Mikroplast i heile Barentshavet

Del

Forsøpling og mikroplast finst i heile Barentshavsområdet og påverkar sjøfuglar og dyreliv. Det viser ein ny rapport. 

Her frå ei strandrydding i Troms.
MARIN FORSØPLING: Store mengder plaster samlar seg i havet og langs kysten. Her frå ei strandrydding i Troms. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka. Foto: Bo Eide

– Kunnskapen vi no har samla viser at vi er nøydde til å vere føre var og setje inn tiltak som sikrar at Barentshavet har god miljøstatus også i framtida, seier Kjersti Gram Andersen, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.  

Saman med Havforskingsinstituttet og Norsk Polarinstitutt har Miljødirektoratet gått gjennom eksisterande kunnskap om marin forsøpling og mikroplast i og rundt Barentshavet.   

Rapporten viser at det er forsøpling og mikroplast i heile Barentshavsområdet. Forsøplinga stammar frå ei lang rekkje lokale, regionale og globale kjelder. Det er også mykje som tyder på at omfanget aukar.   

Mest frå fiskeri   

Fiskeri og skipsfart er anslått å vere dei største sjøbaserte kjeldene, medan dei største landbaserte bidragsytarane er avfall og avløpsvatn. Marin forsøpling langs strendene på Svalbard og langs Finnmarkskysten kjem i hovudsak frå fiskeria. Tap av utstyr under fiske, avkapp og taubiter er forsøpling som går igjen i fleire kartleggingar som er gjorde dei siste åra.   

– Havstraumar, havis som bevegar seg, luft, elvar og ulike levande organismar transporterer marint søppel og mikroplast til Barentshavet. Vi veit også at virvellause dyr og bakteriar festar seg på marint søppel og flyt over lengre distansar. På den måten bidreg forsøpling også til spreiing av potensielt framande artar til området, fortel havforskar Bjørn Einar Grøsvik frå Havforskingsinstituttet.   

Frå 29 til 95 prosent plast i magen  

Gjennomgangen viser at fuglar og andre sjødyr får i seg mikroplast og marint avfall.   

Havhesten på Svalbard er ein av sjøfuglane som har hatt ein stor auke av plast i magen sidan dei første målingane vart gjennomførte. Studiar viser at på 40 år har andelen havhestar med plast i magen auka frå 29 til 95 prosent. Plast er i dag funnen i magen til majoriteten av desse fuglane, og kartleggingar viser at havhesten også forar ungane sine med plast.  

– Nokre sjøfuglar og andre arktiske dyr kan både ete plast og bruke plast til reirbygging. Sjølv om vi treng meir kunnskap om plasten i Arktis, viser kunnskapen vi har no at vi er nøydde til å handle, seier Gram Andersen i Miljødirektoratet.  

I tillegg kan fisk og andre sjødyr vikle seg inn i tapte fiskereiskapar. Det er også fleire døme på at villrein på Svalbard har vikla seg inn i fiskereiskapar som er skylde opp på land.  

Den nasjonale overvakinga av mikroplast viser også at det er mikroplast i blåskjel frå nordområda. Mellom anna vart partiklar frå bildekk påvist i relativt høge nivå i desse blåskjela. 

Fleire tiltak på plass  

– Sjølv om vi har ei viss oversikt over omfanget av inntak av plast i dyr frå området, er det vanskeleg å gjere gode konklusjonar. Det er få studiar på same art, metodar har forandra seg over tid, storleiken på bitane er ulik frå studium til studium og få studiar har vorte gjenteken over tid. Men det som er sikkert er at vi finn mikroplast i dei fleste dyr som har vorte undersøkte, seier forskar Ingeborg Hallanger ved Norsk Polarinstitutt.  

Sjølv om vi framleis treng informasjon om omfanget av marin forsøpling og mikroplast i Barentshavet, understrekar rapporten at det er viktig å setje i gang tiltak no.  

– Det er allereie tiltak på plass eller i ferd med å bli sett i verk, som vil bidra til at forsøplinga frå fiskeria vil bli redusert. Mellom anna er produsentansvarsordning for fiskeutstyr og forbetringar av avfallssystem i hamn heilt avgjerande. Næringa sjølv gjer også ein innsats for å få ned plastavtrykket på hava dei lever av, seier Gram Andersen i Miljødirektoratet. 

Les rapporten her

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Her frå ei undersøking av ein fugl.
PLAST I MAGEN: Havhesten på Svalbard har hatt ein stor auke av plast i magen. Her frå ei undersøking av ein fugl. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka.
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye