25 kommunar får tilskot til bustadtiltak i distrikta
Husbanken deler ut 21 millionar kroner i tilskot til bustadtiltak i distrikta i 2024. Kommunane skal bruke pengane til å prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer for å auke tilgangen på bustader.
Husbanken har teke imot 57 søknader om tilskot til bustadtiltak i distrikta. Av desse har Husbanken og Distriktssenteret i fellesskap valt ut 25 prosjekt som får tilskot.
– Mange distriktskommunar har små bustadmarknader med låg omsetjing og lite nybygging. Tilskota vi gir, skal bidra til auka bustadbygging, eit meir variert butilbod og tilgang på fleire eigna bustader i distrikta, seier administrerande direktør i Husbanken, Jan Hjelle.
Bustadutvikling og transformasjon
Her er nokre eksempel på prosjekt som får tilskot:
Ål kommune har fått 550 000 kroner til å kartlegge drifts- og finansieringsmodellar for eit regionalt bu-pilotkontor i Hallingdal. Dei skal samarbeide med fleire kommunar og andre aktørar, og målet er eit politisk vedtak om finansiering og etablering av bu-pilotkontoret.
Rauma kommune har fått 330 000 kroner for å greie ut korleis ein tidlegare prestegardsbustad kan bli tilpassa framtidige behov i kommunen.
Træna kommune har fått 800 000 kroner til å stimulere bustadutviklinga, gjennom samarbeid med private aktørar og næringslivet. Kommunen skal sette i gong eitt nytt bustadprosjekt som kan møte det akutte bustadbehovet i kommunen, og legge grunnlaget for fleire prosjekt framover.
Skjåk kommune har fått 1 000 000 kroner til å vidareføre prosjektet «Prøvebu i Skjåk». Kommunen skal vidareutvikle prøvebu-prosjektet og konkretisere ulike finansieringsmodellar for huskjøparar.
Kriterium for å få tilskot
Husbanken og Distriktssenteret har prioritert prosjekt som vil utvikle nye samarbeidsformer, forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til auka tilgang til eigna bustader i distriktskommunar. For eksempel:
- Modellar for eige/dele/leige og sikring mot tap ved sal av nye bustader
- Nye måtar å samarbeide med utbyggarar og andre aktørar på, for å styrke bustadmarknaden
- Samarbeid mellom kommunar om bustadutvikling
- Nye bustadkonsept og buformer som gir eit meir variert og framtidsretta bustadtilbod for ulike målgrupper, for eksempel unge vaksne og unge eldre
- Prosjekt som bidreg til auka tilgang til eigna bustader, for eksempel gjennom transformasjon og gjenbruk av eksisterande bustader og bygg
– Vi har òg lagt vekt på at kunnskapen som blir utvikla i prosjekta, skal dokumenterast, formidlast og blir delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane frå prosjektet, seier prosjektleiar Gry Kongsli i Husbanken.
Husbanken og Distriktssenteret vil følge opp kommunane som får tilskot og tilby kompetansestøtte og arenaer for erfaringsdeling.
Desse prosjekta får tilskot:
Namn på søker |
Namn på prosjekt |
Tilskotsbeløp |
Andøy kommune |
Andøy Boligbyggelag |
650 000 |
Berlevåg kommune |
Bygdevekstpilot Vestre Varanger – Utvikling av strategisk bustadplan for Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana |
700 000 |
Dovre kommune |
Mikrobruk |
750 000 |
Drangedal kommune |
Aldersvennleg lokalsamfunn – Drangedal |
1 200 000 |
Evenes kommune |
Berekraftig bustadutvikling i Evenes kommune |
1 330 000 |
Fjord kommune |
Utviklingsprosjekt – Skape bulyst gjennom attraktive bustader |
1 500 000 |
Folldal kommune |
Forprosjekt/Fase 2 – gjenbruk av gamle institusjonsbygg – Verket skole, Folldal og Bergseth alders og sjukeheim, Rendalen |
1 930 000 |
Fyresdal kommune |
Århusjordet |
950 000 |
Gjemnes kommune |
Bustaddraumen Gjemnes |
420 000 |
Hammerfest kommune |
Felles saksbehandlingskontor for startlån for bygdevekstpilotane i Finnmark |
600 000 |
Høylandet kommune |
Lage rettleiar |
750 000 |
Meråker kommune |
Bustadutvikling i Meråker sentrum (Meråkertunet) |
350 000 |
Overhalla kommune |
Leigebustader ved Skage frivilligsentral |
700 000 |
Rauma kommune |
Moglegheitstudie – framtidig bruk av prestegardsbustaden på Åndalsnes |
330 000 |
Rennebu kommune |
Arena Rennebu |
560 000 |
Røst kommune og Værøy kommune |
Ein bustadmarknad i bevegelse? |
1 900 000 |
Røyrvik kommune |
Saman blir vi gode på bustad |
700 000 |
Sjåk kommune |
Bustad- og tilflyttarprosjektet "Sats på Skjåk" – FASE 2 |
1 000 000 |
Sør-Aurdal kommune |
Fjellvik – forprosjekt |
950 000 |
Tokke kommune |
Frå prøvebu til integrert innbyggar |
600 000 |
Træna kommune |
Bo i Træna |
800 000 |
Tydal kommune |
Bustad for alle |
1 200 000 |
Vågå kommune |
Småhus i Kjøpangervegen 3 |
80 000 |
Øystre Slidre |
Transformasjon og vidare bruk av institusjonslokala til Øystre Slidre sjukeheim – Ein moglegheitsstudie for å bidra til auka bustader i distriktskommunar |
500 000 |
Ål kommune |
Regionalt bu-pilotkontor i Hallingdal |
550 000 |
Fakta om tilskotet:
Tilskot til bustadtiltak i distrikta er ein del av tilskotsordninga «Tilskot til bustadtiltak». I denne ordninga inngår òg tilskot til bustadsosiale tiltak og driftstilskot til leigertakarorganisasjonar. Den totale tilskotsramma for ordninga er 37,5 millionar kroner i 2024. Dette er ei auking på 15,3 millionar frå 2023. Husbanken har i 2024 teke imot 146 søknader om til saman 133 millionar kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn TennfjordSeniorrådgiver, kommunikasjon
Tel:+47 924 16 308jorunn.tennfjord@husbanken.noLenker
Følg pressemeldinger fra Husbanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Husbanken
Oppmodar kommunar til å oppgradere utleigebustader6.9.2024 12:06:58 CEST | Pressemelding
Husbanken har framleis tilskot som kommunane kan nytte til å gjere sine utleigebustader meir energieffektive. I tillegg til å spare utgifter til energi, vil slike oppgraderingar auke standarden i bustadene og gjere det betre for dei som bur der.
31 prosjekt får bustadsosialt tilskot1.7.2024 12:53:24 CEST | Pressemelding
Husbanken deler ut 14,7 millionar kroner i tilskot til bustadsosiale tiltak i 2024. Tilskotet går til prosjekt som bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilt på bustadmarknaden, og at fleire kan skaffe seg ein god bustad.
13 studentar får masterstipend frå Husbanken1.7.2024 12:52:57 CEST | Pressemelding
Er det samanheng mellom energiklasse og marknadsverdien av bustader? Kan interiørarkitektur hjelpe folk å bli buande heime lenger? Og kan bygdevekstpilotar fremje bygdevekst? Dette er nokre av spørsmåla masterstudentar med stipend frå Husbanken skal søke svar på.
Mer penger til Husbanken i revidert nasjonalbudsjett20.6.2024 11:03:33 CEST | Pressemelding
Tre milliarder mer i låneramme, flere studentboliger og styrking av bostøtten, er blant endringene på Husbankens område etter forliket mellom regjeringen og SV om revidert nasjonalbudsjett.
No kan kommunane søke om tilskot til energitiltak16.5.2024 09:42:29 CEST | Pressemelding
I statsbudsjettet for 2024 løyva Stortinget 300 millionar kroner i tilskot til energitiltak i kommunalt disponerte utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. No kan kommunane søke om tilskot via søknadsløysinga på husbanken.no.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom