31 prosjekt får bustadsosialt tilskot
Husbanken deler ut 14,7 millionar kroner i tilskot til bustadsosiale tiltak i 2024. Tilskotet går til prosjekt som bidreg til å førebygge at folk blir vanskelegstilt på bustadmarknaden, og at fleire kan skaffe seg ein god bustad.
Tilskota blir delte ut til frivillige og private aktørar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og kommunar i heile landet.
Husbanken har teke imot 72 søknader om bustadsosialt tilskot i 2024. Av desse får 31 prosjekt tilskot.
– Det har vore stor interesse for årets tilskot og mange gode søknader. Vi har prioritert prosjekt som har stor overføringsverdi og som kan gi innspel til andre satsingar, seier administrerande direktør i Husbanken, Jan Hjelle.
Bustadkarriere for unge med nedsett funksjonsevne og startlån til tilpassing for eldre
Her er nokre eksempel på prosjekt som får tilskot:
Skaun kommune har fått 500 000 kroner for å redusere sårbare overgangar mellom foreldreheim/institusjon/folkehøgskule og eigen heim for unge med nedsett funksjonsevne.
Universitet i Tromsø har fått 400 000 kroner til arbeid med aldersvennlege lokalsamfunn i eit vinterklima. Prosjektet skal samanlikne eksisterande kunnskap om klimatilpassing av fysiske omgivnader. Dei skal òg kartlegge klimatiltak i samband med handtering av snø i by- og bumiljø.
Askøy kommune har fått 670 000 kroner for å auke bruken av startlån til tilpassing av bustad for eldre. Dei skal bruke pensjonistar med byggeteknisk bakgrunn som «tiltakslosar» og lage ein informasjonskampanje retta mot eldre, om startlån og tilpassing av bustad.
Valdres næringshage har fått 800 000 kroner til eit pilotprosjekt om energirapport for bustader. Dei skal formidle informasjon om tilgjengelege støtteordningar og lage anbodspakkar med bustadtiltak, for å redusere energibruken i bustader.
Kriterium for å få tilskot
Husbanken har vurdert søknadene ut frå om prosjekta bidreg til:
- å styrke arbeidet i kommunane med å busette flyktningar
- at fleire personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med andre, kan velje kor og korleis dei vil bu
- å skaffe eigna bustader for eldre i heile landet
- å trygge buforhold for leigetakarar og auke kunnskapen om leigemarknaden
- å utvikle nye metodar, konsept og løysingar for bustadsosialt arbeid i heile landet
- å utvikle nye bustadkonsept og måtar å jobbe på, som bidreg til at det blir enklare for barnefamiliar og låginntektsgrupper å etablere seg i eigna bustad
- kunnskapsutvikling og -formidling, informasjon til målgrupper og bustadsosiale utgreiingar
– Vi har òg lagt vekt på at kunnskapen som blir utvikla i prosjekta blir dokumentert, formidla og blir delt på ein slik måte at andre kan ha nytte av erfaringane frå prosjektet, seier prosjektleiar Gry Kongsli i Husbanken.
Desse prosjekta får tilskot:
Namn på søkar |
Namn på prosjekt |
Tilskotsbeløp |
Askøy kommune |
Føre var – Prosjekt for å betre informasjon om, og auke bruk av, startlån til tilpassing av eksisterande bustader til eldre i Askøy kommune |
670 000 |
Balsfjord næringsutvikling |
Bu- og blilyst i Balsfjord og Storfjord |
500 000 |
Bodø kommune |
Ny by Bodø – Ein bydel for alle |
600 000 |
Flekkefjord kommune |
Bupilot-kontor og utvikling av kurs for byggenæring og handverkarar |
670 000 |
Flekkefjord kommune |
Frå leigetakar til eigar – eit inkluderings-, normaliserings- og kunnskapsprosjekt |
360 000 |
Halden kommune |
Trygt i hamn |
320 000 |
Halden kommune |
Ein bustad for alle |
275 000 |
Helseinn |
Mobil visningsheim – Mobil læringsarena for tryggleiks- og meistringsteknologi |
494 000 |
Inderøy kommune |
Bustadsosialt utviklingsprosjekt fase 1 |
200 000 |
Indre Østfold kommune |
Val av tilbod og overgang til varig bustad for ungdommar i ettervern – Sjølvstendig ung vaksen |
650 000 |
Indre Østfold kommune |
Kartlegging av auka kunnskap om leigemarknaden i Mysen sentrum |
250 000 |
KBL |
KBL – utvikle og spreie kunnskap og god praksis innan bustadpolitikk og bustadsosialt arbeid og vidareføre dette til kommunane i landet |
250 000 |
Kongen sitt senter/ Boligsiftelsen eldres heim |
Nye Kongens Senter – framtidas aktivitets- og bustadsenter for eldre og funksjonshemma i Kristiansand |
500 000 |
Leieboligforeningen |
Samtalar om bustadpolitikk |
300 000 |
NBBL |
Nettverk bustadkjøpsmodellar |
150 000 |
Norce |
Nye buformer i eit generasjonsperspektiv |
450 000 |
NTNU Samfunns-forsking |
Why/Not in my backyard: Utprøving av verktøy for dialog i to kommunar |
800 000 |
Ny boligplan |
Ny bustadplan #3 |
150 000 |
Oslo Kommune |
Bumiljømodell i modulbygg |
500 000 |
Oslo Met |
Bustadkjøpsmodellane – tiltak i den heilskaplege bustadpolitikken i kommunane? |
950 000 |
SAFO |
Funksjonshemma sitt sjølvstende i eigen heim |
160 000 |
Sarpsborg kommune |
Bustadkoordinator – Bustadkontora i framtida |
1 100 000 |
Skaun kommune |
Kompetanseutvikling sårbare overgangar (Redusere sårbare overgangar til ungdom med nedsett funksjonsevne |
500 000 |
Steinkjer kommune |
Stodtunet |
400 000 |
Stiftelsen CRUX |
Prosjekt Mellom-rom |
521 000 |
Stiftelsen Kirkens Bymisjon Vestfold |
Tønsberg – Ung i Bolig (gode heilskaplege bustadløysingar for unge 18–25 år) Fase 2 Iverksetting |
700 000 |
Tøyen Boligbyggelag |
Prosjektmoglegheiter for ideell sektor som utviklar og tilbydar av bustader |
260 000 |
Tøyen Boligbyggelag |
Bok om ein ideell tredje bustadsektor |
140 000 |
UIT – master i landskapsarkitektur |
Aldersvennlege lokalsamfunn – i eit vinterklima |
400 000 |
Valdres Næringshage |
Folkets Kraftløft |
880 000 |
Ørsta kommune |
Fleksibelt budstadkonsept til flyktningar |
600 000 |
Fakta om tilskotet
Tilskot til bustadsosiale tiltak er ein del av tilskotsordninga «Tilskot til bustadtiltak». I denne ordninga inngår òg tilskot til bustadtiltak i distrikta og driftstilskot til leigetakarorganisasjonar. Den totale tilskotsramma for ordninga er 37,5 millionar kroner i 2024. Dette er ein auke på 15,3 millionar frå 2023. Husbanken har i 2024 teke imot 146 søknader om til saman 133 millionar kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn TennfjordSeniorrådgiver, kommunikasjon
Tel:+47 924 16 308jorunn.tennfjord@husbanken.noLenker
Følg pressemeldinger fra Husbanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Husbanken
Oppmodar kommunar til å oppgradere utleigebustader6.9.2024 12:06:58 CEST | Pressemelding
Husbanken har framleis tilskot som kommunane kan nytte til å gjere sine utleigebustader meir energieffektive. I tillegg til å spare utgifter til energi, vil slike oppgraderingar auke standarden i bustadene og gjere det betre for dei som bur der.
25 kommunar får tilskot til bustadtiltak i distrikta1.7.2024 12:53:40 CEST | Pressemelding
Husbanken deler ut 21 millionar kroner i tilskot til bustadtiltak i distrikta i 2024. Kommunane skal bruke pengane til å prøve ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer for å auke tilgangen på bustader.
13 studentar får masterstipend frå Husbanken1.7.2024 12:52:57 CEST | Pressemelding
Er det samanheng mellom energiklasse og marknadsverdien av bustader? Kan interiørarkitektur hjelpe folk å bli buande heime lenger? Og kan bygdevekstpilotar fremje bygdevekst? Dette er nokre av spørsmåla masterstudentar med stipend frå Husbanken skal søke svar på.
Mer penger til Husbanken i revidert nasjonalbudsjett20.6.2024 11:03:33 CEST | Pressemelding
Tre milliarder mer i låneramme, flere studentboliger og styrking av bostøtten, er blant endringene på Husbankens område etter forliket mellom regjeringen og SV om revidert nasjonalbudsjett.
No kan kommunane søke om tilskot til energitiltak16.5.2024 09:42:29 CEST | Pressemelding
I statsbudsjettet for 2024 løyva Stortinget 300 millionar kroner i tilskot til energitiltak i kommunalt disponerte utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. No kan kommunane søke om tilskot via søknadsløysinga på husbanken.no.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom