Vøringsfossen med nytt anlegg Fossatromma, opnar 18. september
1.9.2024 14:26:22 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Etter 30 år med planlegging og utviklingsarbeid avsluttar no Statens vegvesen den tredje etappen av reiselivsikonet Vøringsfossen, langs Nasjonal turistveg Hardangervidda.

Vøringsfossen er kanskje den mest kjende fossen i landet. Her stuper store vassmengder 182 meter frå Hardangerviddeplatået ned i Måbødalen. Etter å ha utvikla destinasjonen Vøringsfossen med to tidlegare utbyggingsetappar, kompletterer Statens vegvesen i år attraksjonen med eit stort parkeringsanlegg med elbil-lading, offentleg toalett, utsiktspunkt og landskapsarbeid på Fossatromma.
Besøkjande vil med dette kunne oppleve Vøringsfossen og Måbødalen frå nye perspektiv, og det nedre platået på Fossatromma blir nå tilgjengeleg frå det øvre området ved Fossli via den spektakulære trappebrua over elva Bjoreio og den gamle kløvvegen.
I 2009 vann arkitekt Carl Viggo Hølmebakk ein designkonkurranse for Vøringsfossen. I 2015 vart første fase i utbygginga byrja på Fossli med stiar, toalett, parkering og fleire utsiktspunkt mot fossen og dalen.
Andre etappe med den internasjonalt omtalte trappebrua over fossen mellom Fossli og Fossatromma vart opna i 2020. Den tredje etappen med tilrettelegginga av Fossatromma får no altså ei offisiell opning i september 2024.
Heile anlegget består dermed av over ein kilometer sikra sti, fleire spektakulære utsiktspunkt, store og små bruer, to servicehus, samt romslege parkeringsplassar, der den eine tilbyr lading for elbilar.
Opning, onsdag 18. september 2024, kl. 12.00
Program:
• Musikkinnslag v/gruppa «Bakartaus»
• Velkomen v/Per Ritzler, Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen
• Arkitekturen v/ Carl Viggo Hølmebakk, Hølmebakk Øymo
• Byggjeprosessen v/ Kjersti Wold, Driv Prosjektstyring
• Silje Myhre Amundsen, leiar Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen
• Byggjeprosessen v/ Ola Ulvolden, Brun Bygg
• Reiselivet v/ Marit Stadheim, Visit Eidfjord
• Opning v/ Timo Knoch, ordførar i Eidfjord kommune
• Servering v/Fløy bakeri
Arkitekt: Hølmebakk Øymo /Entreprenørar: Mesta AS og Brun Bygg AS / Byggherre: Statens vegvesen
Gjennom 30 år har Statens vegvesen tilrettelagt atten utvalde naturskjøne strekningar langs fjell, foss, kyst og fjord. Nyskapande arkitektur i form av rasteplassar, utsiktsramper og servicebygg saman med tankevekkjande kunst inspirerer og begeistrar vegfarande frå både inn- og utland. Tilrettelegginga av attraksjonen Nasjonale turistvegar bidrar til verdiskaping i reiselivsnæringa i tråd med føremålet med satsinga.
Kontakter
Per RitzlerSeniorrådgiverStatens vegvesen, Nasjonale turistveger
Tel:911 04 480per.ritzler@vegvesen.nowww.nasjonaleturistveger.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E39 ved Vigeland stenges i fire uker2.10.2026 11:59:10 CEST | Pressemelding
E39 ved Vigeland blir stengt på dagtid fra 5. til 30. oktober mens Statens vegvesen gjennomfører fjellsikringsarbeid. Trafikken blir ledet via fylkesveg 460 og fylkesveg 4054 gjennom sentrum.
Ny døgnkvileplass i Seljord bidreg til grøn tungbilsatsing i Telemark2.10.2026 08:46:10 CEST | Pressemelding
Ein ny døgnkvileplass i Seljord står klar til å ta imot tungbilsjåførar på veg gjennom Telemark.
Trygg høstferie bak rattet starter før du setter deg i bilen1.10.2026 09:25:49 CEST | Pressemelding
Mange skal ut på veiene i høstferien. Men husk at høstværet kan være lunefullt! Det er lurt å være godt forberedt, særlig om du skal på fjellet.
Stenger rv. 41 Ljosåna-Gauslå fra 2. oktober1.10.2026 08:15:00 CEST | Pressemelding
På grunn av utbedring av strekningen Ljosåna-Gauslå mellom Herefoss og Gauslå, blir rv. 41 stengt fra fredag 2. oktober kl. 18.00 og frem til midnatt 11. oktober.
Alvorlig utvikling: Høyeste dødstall på ti år1.10.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
12 mennesker mistet livet på norske veier i september. Halvparten av dem hadde ikke fylt 30 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom