Framleis låg lønnsemd for norske medium – frå vondt til verre for lokalradioane
24.10.2024 06:50:00 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
Lønnsemda til lokalradioverksemdene er dramatisk forverra dei siste tre åra, og i fjor gjekk 66 av 108 verksemder med driftsunderskott. Også for mediebransjen samla blei 2023 nok eit krevjande år, ifølge tal frå Medietilsynet.

Samla var lønnsemda i norske mediebedrifter på same låge nivå i 2023 som i 2022, da ho var på sitt svakaste sidan finanskrisa. Det viser Medietilsynets rapport «Norsk medieøkonomi 2019–2023».
Auka inflasjon og høgare renter har både gjort det dyrare å produsere medieprodukt og redusert kjøpekrafta til befolkninga. Med dette bakteppet liknar 2023 på året før, konkluderer Medietilsynet.
– Norske medium er inne i ein meir usikker tid etter nokre gode økonomiske år. For bransjen sett under eitt tyder fjoråret på at den svake utviklinga frå 2022 fortset, seier direktør Mari Velsand.
Aller tøffast å drive lokalradio
– Etter Medietilsynets vurdering er det viktig med auka innsikt i bidraget lokalradioverksemdene har til mediemangfaldet og en diskusjon rundt det framtidige drifts- og finansieringsgrunnlaget for denne delen av bransjen, seier Velsand.
Medietilsynet vil mot slutten av året, som ein del av Mediemangfaldsrekneskapen, legge fram ein rapport om innhaldsmangfaldet i media. Her blir det det blant anna jobba med ein nærmare kartlegging av innhaldet i norske lokalradioar.
Målt etter lønnsemda blei 2023 eitt av dei svakaste åra for norske aviser sidan finanskrisa. Samla auka likevel driftsresultatet med 69 millionar kroner frå 2022, og driftsmarginen gjekk opp med 0,5 prosentpoeng til 5,9 prosent i 2023.
– Lønnsemda til avisene er dermed framleis under press, seier direktøren i Medietilsynet.
Medietilsynet publiserte ein eigen rapport om avisøkonomien tidlegare i år. Innhaldet frå den rapporten er ein integrert del av rapporten om den samla økonomien til mediebransjen som Medietilsynet publiserer i dag.
Brukarinntektene aukar, mens reklameinntektene fell
Brukarinntektene er den viktigaste inntektskjelda til avisene og tv-verksemdene, og utgjorde i 2023 over halvparten av inntektene deira. Frå 2022 til 2023 auka brukarinntektene med 282 millionar kroner, betydeleg meir enn året før da auken var på 68 millionar kroner.
– Dette kan tyde på at ein generelt svakare hushaldsøkonomi har hatt liten negativ effekt på viljen folk har til å betale for medieinnhald, seier Velsand.
Den nest viktigaste inntektskjelda til media er sal av reklameplass. For mediebransjen sett under eitt gjekk denne typen inntekter ned med 5,6 prosent i 2023, mens dei totale reklameinvesteringane i den norske marknaden berre gjekk ned med 0,9 prosent, ifølge tal frå Institutet för Reklam- och Mediestatistik (IRM). Den generelle nedgangen er altså betydeleg mindre enn nedgangen for dei redaktørstyrte media. Dette er fordi globale aktørar som Facebook og Google fortsette å auke andelane sine i den norske reklamemarknaden i fjor.
Dei største kommersielle radiokanalane går veldig godt
Trass i nedgangen i reklameinntektene i mediebransjen samla kan dei nasjonale kommersielle radiokanalane vise til enda eit år med auka reklameinntekter. Dei hadde ein vekst i slike inntekter på 5,7 prosent frå 2022 til 2023, noko som bidrog til at denne delen av bransjen, P4 og Radio Norge med tilleggskanalar, fekk ein solid driftsmargin på 21 prosent i fjor.
Du finn heile rapporten «Norsk medieøkonomi 2019–2023» her.
Fakta om økonomien i media i 2023:
- Den totale omsetninga til media var på 28,5 milliardar kroner i 2023, det same som i 2022.
- Dette er ein vekst på 6,9 prosent samanlikna med 2019, men etter inflasjonsjustering viser tala ein reell nedgang på 8,6 prosent. Nasjonale radioverksemder har hatt minst nedgang i inflasjonsjusterte inntekter dei siste fem åra.
- Totalt hadde media eit driftsresultat på 1064 millionar kroner i 2023, 162 millionar kroner meir enn i 2022. Driftsmarginen enda på 5,1 prosent i 2023, opp frå 4,3 prosent i 2022.
- Dei nasjonale radioselskapa hadde høgare reklameinntekter i 2023 enn i 2022, mens resten av mediebransjen hadde mindre slike inntekter i 2023.
- Lønnsemda blei styrkt i 2023 for avisene og tv-selskapa. Driftsmarginen for avisene gjekk opp med 0,5 prosentpoeng og for tv opp med 1,3 prosentpoeng. Lønnsemda for radioverksemdene gjekk noko ned med 0,2 prosentpoeng. Nasjonal radio fortset trenden gjennom dei siste tre åra med den høgaste lønnsemda i bransjen i 2023.
- Brukarinntektene representerte i overkant av 60 prosent av driftsinntektene for både avisene og tv-selskapa i 2023, ein liten oppgang frå 2022.
- Driftsresultatet til avisene, inkludert statlege tilskott på 440 millionar kroner, var 752 millionar kroner i 2023 mot 683 millionar i 2022 – opp med 69 millionar kroner. Driftsmarginen til avisene blei samla sett styrkt med 0,5 prosentpoeng til 5,9 prosent.
- Dei nasjonale radioselskapa fekk svekt lønnsemda med 1,9 prosentpoeng frå 2022, men var framleis svært lønnsame med ein driftsmargin på 21,1 prosent.
- 66 av 108 lokalradioverksemder rapporterte om driftsunderskott i 2023.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil RuudkommunikasjonsrådgiverKommunikasjon og rådgivning
Tel:+4790667828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noMari Velsanddirektør i Medietilsynet
Tel:+47 913 28 448mari.velsand@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
TV 2 oppfylte alle krava som kommersiell allmennkringkastar i 202526.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.
Medietilsynet fordeler nær 25 millioner til lokalkringkasting23.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt 24,7 millioner kroner til lokalkringkasting gjennom ordningen for tilskudd til lokale lyd- og bildemedier. I år mottar til sammen 112 lokalkringkastere støtte fra ordningen.
TV Vest får advarsel av Medietilsynet18.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet gir TV Vest AS sanksjon i form av advarsel for brudd på kringkastingsloven. Kanalen brøt reglene om produktplassering i programmet «Våre ti beste gavetips».
Medietilsynet undersøker hvorfor noen unngår nyheter17.6.2026 09:59:55 CEST | Pressemelding
Medietilsynet kartlegger årsaker til at en økende andel av befolkningen kobler seg av nyheter. Fire av ti nordmenn unngår nyheter ofte eller av og til, ifølge årets Reuters Digital News Report. Dette er en økning på ni prosentpoeng fra året før.
Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet12.6.2026 06:50:00 CEST | Pressemelding
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastaroppdraget sitt i 2025. Men kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer blei verken oppfylt for radio eller nett, viser Medietilsynets årlege tilsyn med NRK.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom