Kartverket gir seg ikkje, gjentar Nyvember-suksessen
Språkrådet har kunngjort årsresultata over korleis statlege verksemder handhever språklova. Sjølv om Kartverket ikkje tar statleg og staseleg gull i 2023, er ikkje kampen over for 2024.

– Vi tar Språkrådet sine resultat til oss og køyrer på – tradisjonen tru – med «Nyvember» i 2024. Satsinga der gjer at vi jobbar ekstra med nynorsk som skriftspråk. Da bruker vi aktivt nynorsk i alle kanalane våre, seier kommunikasjonsdirektør Synne Storvik.
Språkrådet opplyser at Kartverket nesten oppfyller kravet om veksling i skriftspråk på nett, og at 25 av 43 (53 prosent) av sjølvbeteningsløysingar hos etaten finst på både nynorsk og bokmål. Storvik påpeiker at Kartverket har eit løpande arbeid med å få alle sjølvbeteningsløysingar tilgjengelege på begge skriftspråk.
– Vi jobbar stadig for at skjemaløysingane våre er tilgjengelege på både bokmål og nynorsk. Når nye skjema og løysingar blir lanserte, legg vi vekt på å bruke begge delar slik at brukarar over heile landet kan nytte tenestene våre på sitt eige skriftspråk.
Oppnår krava om veksling i sosiale medium
På sosiale medium har Kartverket med god margin klart å nå målet om veksling, med ein nynorskbruk på 32 prosent i 2023. Til samanlikning låg Kartverket i 2022 på mellom 18 og 29 prosent (tidlegare vurderte ein sosiale medium enkeltvis).
Språklova §13 seier at offentlege verksemder over tid skal bruke minst 25 prosent av både nynorsk og bokmål.
– Samtidig lover teamet vårt på sosiale medium å halde fram med innsatsen om å bruke begge skriftspråk i innhaldet, seier digital redaktør Åsgeir Størdal i Kartverket, og gir ros til medarbeidarane:
– Vi er eit lite lag om jobbar med sosiale medium, men vi hugsar å legge vekt på mangfaldig språkbruk i innhaldet vi lagar. I det daglege held vi løpande oversikt over kva målformer som blir brukt, og prøver så godt vi kan å bruke begge jamt og trutt.
Nyvember står for dør
Når november startar, har Kartverket for tradisjon å legge ekstra vekt på nynorsk. Då får dei rundt 800 tilsette ei ekstra utfordring, og jobbar for at alt av tekst som blir produsert, både internt og eksternt, skal skrivast på nynorsk.
For nynorskbrukarene i Kartverket er det kanskje ikkje så mykje nytt, men for dei som elles bruker bokmål er dette ei utfordring dei tar på strak arm.
– Det er nok litt uvant for bokmålsbrukarane, men det er godt engasjement rundt tradisjonen. Sjølv om det kanskje blir litt språkleg krøll for nokre, er det berre bra for dei fleste å bruke eit skriftspråk mange nok ikkje har brukt sidan skuledagane, seier Størdal.
Nøkkelord
Kontakter
Sissel Kanstadpresseansvarlegkommunikasjonsavdelinga i Kartverket
Tel:51 85 88 28Tel:99 51 38 48sissel.kanstad@kartverket.noBilder

Lenker
Om oss
Kartverket blei etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg som framleis er i drift. Oppgåvene våre har endra seg i takt med digitaliseringa av samfunnet. Vi er ei morderne og innovativ verksemd med blikk for framtida.
Følg pressemeldinger fra Kartverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kartverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kartverket
Nye sjøkart gir sikrere seilas i Hammerfest havn26.9.2025 15:26:45 CEST | Pressemelding
Innseilingen til Hammerfest havn blir enda tryggere etter at Kartverket denne uken ga ut nye elektroniske sjøkart. Kartene gir en bedre og mer detaljert oversikt over dybdeforholdene i havna.
Hva skjer når satellittsignaler forsvinner?15.9.2025 13:12:06 CEST | Pressemelding
Norge settes på prøve. Denne uken tester Kartverket sårbarheter i den kritiske infrastrukturen for posisjonsdata under Jammertest 2025 på Andøya.
Slik skal Norge få mer oversikt over arealbruken3.7.2025 15:24:17 CEST | Pressemelding
Hvordan vi bruker arealene våre, har stor betydning for miljøet og kommende generasjoner. Nasjonalt grunnkart for arealanalyse gir avgjørende kunnskap. En samarbeidsavtale mellom Kartverket, NIBIO, Miljødirektoratet og SSB skal sikre videreutvikling av verktøyet.
Svalbard har fått nytt høydegrunnlag30.6.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
En ny vertikal referanseramme gir mer presise høyder på Svalbard. Dette styrker kartlegging, overvåking av klimaendringer og beredskap i Arktis.
Grensa mot Finland er gått opp for en generasjon24.6.2025 07:30:00 CEST | Pressemelding
Etter tre år med feltarbeid langs den 736 km lange riksgrensa mellom Finland og Norge, ble den siste inspeksjonen av arbeidet i terrenget fullført i juni. Nå er grensa definert for de neste 25 årene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom