NVE gir løyve til å bygge to transformatorstasjonar i Kvinnherad
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Statnett SF og Fagne AS løyve til å bygge dei to transformatorstasjonane Onarheim og Øyra på Husnes i Kvinnherad kommune.

Bakgrunnen for vedtaket er at dagens Husnes transformatorstasjon er gammal og utdatert, samt at det er forventa ei auke i kraftforbruk i underliggande nett. Denne auka i regionalnettet krev meir transformatorkapasitet.
Bygginga av stasjonane vil leggje til rette for ei framtidsretta utvikling av kraftnettet, auka forbruk i regionen og tilknyting av fornybar kraftproduksjon. Betre transformatorkapasitet vil og betre forsyningstryggleiken i området. NVE meiner tiltaka er naudsynt, og at ulempene ved tiltaka kan avbøtast på ein god måte.
Statnett planlegg desse endringane på Husnes
Statnett skal bygge Onarheim transformatorstasjon som eit utandørs anlegg med spenningsnivå på 420 kV. Den nye stasjonen skal erstatte eksisterande Husnes transformatorstasjon og byggast rett vest for industriområdet Hydro Husnes. Husnes transformatorstasjon skal behaldast som eit koplingspunkt i nettet.
Løyvet omfattar òg endringar på dagens Husnes transformatorstasjon og på kraftleidningar som går inn til Husnes stasjon, men som i framtida skal gå inn til Onarheim stasjon. Det gis vidare løyve til å rive delar av leidningane frå Blåfalli. Dette gjeld eit strekke frå Hellandslia og inn til Husnes stasjon. I anleggsperioden vert det òg gitt løyve til ei midlertidig omlegging av leidningstraseen på sørsida av dagens trasear frå Blåfalli.
Fagne byggar innandørs anlegg
Fagne sin Øyra transformatorstasjon skal byggas som eit innandørs anlegg med spenningsnivå på 132 kV. Stasjonen skal plasserast øst for og i tett tilknyting til Onarheim stasjon. Det er og gitt løyve til å bygge nye leidningsforbindelsar mellom stasjonane Øyra, Onarheim og dagens Husnes stasjon.
NVE gir òg oreigningsløyve (ekspropriasjon) til Statnett og Fagne for naudsynt grunn og tilkomst slik at dei kan gjennomføre tiltaka. Oreigningsløyvet gjeld naudsynt bruksrett i kraftleidningstraseen, riggplassar, massedeponi, åtkomstvegar og eigedomsrett til tomt for transformatorstasjon og tilkommeveg.
Krav om detaljplan
NVE har stilt vilkår om at Statnett og Fagne skal utarbeide ein detaljplan som syner korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å minimere verknadene for lokalsamfunnet. Verknadene er primært knytt til visuelle verknader, friluftsliv, naturmangfald, arealbruk og inngrep i vassdrag. Planen skal godkjennast av NVE før arbeidet kan starte.
Les meir om Onarheim transformatorstasjon og Øyra transformatorstasjon.
Nøkkelord
Kontakter
Ingrid Myrtveit, seksjonssjef for nettkonsesjonar
E-post: inmy@nve.no
Tlf: 22 95 93 28
Rune Sakariassen, sakshandsamar
E-post: runs@nve.no
Tlf: 22 95 92 68
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE anbefaler tillatelse til nytt kraftverk i Sarpsfossen27.6.2025 14:00:50 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) anbefaler at Hafslund Produksjon AS og Sarpsfoss Limited får tillatelse til å bygge Sarp 2 kraftverk i Sarpsfossen, med strenge krav til å håndtere naturfare.
NVE tilrår tiltak for å ivareta fisken i Finndølavassdraget26.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE tilrår minstevassføring heile året i Bondøla. Bondøla er eit viktig sidevassdrag til Finndøla, med potensielle gyte- og oppvekstområde for storaure og sik frå Fyresdalsvatnet.
NVE fastsetter utredningsprogram for reindrift og nett i Finnmark25.6.2025 15:49:53 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat har nå fastsatt utredningskrav om reindrift for de 11 vindkraftsakene i Finnmark. Samtidig er det satt krav til hva som må utredes for to kraftledninger i fylket.
NVE gir Bjørøya AS overtredelsesgebyr på tre millioner kroner24.6.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat gir gebyret til Bjørøya AS for å med forsett ha bygget elektriske anlegg uten nødvendig tillatelse. Dette er en av flere saker det siste året hvor NVE gir gebyr for ulovlig utbygging av kraftnett.
NVE gir 40 nye kraftanlegg status som listeførte kulturminner24.6.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Med de 40 nye anleggene, er det totalt 270 kraftanlegg som er listeført som kulturminner av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom