Miljødirektoratet

Opnar 16 stengde lakseelvar – strammar inn i Varanger

Del

I Sør-Noreg opnar avgrensa laksefiske i 16 av 33 stengde elvar, og to av seks stengde sjøområde. I nord blir laksefisket stramma inn i Varangerfjorden.

16 av dei 33 elvane Miljødirektoratet stengde for laksefiske frå Trøndelag og sørover 23. juni, opnar frå midnatt natt til torsdag 11. juli for eit svært avgrensa fiske under strenge vilkår.  Biletet viser ein laksefiskar som kastar med fluge i Verdalselva (arkivfoto). Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka.
16 av dei 33 elvane Miljødirektoratet stengde for laksefiske frå Trøndelag og sørover 23. juni, opnar frå midnatt natt til torsdag 11. juli for eit svært avgrensa fiske under strenge vilkår. Biletet viser ein laksefiskar som kastar med fluge i Verdalselva (arkivfoto). Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka. Foto: Kim Abel/Naturarkivet.

–  Ei ny oppsummering av fangsttal og fisketeljingar viser at det framleis er nødvendig med ekstraordinære tiltak i laksefisket i elvane og fjordregionane frå Trøndelag og sørover, der fisket vart stansa 23. juni. I nord ser vi oss nøydd til å avgrense laksefisket i Varangerfjorden, inkludert sidefjordar og elvar som renn ut i dei, seier leiar for fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, Raoul Bierach.

  • Dei nye føresegnene om laksefisket, og vurderingane som ligg bak, er vedlagde pressemeldinga


Avgrensa opning i sør 

Miljødirektoratet har no konkludert om det vidare laksefisket i sommar i elvar og sjøområde, på bakgrunn av ei ny vurdering Norsk institutt for naturforsking (NINA) har gjort av innsig, oppvandring og fangst av laks hittil i sesongen. Oppsummeringa viser at innsiget av mellomstor og stor laks er urovekkjande svakt sør for Nordland. Mellomstor og stor laks er spesielt viktige fordi ein stor del av dei er holaks, som har mykje egg og produserer mange lakseungar. Det er heller ingen ting som tyder på at det har komme uvanleg mykje slik laks seint i sesongen. 

–  Vi delte elvane inn i tre grupper. Dei elvane som ikkje kunne gjenopnast for laksefiske, dei som var usikre, og dei som med rimeleg tryggleik kunne gjenopnast føresett eit forsiktig fiske ut sesongen, seier Raoul Bierach. 

Resultatet vart at 16 av dei 33 elvane Miljødirektoratet stengde for laksefiske frå Trøndelag og sørover 23. juni, frå midnatt natt til torsdag 11. juli blir opna for eit svært avgrensa fiske under strenge vilkår.  

–  I nokre av elvane vi stengde 23. juni tyder berekningane på at det allereie då var fisket meir laks enn elvane toler. Hadde vi venta med stenginga ville fleire elvar vore i same situasjon, medan andre hadde hatt mykje dårlegare grunnlag for fiske ut sesongen, seier Bierach. 

Laksefiske i sjøen i fjordregionane Åfjord og Namsfjorden blir no opna med halvert vekevis fisketid resten av sesongen, medan det framleis blir stengt for fiske i fjordregionane Indre Rogaland, Dalsfjorden, Nordfjord og Trondheimsfjorden. 

Strammar inn i Varanger 

Nord for Trøndelag blir det normalt teke mest laks i elvane frå juli og utover i sesongen. Fordi fangstane tidleg i juli kan variere mykje mellom år i dei ulike elvane, er det framleis meir uvisse om lakseinnsiget i nord enn i sør. NINA konkluderer i si vurdering med at det generelt ser betre ut i Troms og Vest-Finnmark enn i andre delar av landet. Etter fleire år med svakt lakseinnsig ser det i Varangerfjorden i Aust-Finnmark førebels ut til å bli endå færre laks enn før. Dette skjer sjølv om mange elvar allereie i fleire sesongar har vorte stengde før normal sesongslutt, etter lokale vedtak. Sjølaksefisket tek meir enn 70 prosent av fangstane i denne regionen, og har ikkje vorte innskrenka i same periode. Laksefisket i sjø i Varangerfjorden blir derfor redusert frå fire til to dagar i dei resterande to vekene av sesongen i år, inkludert Karlebotn, Kjøfjord, Bøkfjord og Jarfjord. I elvane som renn ut i Varangerfjorden med sidefjordar, blir laksefisket avslutta to veker før det som tidlegare har vorte bestemt. Det betyr at laksefisket stengjer 17. august i Komagelva, Skallelva, Vestre Jakobselv og Bergebyelva, og 1. august i Storelva, Munkelva, Haukelva, Braselva, Sandneselva, Klokkerelva og Nyelva.  

Bekymring for rømd oppdrettslaks 

Det har i år vore rømmingar av oppdrettsfisk i til dels stort omfang enkelte stader i landet. Fisken som rømmer kan blande seg med den ville laksen, og i tillegg vere berarar av fiskesjukdommar. Ein del har meldt bekymring til Miljødirektoratet over at det med stengt laksefiske i elvane heller ikkje blir fiska opp rømd oppdrettsfisk der. 

–  Utfisking av rømd fisk i elv er ofte lite effektivt, og spesielt tidleg i sesongen. I dei elvane der laksefisket no er stengt, og som er mest utsett for rømd fisk, vil vi derfor vurdere om det er nødvendig å gjere tiltak, seier Bierach.  

Elveeigarane må ta ansvar 

Denne sesongen har det komme få laks på over tre kilo til elvane sør for Nordland. Lenger nord er det meir lokal variasjon i kor mykje laks som har komme til elvane så langt. Derfor er det viktig at elveeigarane i heile landet følgjer godt med på kor mykje fisk som kjem og kor mange som blir fanga, og at dei avgrensar fisket der det er nødvendig.  

–  I tida etter at vi stengde laksefisket ein del stader er vi glade for at mange lokale elveeigarlag har følgt oppmodinga vår, og sendt oss melding om ekstra innstrammingar i fisket som dei allereie har innført eller skal innføre snart. Dei som enno ikkje har gjort noka vurdering av forholda for laksen i elva si, bør gjere dette snarast, seier Bierach. 

Her opnar laksefiske 

Av dei 33 elvane som vart stengde for lakse- og sjøaurefiske frå klokka 24 natt til søndag 23. juni, opnar desse 16 for eit svært avgrensa fiske frå midnatt natt til torsdag 11.juli:  

Agder: Tovdalselva, Otra, Mandalselva, Lygna. 

Rogaland: Figgjo, Vikedalselva. 

Vestland: Oselva, Daleelva, Gaula i Sunnfjorden, Åelva og Ommedalselva, Hjalma. 

Møre og Romsdal: Korsbrekkelva. 

Trøndelag: Nidelva, Stjørdalselva, Verdalselva, Namsenvassdraget inkludert Høylandsvassdraget og Sanddøla. 

Sjøområde stengde for laksefiske sidan 23. juni, som opnar for fiske med kilenot, lakseverp, stong og handsnøre frå 13. juli:  

Trøndelag: Åfjord og Namsfjorden. Vekevis fisketid med kilenot og lakseverp er måndag kl. 18 til onsdag kl. 18 i Åfjord og måndag kl. 15 til onsdag kl. 15 i Namsfjorden (15. juli til 28. juli).

Kontakter

Dokumenter

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye