Norges idrettshøgskole

– Vi må erkjenne at idretten er ein risikosone for overgrep

Del

NIH-forskarar har undersøkt om kor godt «Trygg på trening», eit kurs utvikla av Redd Barna, har fungert. – Vi er bekymra for at kurset ikkje har nådd godt nok ut til klubbane, seier Redd Barna.

Kvinne holder foredrag foran forsamling
Forskar og vikarierande leiar for Forskningssenter for barne og ungdomsidrett, Hanne Sogn, la fram sluttrapporten hos Redd Barna tysdag. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. NIH

1 av 20 barn har blitt utsett for seksuelle overgrep i Norge og vi vet at overgrep og vald skjer på idrettsarenaer rundt om i landet.  

Etter initiativ frå klubbar utvikla derfor Redd Barna i samarbeid med Nok. Bergen, eit kurs for å gje meir kunnskap til vaksne i idretten.  

– Eit viktig tiltak er at dei må få kunnskap om kva vald og overgrep er. Dei vaksne idretten må vite kva dei kan gjere for å forebygge. Trygge vaksne gir også trygge barn, seier Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas Norgesprogram. 

NOK. Bergen er eit tverrfagleg, gratis og lågterskel hjelpetilbod til alle personar som har vore utsett for seksuelle overgrep og dei pårørande deira.

For få har tatt kurset 

For tre år sidan var kurset «Trygg på trening» i gang, og heile vegen har forskarar frå Forskingssenter for barne og ungdomsidrett fylgd prosjektet.  

Målet var at objektive forskarar skulle sjå prosjektet utanfrå og evaluere om kurset når dei måla dei har sett seg. 

I dag var det tid for å konkludere på Redd Barna-huset på Løren i Oslo.  

– Fleirtalet av kursdeltakarane har fått ny kunnskap som dei ikkje har vore bevisst på før, men dei tvilar på at dei har fått meir handlingskompetanse, fortel forskar Hanne Sogn på framlegginga av rapporten.  

Les meir om Trygg på trening-kurset her

Det positive er at kursdeltakarane er fornøgd med innhaldet og har fått ny kunnskap. Dei meiner det viktigaste er at temaet faktisk blir sett på agendaen. 

På den andre sida ser forskarane at det er for få som har fått moglegheita til å ta kurset.  

Planen var at kurset skulle vere sjølvimplementerande. Det vil seie at klubbane skulle få tilgang til kursmateriell og sjølv halde kurset for dei andre tilsette og frivillige i klubben.  

Det har ikkje skjedd.  

– Det har vore ein utfordring med å engasjere klubbane. Vi etterlyser at Norges Idrettsforbund tar et overordna ansvar, og at særforbund og idrettskretser også ser sinn rolle i dette, seier Sogn.  

Berre 11 av 55 særforbund 

Det er berre 11 av 55 særforbund som har vore involvert.

Forskarane såg også at NIF tok lite ansvar for å spreie informasjon i startfasen og det var få ressursar som var sett av til prosjektet.

Noko som kan ha fått konsekvensar for korleis kurset har verka på klubbnivå. Til trass for dette, fortalte klubbane som har vore involvert, at kurset var svært nyttig.

Både innhald og struktur fekk toppkarakter. 

Anbefaler å vidareføre kurset 

I den ferske rapporten kjem dei med ei rekkje anbefalingar til idretten og til Redd Barna som står bak kurset for å nå ut til fleire med den viktige kunnskapen framover.  

– Vi anbefaler å vidareføre kurset basert på tilbakemeldingane vi har fått frå aktørane. Temaet må på agendaen, til trass for at klubbane påpeikar at ein manglar tid. Det verkar som om prosjektet har sett i gang nokre prosessar i NIF og i idretten generelt som gjer ein meir bevisst på problemstillinga, seier Sogn.  

Forskargruppa tilrår også at Redd Barna held fram med å vere til stade i idretten og påverke dei til at fleire kurs blir halde. Dei meiner at ein moglegheit kan vere å legge kurset inn i allereie etablerte utdanningsløp i idretten, som trenarattesten.  

Må ikkje vere naive 

Monica Sydgård i Redd Barna er glad for å høyre at idretten har fått meir kunnskap og blitt meir bevisste.  

– Det er litt av bakgrunnen for at vi sette i gang prosjektet. Vi veit at meir kompetanse om vald og overgrep blant vaksne kan vere med å forebygge, seier Sydgård.  

Samtidig er ho bekymra over at kurset ikkje har nådd tilstrekkeleg ut i klubbane. 

– Det er vondt å seie det, men vi må erkjenne at idretten er ein risikoarena. Dei som gjer overgrep mot barn søkjer seg til plassar der dei får tilgang på barn. Vi må ha tillit, men vi kan ikkje vere naive og må tenkje annleis om sikkerheit, seier Sydgård.  

Ho håpar idretten vil ta dette vidare og jobbe med å inkludere kurset i trenarattesten og lage eit register over kven som har gjennomført kurset.  

Assisterande generalsekretær i Norges idrettsforbund, Else Marthe Sørlie Lybekk, takka for rapporten og Redd Barnas initiativ, og understrekte at NIF vil jobbe vidare med Trygg på trening, basert på resultat frå følgeforskinga. 

– Idretten skal vere ein trygg stad å høyre til. NIF vil ta kapteinsansvar, sette retninga og gå framfor, seier Lybekk.  

Gjensidige-stiftinga har finansiert store delar av følgeforsking-prosjektet.  

Forskargruppa har bestått av Hanne Sogn, Åse Strandbu, Lotte Stang Aune og Nina Sølvberg. Dei har gjort deltakande observasjon, fokusgruppeintervju og intervju med både kursdeltagere, kurshaldarar, ansvarlege i særforbund, NIF, idrettskrinsar og Redd Barna.

Les heile rapporten her

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye