Stor utanlandstrafikk i sommar

Del

4,9 millionar reisande nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med juli i fjor. Ein stor del av veksten kjem av utanlandske turistar til Noreg. Det samla talet på flygingar er tilnærma uendra samanlikna med fjoråret.

Foto: Avinor / Øystein Løwer
Foto: Avinor / Øystein Løwer

Det er utanlandsdelen av persontrafikken som aukar, med heile 7 prosent. Innlands persontrafikk gjekk tilbake med 1 prosent samanlikna med juli i fjor.

– Juli-trafikken på utland har vore sterkare enn det vi forventa ved inngangen til sommaren. Det er tydeleg at både nordmenn som søkjer varmare strok og utanlandske turistar som søkjer “kjølegare opplevingar”, har gitt god vekst, seier direktør for trafikkutvikling i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

– Sjølv om vêrsjuke nordmenn utgjer ein del av veksten, ser det ut til at veksten i enda større grad er driven av utanlandske turistar. Det er ein trend vi reknar med vil halde fram i åra som kjem, seier Riise.

Riise forklarar at nedgangen blant innanlands reisande i stor grad skuldast ein reduksjon i talet på flygingar, som igjen har ført til eit mindre tilbod i marknaden.

– Dette har vore ei utvikling som har gått over fleire månader, der innanlandsmarknaden har hatt ei svak utvikling sett opp mot fjoråret, men det positive ved dette er at flya som flyg er fullare enn før, held Riise fram.

Passasjertal og flyrørsler  
2 242 188 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 1 prosent færre enn i juli i fjor. 

Talet på reisande utanlands var 2 696 625, noko som er 7 prosent høgare enn juli førre året. 

Det var 62 092 flyrørsler i juli. Dette er meir eller mindre likt som i fjor, med ein endring på 0 prosent.  

Sjå fleire tal i vedlegga.

Høgsesong for droneflyging
Trafikktala for denne månaden var lågare enn tidlegare månader i år, men dobla seg samanlikna med 2023. I juli vart det meldt inn 2208 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar.

– Dette er ei dobling i talet på droneflygingar frå juli 2023. Sommaren er høgsesong for droneflyging, noko vi ser av desse tala, seier Mats Gjertsen, som leiar droneprogrammet til Avinor.

Her kan du sjå all trafikkstatistikk for Avinor: Trafikkstatistikk - Avinor

Nøkkelord

Kontakter

Pressetelefon (ikke SMS)Kun til bruk for journalister.

Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.

Tel:+47 918 15 614presse@avinor.no

Bilder

Dokumenter

Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.

Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.

Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.

Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.

- Avinors offentlige journal

Følg pressemeldinger fra Avinor

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Avinor

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye