Helse Vest RHF

Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi

Del

Helse Vest RHF har inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetidene.

Avtalen omfattar 300 operasjonar og gjeld frå 1. oktober 2024 til 31. mars 2025. Det er moglegheit for å forlenge avtalen ved behov.  

I samband med ventetidsløftet er Helse Vest og helseføretaka på Vestlandet i gang med å identifisere område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private. Helse Vest og helseføretaka gjer då ei vurdering av behov for kjøp frå private eller auke aktiviteten for avtalespesialistar, sett opp mot tiltaka sjukehusa gjer for å redusere ventetidene. 

Avtaler med private leverandørar av helsetenester:

Helse Vest RHF kjøper helsetenester frå fleire private og private ideelle verksemder. 

  • 240 privatpraktiserande spesialistar, 119 innanfor somatikk og 121 innanfor psykisk helsevern (per desember 2023).
  • sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i helseregionen.
  • tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, nytta av pasientar frå Helse Vest.
  • to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon.
  • ein privat leverandørar av laboratorietenester.
  • to avtalar leverandørar av radiologitenester.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, fortel at Helse Vest og helseføretaka på Vestlandet er i gang med å identifisere område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private.
Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, fortel at Helse Vest og helseføretaka på Vestlandet er i gang med å identifisere område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private.
Jorunn Busk
Last ned bilde

Lenker

Om Helse Vest

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye