Kulturminneprisen til vegvisare innan brearkeologi
Reidar Marstein og Per Dagsgard, to pionerar innan brearkeologi, har fått Riksantikvarens kulturminnepris for 2024.
– Det er ei stor ære å få heidra Reidar Marstein og Per Dagsgard med Riksantikvarens kulturminnnepris, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Eg har sjølv fått vere med Reidar og Per på tur, og sett det fantastiske arbeidet dei gjer på nært hald i den flotte fjellheimen, seier Geiran.
Reidar Marstein og Per Dagsgard har gjort ein uvurderleg innsats for å auka kunnskap om kulturminne og kulturhistorie på Noregs tak – i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Tusenvis av kulturminne er funnen, plotta med GPS og skildra, og delt med kulturminneforvaltinga og barn og unge i skulen.
Innverknaden deira går langt utover det lokale. Begge har gjort oppdagingar av nasjonal og internasjonal tyding. Begge er pionerar innan brearkeologi. Med klimaendringar og bresmelting som eit mørkt bakteppe har dei gått føre for å sikre den sårbare kulturarven i fjellheimen.
– Klimaendringa gjer at breane i Noreg smeltar i høgt tempo, og då blir fleire tusen år gamle kulturminne eksponert for vêr og vind. Per og Reidar bidreg til å sikre at desse spora ikkje går tapt, og at vi også i framtida kan sjå slike funn på museum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Fleire funn i Breheimen
I 1974, då Per var student, fann han eit komplett spyd med treskaft frå vikingtida, nyleg smelta ut av isen på Lendbreen i Breheimen.
I 2002 byrja Reidar å gjera funn ved iskanten. Han gjorde ei epokegjerande oppdaging i 2006, då han fann ein 3300 år gammal hudsko ved Langfonne i Jotunheimen - Noregs eldste sko.
Det brearkeologiske arbeidet i Innlandet
Hausten 2006 vart arkeologar i fylkeskommunen med Per og Reidar til Lendbreen i Breheimen og Langfonne i Jotunheimen. Dei vart vegvisarar og læremeistrar, og sidan den gong har det blitt samla inn 4000 brearkeologiske funn, dei eldste opptil 6100 år gamle. No er det også kome på plass eit brearkeologiske sikringsprogrammet, som er eit samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune (IFK) og Kulturhistorisk museum i Oslo (KHM).
Nysgjerrig på folk og funn
Uteliv var en naturleg del av oppveksten. Det var opplevingar på setra, fiske, jakt, bærplukking – og alt anna som høyrde tida til. Både Per og Reidar så tidleg at skogane og fjella var fulle av spor etter menneske. Dei vart nysgjerrige og spurde eldre folk og fekk meir kunnskap. I kvar fjellområda registrerte dei det dei så. Fleire og fleire kulturminne vart sette på kartet. Alt gjort på fritida.
I 2022 opna utstillinga "Frose i tid" på Norsk fjellsenter i Lom, med 100 av dei flottaste funna frå isen ut, inkl. spydet og skoen som Per og Reidar fann. Utstillinga er dagsaktuell med omsyn til klima og berekraft. Oppdagingane og registreringane som Reidar og Per har gjort har bidrege til heilt ny kunnskap om livet på Noregs tak frå steinalder og fram til vår tid. Dei har delt av kunnskapen sin på alle vis, gått føre og inspirert allmenta og det arkeologiske fagmiljøet.
Juryen si grunngjeving
Som pionerar innan brearkeologi har Reidar Marstein og Per Dagsgard gjort ein uvurderleg innsats for å auka kunnskapen om kulturminne og kulturhistorie i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.
Oppdagingane og registreringane som Reidar og Per har gjort, har bidrege til heilt ny kunnskap om livet på Noregs tak frå steinalder og fram til vår tid. Dei har delt av kunnskapen sin på alle vis, og har vore vegvisarar og læremeistrar for kulturmiljøforvaltinga. Dei har og gått føre og inspirert allmenta og det arkeologiske fagmiljøet.
Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris:
2023: Sigurd Svendsen og Forbondeunioen
2022: Venner av Aurlandsdalen
2021: Møllstunet i Geiranger
2020: Inga Næss
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreininga Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegarden v/eigarane Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skule og handverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti
Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:
-
registrering, bevaring og/eller restaurering av kulturminne
-
formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
-
bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne
-
frivillig innsats for bevaring av kulturarven
Om prisen
Prisen består av eit kunstverk, diplom og 75 000 kroner.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder
Lenker
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Se oversikten: 164 søknader om kirketilskudd22.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Antallet søknader til kirkebevaringsfondet øker - fra hele landet.
Kraftig økning i søknader til fartøy og verdensarv21.11.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Søknadssummen for fem av Riksantikvarens tilskuddsordninger til kulturminner overstiger 1,1 milliard kroner for 2025.
- Vi treng betre beredskap for kulturarven1.11.2024 14:12:34 CET | Pressemelding
Riksantikvaren og Kulturdirektoratet er bekymra for kulturarven i Noreg. - Kultur og kulturarv er vår felles identitet, og må være ein del av den nasjonale beredskapen.
Nye funn bekrefter: Myklebustskipet var stort21.10.2024 14:21:09 CEST | Pressemelding
– Dette er kanskje Norges største vikingskip, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Ny oversikt over kulturmiljø og landskap i Telemark8.10.2024 11:58:26 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren sender no utkast til rapport for kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Telemark på høyring. Det er i alt forslag om 33 landskap i 14 kommunar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom