Fleire nye framande artar festar grepet i Oslofjorden
Ei ny kartlegging viser at det er meir asiatisk penselkrabbe enn norsk strandkrabbe i delar av indre Oslofjord.
– Vi er bekymra fordi vi finn stadig nye framande marine artar i Oslofjorden og langs norskekysten elles. Framande artar kan ha negativ effekt på dei artane som lever her frå før, og på økosystema langs kysten vår, seier forskar ved Havforskingsinstituttet, Vivian Husa.
Kartlegg risikohamner
Framande artar er artar som ikkje førekjem naturleg i norsk natur, og som har komme til landet via skipstrafikk og annan menneskeleg aktivitet. Framande skadelege artar utgjer ein av dei fem største truslane i verda mot naturmangfald. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Husa og forskarkollegaene hennar i haust funne fleire framande marine artar som har klart å etablere seg i Oslofjorden. Funna er del av ei større kartlegging av framande marine artar, i norske hamner som har ekstra høg risiko for å få inn slike artar på grunn av stor skipstrafikk.
– I 2024 har vi konsentrert oss om å overvake framande marine artar i Oslofjorden og hamnene Oslo, Drammen, Fredrikstad, Horten, Larvik og Kragerø. Det er viktig å finne ut om dei er der, for å kunne setje i verk tidlege tiltak, og vi vil halde fram med å overvake fleire hamner i 2025, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Fortrengjer lokale artar og spreier sjukdommar
Den internasjonale Naturavtalen, som Noreg slutta seg til i desember 2022, har som eit av måla å redusere introduksjon av framande artar. Overvakinga som Havforskingsinstituttet gjer for Miljødirektoratet er del av Tiltaksplan for kamp mot framande skadelege organismar. Kjende og skadelege framande marine artar i Noreg er hamnespy og stillehavsøsters.
– Framande artar kan endre opphavleg natur ved å konkurrere ut naturleg heimehøyrande artar, og spreie sjukdommar som det ikkje er motstandsdyktigheit mot, seier miljødirektør Ellen Hambro.
– Så ut som små flått
Etter rapportar frå publikum om funn av asiatisk penselkrabbe i Oslofjorden sette Havforskingsinstituttet i august i år ut 90 teiner. Dette gav labert resultat, så forskarane vart i tvil om desse krabbane faktisk hadde etablert seg i Oslofjorden. Vivian Husa i Havforskingsinstituttet fekk seg ei overrasking då ho analyserte raudalgar og anna materiale som forskarane hadde skrapa av frå bryggjer i Indre Oslofjord.
– Då eg sat på laben for å undersøkje nærare det materialet vi hadde skrapa av frå bryggjer i Indre Oslofjord, så kraup det ut mykje små firkanta krabbar som såg ut som små flått, seier Husa.
– Oppsiktsvekkjande resultat
Dei små krabbane viste seg å vere asiatiske penselkrabbar.
– Dei asiatiske krabbane liker tydelegvis ikkje å gå inn i teinene vi hadde sett ut, for vi fann dei ikkje der. Men då vi drog ut med snorkel fann vi oppsiktsvekkjande resultat. På fleire stasjonar var det like mykje eller meir asiatisk penselkrabbe enn den norske strandkrabben, seier Husa.
Den asiatiske penselkrabben er vurdert av Artsdatabanken til å utgjere ein høg risiko, fordi han blir talrik og spreier seg raskt.
– Den asiatiske penselkrabben er altetande, og kan gi den norske strandkrabben konkurranse i matfatet, åtvarar Husa.
Har funne to nye dørstokkartar
I tillegg til dei asiatiske penselkrabbane fann havforskarane to nye dørstokkartar, det vil seie framande artar som forskarane hadde forventa at kunne etablere seg i norsk natur: Muslingen Rangia cuneata, som i utgangspunktet lever i Mexicogulfen, og anemonen Diadumene lineata.
– Det er funne to nye dørstokkartar langs kysten vår på berre nokre veker, i tillegg til større utbreiing av den asiatiske penselkrabben enn vi var kjende med. Når vi veit kor viktig det er å oppdage framande artar tidleg for å kunne avgrense skaden dei påfører norsk natur, understrekar dette betydninga av å overvake situasjonen tett, seier havforskar Vivian Husa.
Reglar for skipstrafikk viktige
Mange framande artar har komme til Noreg via ballastvatn eller festa på skipsskrog. Viktige tiltak er derfor å innføre strengare reglar for vasking av skipsskrog, og meir kontroll med kvar skipa har vore før. For ballastvatn har det komme internasjonale reglar som har hatt god effekt, medan det står att ein del arbeid for å avgrense spreiing gjennom artar som festar seg på skipsskrog.
Sjøfartsdirektoratet jobbar no med ei ny forskrift for Noreg, som skal redusere risikoen for å spreie framande artar med skip.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Vosso-laksen svekket av oppdrettsgener15.11.2024 08:06:04 CET | Pressemelding
Laks med innblandede gener fra oppdrettsfisk er mindre levedyktig enn villaks i Vossoelva, men fortrenger likevel villaksen, viser ny studie.
Vosso-laksen svekka av oppdrettsgen15.11.2024 08:05:31 CET | Pressemelding
Laks med innblanda gen frå oppdrettsfisk er mindre levedyktig enn villaks i Vossoelva, men fortrengjer likevel villaksen, viser ny studie.
No skal vi kjeldesortere meir på jobben13.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Frå 1. januar 2025 skal vi kjeldesortere fleire typar avfall, også på jobben.
Nå skal vi kildesortere mer på jobben13.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Fra 1. januar 2025 skal vi kildesortere flere typer avfall, også på jobben.
Truleg ny botnrekord for laksefisket12.11.2024 17:33:10 CET | Pressemelding
Årets laksefiske ser ut til å bli dårlegare enn nokon gong, viser nye tal. – Stenginga av 33 lakseelvar i juni var nødvendige, seier miljødirektør Ellen Hambro.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom