13 studentar får masterstipend frå Husbanken
Er det samanheng mellom energiklasse og marknadsverdien av bustader? Kan interiørarkitektur hjelpe folk å bli buande heime lenger? Og kan bygdevekstpilotar fremje bygdevekst? Dette er nokre av spørsmåla masterstudentar med stipend frå Husbanken skal søke svar på.

Stipenda frå Husbanken skal bidra til å utvikle ny kunnskap og nytenking om bustadsosialt arbeid. I år er det 13 studentar fordelt på ti oppgåver som får 30 000 kr for kvart masterprosjekt.
– Dette gjer vi kvart år. Det kjem alltid spennande søknader frå studentane. I år fekk vi søknader frå 18 studentar til 15 ulike masterprosjekt. Vi har gitt stipend til dei ti prosjekta som er meste relevante for Husbanken sitt arbeidsfelt, seier seniorrådgivar Anne Camilla Vaalund.
Tematisk spennvidd
Årets tema er aktuelle og spenner vidt. Her er eit lite utval:
Olaf Torgersen og Sigurd Bakka Samdal skal analysere EU sitt bustadenergidirektiv og undersøke om det er samanheng mellom bustader si energiklasse og marknadsverdi, og om klassifiseringa påverkar forbrukarar og lånevilkår i Husbanken.
Gjennom ei masteroppgåve i design skal Emily Bakke undersøke korleis interiørarkitektur kan hjelpe fleire å bu lenger heime. Prosjektet ser på korleis tilrettelagt innreiing og hjelpemiddel kan bidra til dette.
Johan Daniel Holm Balto skal sjå på om bygdevekstpilotar kan stimulere til berekraftig bustadutbygging, styrking av lokale lånemarknader, å overvinne finansielle hindringar og fremje bygdevekst.
Korleis påverkar hensynssoner i kommunale planar samspelet mellom offentlege planmyndigheiter og private utviklarar? Inger Meringen Schjetne og Ida Bjørgum Holgersen har gjort ei juridisk tolking av lovføresegna om hensynssoner, og sett på om dei hemmar eller fremjar heilskapleg bustadutvikling.
Desse får masterstipend i 2024:
Namn på student(ar) | Tittel på masteroppgåve |
Olaf Torgersen og Sigurd Bakka Samdal |
En analyse av EU sitt bustadenergidirektiv |
Anne-Rita Andal | Masteroppgåve i verdibasert leiing |
Jenny Olafsen Laukas og Rebekka Haaland Johansen |
Kan sosial bustadbygging bli meir effektiv med samarbeid mellom dei ulike aktørene? |
Sigrid Elise Høeg | Landlords and their middlemen |
Emily Bakke | Bustad for alderdommen |
Kristina Emilie Winther Jakobsen | Tredje bustadsektor og endringsvilje - kven skal avstå frå profitt? |
Jarand Ellingsen Roaldkvam | Rotfeste: Rural web of connection |
Inger Meringen Schjetne og Ida Bjørgum Holgersen | Korleis påverkar bestemminge om felles planlegging bustadprosjekt i utviklingsområde? |
Juhan Daniel Holm Balto | Eigedomsutvikling i rurale område |
Hugo Smith Vedal | Økern Torgvei familiefellesskap |
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn TennfjordSeniorrådgiver, kommunikasjon
Tel:+47 924 16 308jorunn.tennfjord@husbanken.noLenker
Følg pressemeldinger fra Husbanken
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Husbanken
Forslaget til statsbudsjett for 2026 på Husbankens ansvarsområder15.10.2025 16:26:52 CEST | Pressemelding
Regjeringen har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett, der Husbanken har til sammen 41,2 milliarder kroner til bostøtte, lån og tilskudd i 2026. Her er en oversikt over hele budsjettforslaget på Husbankens ansvarsområder.
Flere skal kunne bo godt hele livet10.10.2025 10:37:57 CEST | Aktuelt
Regjeringen, kommunene og boligbransjen samler kreftene for å skape flere aldersvennlige boliger. Mandag 6. oktober leverte Eldreboligalliansen en liste til regjeringen med elleve tiltak for å få fart på byggingen av aldersvennlige boliger.
Ny kommunikasjonsdirektør i Husbanken6.10.2025 15:33:41 CEST | Pressemelding
Merete Bergeland Jebsen er ansatt som kommunikasjonsdirektør i Husbanken. Hun blir del av ledergruppen og får det overordnede ansvaret for Husbankens kommunikasjonsarbeid både eksternt og internt, operativt og strategisk.
Vil gjere leigebustadmarknaden i distrikta betre26.8.2025 11:01:06 CEST | Aktuelt
På vegner av Husbanken og Distriktssenteret skal Samfunnsøkonomisk Analyse kartlegge utfordringar i leigemarknaden. I samband med dette vil vi ha innspel frå utleigarar, leigetakarar, kommunar, bransjeaktørar og andre til nye tiltak som kan gjere at leigebustadmarknaden i distrikta blir betre.
Ønsker innspill til raskere eldreboligarbeid19.8.2025 10:33:21 CEST | Pressemelding
Vi trenger flere aldersvennlige boliger og løsninger som gjør at eldre kan bo hjemme lenger. Nå ønsker en arbeidsgruppe under Eldreboligalliansen innspill på hvordan vi kan få fart på eldreboligarbeidet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom