Oppmodar kommunar til å oppgradere utleigebustader
Husbanken har framleis tilskot som kommunane kan nytte til å gjere sine utleigebustader meir energieffektive. I tillegg til å spare utgifter til energi, vil slike oppgraderingar auke standarden i bustadene og gjere det betre for dei som bur der.
Husbanken har totalt 400 millionar kroner i tilskot til energitiltak i kommunalt disponerte utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar i 2024. Per 20. august er det gitt tilsegn på energitiltak som omfattar over 900 omsorgsbustader, 2300 sjukeheimsplassar og 1060 utleiegebustader.
Ramma for tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar er brukt opp, men kommunane kan framleis søke om tilskot til energitiltak i kommunale utleigebustader.
– Tilskotet skal gå til tiltak som reduserer behovet for kjøpt energi og til tiltak som produserer eigen, fornybar energi. Eksempel på tiltak er etterisolering av ytterveggar, utskifting av vindauge, varmepumper og solceller, seier seniorrådgjevar Berit Nyland i Husbanken.
Tilskotet blir berekna frå normerte verdiar
Tilskotet blir berekna ut frå normerte verdiar for kva det kostar å gjennomføre tiltaka. Maksimalt tilskot per prosjekt er fem millionar kroner.
– Det er mogleg å søke om tilskot til fleire prosjekt. På husbanken.no finst ein kalkulator som kan brukast til å utforske kor mykje kommunen kan få i tilskot til planlagde tiltak, fortel Nyland.
Førstemann til mølla
Det er ingen søknadsfrist for tilskotet, men Husbanken oppmodar kommunar til å søke snarast mogleg via søknadsløysinga på husbanken.no.
– Husbanken behandlar søknadene fortløpande så langt tilskotsmidla rekk, seier Nyland.
Tiltak må ferdigstillast innan eit år
Når kommunen har dokumentert at tiltaket er gjennomført i samsvar med vedtaket, vil Husbanken utbetale tilskotet. Beløpet som blir utbetalt er maksimalt 50 prosent av dei faktiske kostnadene i prosjekta. Kommunane som får tilsegn om tilskot i 2024, skal normalt ferdigstille tiltaka slik at tilskotet kan bli utbetalt innan eitt år frå tilsegnet er gitt.
Meir informasjon
Her finn du detaljert informasjon om tilskotsordninga: Tilskot til energitiltak i kommunale bustader (husbanken.no)
Nøkkelord
Kontakter
Are SaurenFungerende kommunikasjonsdirektør
Tel:+47 995 51 666are.sauren@husbanken.noFølg pressemeldinger fra Husbanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Husbanken
25 kommunar får tilskot til bustadtiltak i distrikta1.7.2024 12:53:40 CEST | Pressemelding
Husbanken deler ut 21 millionar kroner i tilskot til bustadtiltak i distrikta i 2024. Kommunane skal bruke pengane til å prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer for å auke tilgangen på bustader.
31 prosjekt får bustadsosialt tilskot1.7.2024 12:53:24 CEST | Pressemelding
Husbanken deler ut 14,7 millionar kroner i tilskot til bustadsosiale tiltak i 2024. Tilskotet går til prosjekt som bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilt på bustadmarknaden, og at fleire kan skaffe seg ein god bustad.
13 studentar får masterstipend frå Husbanken1.7.2024 12:52:57 CEST | Pressemelding
Er det samanheng mellom energiklasse og marknadsverdien av bustader? Kan interiørarkitektur hjelpe folk å bli buande heime lenger? Og kan bygdevekstpilotar fremje bygdevekst? Dette er nokre av spørsmåla masterstudentar med stipend frå Husbanken skal søke svar på.
Mer penger til Husbanken i revidert nasjonalbudsjett20.6.2024 11:03:33 CEST | Pressemelding
Tre milliarder mer i låneramme, flere studentboliger og styrking av bostøtten, er blant endringene på Husbankens område etter forliket mellom regjeringen og SV om revidert nasjonalbudsjett.
No kan kommunane søke om tilskot til energitiltak16.5.2024 09:42:29 CEST | Pressemelding
I statsbudsjettet for 2024 løyva Stortinget 300 millionar kroner i tilskot til energitiltak i kommunalt disponerte utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. No kan kommunane søke om tilskot via søknadsløysinga på husbanken.no.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom