Fire entreprenørar er kvalifisert for konkurranse om å bygge ny Røldalstunnel
11.10.2024 14:40:09 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen har kvalifisert fire aktørar til konkurransen om å bygge ny Røldalstunnel på E134 mellom Røldal og Seljestad.

Dei fire leverandørane som er kvalifiserte til å levere tilbod er:
- AF Gruppen Norge AS
- Hæhre Entreprenør AS
- JV Røldalstunnelen Metrostav Norge AS og Bertelsen & Garpestad AS
- JV Leonhard Nilsen & Sønner AS og Obrascòn Huarte Lain, S.A.
Ut av dei seks entreprenørane som innleiande ønska å delta i konkurransen har ein aktør blitt avvist og ein aktør trekte interessa for deltaking i anbodskonkurransen. Det var den Italienske entreprenøren Itinera som blei avvist grunna kjennelse i Oslo tingrett der Vegvesenet fekk medhald i saka (lenke). JV Implenia Norge as og TT Anlegg as har trekt seg frå konkurransen.
Dei kvalifiserte entreprenørane har tida fram til 31. januar på å levere endeleg tilbod på kontrakten, og det vil bli tildeling av entreprise og kontraktinngåing i mars. Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen er svært nøgd med interessa som blir vist prosjektet, og ser fram til prosessen fram mot val av entreprenør.
– Det er utruleg kjekt at vi får ha med oss fire solide aktørar inn i anbodskonkurransen. Dei har alle god erfaring og kompetanse til å kunne utføre utbygginga, og det legg grunnlaget for ein spanande prosess fram mot tildeling av hovudentreprisen.
Vidare forhandlingar og tildeling av entreprise
Prosjektet er lyst ut som totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av eitløps-tunnel med tilknyting mellom Seljestad og Røldal. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten har ein verdi på 2,5 milliardar ekskl. mva og omfattar:
- 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
- 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
- Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
- Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.
– Det blir spanande å få starte opp forhandlingane nå fram mot jul. Spesielt spanande blir det å sjå korleis dei ulike tilbydarane stiller seg til kravet om bruk av elektriske maskinar i drifta, utdjupar Lykkebø.
Etter overordna mål om å streve etter utsleppsfrie anleggsplassar er ei av føringane i prosjektbeskrivinga at entreprenøren skal ta i bruk ein betydeleg mengde elektriske maskinar i drifta. Med god tilgang på utbygd kraftnett i nærleiken er tilhøva gode for elektrisk anleggsdrift.
God framdrift i arbeidet med førebuande entreprise
Det førebuande arbeidet som blir utført av Bdr. Flatebø AS består av etablering av ny bru over elva på Seljestad. Her skal det etter kvart bli etablert nytt parkeringsanlegg sør for elva på Seljestad, saman med nytt drikkevassanlegg.
Denne veka blei arbeidet med støyp av nytt brudekke gjennomført. Store mannskapar stod på onsdag i sving for å fylle forskalinga med 100 m3 betong, og med etableringa av brudekket har ein nå bunde saman dei to sidene av elva på Seljestad. Neste steg i arbeidet er ferdigstilling av vassforsyning, før det vil bli gjort avsluttande betongarbeid.
Kontakter
Frode LykkebøProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging
Tel:91595865frode.lykkebo@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nå åpner det nye servicebygget på Ersfjordstranda21.8.2026 14:27:40 CEST | Pressemelding
Torsdag 27. august åpner Statens vegvesen, i samarbeid med Senja kommune, et nytt turistvegprosjekt på Ersfjordstranda langs Nasjonal turistveg Senja.
Markerte åpningen av E39 Osli-Hove21.8.2026 13:46:31 CEST | Pressemelding
Den oppgraderte strekningen på E39 mellom Osli og Hove er åpnet. Prosjektet gir bedre framkommelighet, økt trafikksikkerhet og et mer robust transportsystem på Nord-Jæren.
Stenger Strynefjellet éi natt20.8.2026 16:13:44 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen stenger rv. 15 Strynefjellet natt til tysdag 25. august.
Presseinvitasjon: Transport- og kommunikasjonskomiteen besøker Møre og Romsdal 26.-27. august20.8.2026 14:52:29 CEST | Pressemelding
Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget besøker Møre og Romsdal. Besøket skal gi komiteen eit nærare innblikk i dei største og viktigaste samferdselsprosjekta og -utfordringane i fylket.
Ett år uten skader på vegprosjektet i Sarpsborg20.8.2026 14:00:42 CEST | Pressemelding
Rv. 22 Hafslund-Dondern prosjektet i Sarpsborg feiret gledelig denne bragden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom