Kommunane kuttar utslepp med Klimasats-støtte
Kommunar i heile landet får Klimasats-støtte til lokalt tilpassa løysingar som kuttar klimagassutslepp. Sjå kven som får støtte i 2024.

Miljødirektoratet fekk over 400 søknader om Klimasats-støtte i 2024. No er søknadene vurderte, og potten på 270 millionar kroner i år blir fordelte på 227 prosjekt.
– Noregs klimamål er ambisiøse, og utan kommunane vil vi ikkje lykkast. Det er derfor svært gledeleg å sjå at så mange kommunar jobbar for å kutte utslepp av klimagassar. Gjennom Klimasats ønskjer vi å hjelpe kommunane å komme i gang med nye, innovative og lokalt tilpassa prosjekt. Dette gir resultat i form av utsleppskutt og omstilling, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
– Eg er imponert over dei mange prosjekta i søknadsbunken i år. Kommunar og fylkeskommunar løyser komplekse utfordringar og kuttar utslepp på heilt nye måtar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Lenkje: Søk på kommunen din i lista over nye Klimasats-prosjekt her
Banebrytande lokale prosjekt
Klimasats-ordninga vart oppretta i 2016. Dei første åra var mange av prosjekta relativt enkle, som å etablere ladepunkt for kommunale tenestebilar for å skifte ut fossilbilar med elbilar. No får vi mange søknader der kommunar og fylkeskommunar bruker rollene som styresmakt, der dei eig og driftar, kjøpar inn og er samfunnsutviklar for å redusere utslepp i mange sektorar, til dømes innan vass- og avløp, bygg og anlegg og areal- og transportplanlegging.
– Effektivt lokalt klimaarbeid krev utvikling av metodar og verktøy, systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar og samarbeid på tvers av kommunegrenser, og mellom offentleg sektor og privat næringsliv. Det gjer kommunane i mange av Klimasats-prosjekta, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Kommunane avgjerande for å nå klimamål
Samtidig er det stort behov for at endå fleire kommunar jobbar systematisk med klimatiltak i alle sektorar. Rapporten "Klimatiltak i Noreg – kunnskapsgrunnlag 2024" beskriv 75 tiltak som kan redusere norske utslepp med meir enn 60 prosent innan 2035. I halvparten av tiltaka må kommunane eller fylkeskommunane bruke éin eller fleire av rollene sine for at heile klimaeffekten som er berekna i tiltaka skal utløysast. I mange av dei resterande tiltaka kan eller bør kommunen ta grep for å gjere det lettare å kutte utslepp av klimagassar.
– Det er stor grad av frivilligheit i klimaarbeidet i kommunane. Det betyr at kommunane sjølv bestemmer ambisjonsnivået, set mål og følgjer opp resultata på klimaområdet. Med avgrensa ressursar i kommunane og få absolutte krav til klimaarbeidet, har Klimasats-ordninga vore viktig for å få fart på det lokale klimaarbeidet, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Her er nokre døme frå dei 227 prosjekta som får tilsegn om støtte frå Miljødirektoratet i 2024:
-
Drammen kommune vil bruke fossilfrie røyr i vass- og avløpsprosjekt. Teknologien for fossilfrie røyr er relativt ny, men det er viktig å auke bruken av berekraftig biomasse som råstoff i kjemisk industri, særleg til produkt med lang levetid som bidreg til lagring av karbon. Kommunen ønskjer å bidra til auka tilgjengelegheit og lågare prisar ved å etterspørje dette produktet.
-
Indre Østfold kommune vil saman med Østfold fylkeskommune og kommunane Marker, Skiptvet og Rakkestad innføre samordna varedistribusjon. Kommunane vil at all transport av varer til kommunane går inn til ein felles terminal. Då kan transportmengda og tilhøyrande klimagassutslepp for transport av varer reduserast betydeleg.
-
Ringerike kommune skal saman med kommunane Asker, Bærum, Ullensaker, Krødsherad, Aurskog-Høland, Lillestrøm, Lørenskog, Nittedal og Drammen tilby meir klimavennleg mat og redusere matsvinn i helse- og omsorgssektoren.
-
Rogaland fylkeskommune vil gjenbruke gammal teglstein når dei skal utvide Øksnevad vidaregåande skule i Klepp. Fylkeskommunen skriv at ombruk av lokal teglstein kan redusere klimagassutslepp med 92 prosent samanlikna med ny teglstein.
-
Sortland Havn KF får støtte til eit forprosjekt for å utvikle drifta av hamna med nullutsleppsteknologi og sirkulære løysingar.
Om Klimasats-ordninga:
-
Støtteordning der kommunar, fylkeskommunar og Longyearbyen lokalstyre kan søkje støtte til å redusere klimagassutslepp og leggje til rette for omstilling til lågutsleppssamfunnet.
-
Sidan 2016 har Klimasats-ordninga støtta over 2000 prosjekt.
-
I 2024 fekk Miljødirektoratet 407 søknader frå 128 kommunar og fylkeskommunar, til ein samla søknadssum på 712 millionar kroner. Årets pott på 270 millionar kroner er no fordelt på 227 prosjekt i 89 kommunar og fylkeskommunar.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noLenker
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Klimasats-støtte til 99 prosjekter i kommuner og fylker4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Flere enn 45 kommuner og fylkeskommuner får til sammen 100 millioner kroner i støtte til klimatiltak. Se hvilke prosjekter som får støtte der du bor.
Klimasats-støtte til 99 prosjekt i kommunar og fylke4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Fleire enn 45 kommunar og fylkeskommunar får til saman 100 millionar kroner i støtte til klimatiltak. Sjå kva prosjekt som får støtte der du bur.
Stanser oppdraget med å felle bjørn i Jarfjord3.7.2025 15:51:27 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet stanser oppdraget med å felle bjørnen som skadet en mann i Finnmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom