fortel at han er imponert over årets prisvinnar:
- Vi er stolte over å tildele årets bedriftsutviklingspris til Brennevinsgrova AS. Harald Strømmegjerde har gjort ein imponerande jobb med å byggje ein sterk merkevare som kombinerer tradisjon og innovasjon. Brennevinsgrova har ikkje berre skapt produkt av høg kvalitet, men dei bidrar også til lokal verdiskaping, meinar Gjerde.
Bedriftsutviklingsprisen i landbruket
Innovasjon Noreg delar kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er ein bedrift- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ein vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser. Kvart år vert det kåra ein vinnar i kvart fylke som får tildelt 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noInnovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Brødrene Freberg vinner regional landbrukspris!6.11.2025 14:50:00 CET | Pressemelding
Grønnsaksprodusenten fra Nøtterøy vinner bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestfold i 2025.
Renndølsetra vinner regional landbrukspris6.11.2025 10:34:12 CET | Pressemelding
Renndølsetra vinner bedriftutviklingsprisen for landbruket i Møre og Romsdal for 2025.
Bergen Carbon Solutions får 30 millioner i tilskudd fra Innovasjon Norge5.11.2025 09:43:37 CET | Pressemelding
Styret i Innovasjon Norge har innvilget et miljøteknologitilskudd på inntil 30,3 millioner kroner til Bergen Carbon Solutions. Prosjektet skal gjøre det mulig å produsere bærekraftig karbon til batteriindustrien. - Dette er innovasjon på internasjonalt nivå hvis prosjektet lykkes, sier Håkon Haugli i Innovasjon Norge.
Winther Ysteri vinner landbrukspris4.11.2025 14:08:24 CET | Pressemelding
Winther Ysteri er årets vinner av bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Oslo.
Siljanhjort vinner regional landbrukspris4.11.2025 12:24:37 CET | Pressemelding
Hjortefarmen fra Siljan vinner bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Telemark for 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom