13 studentar får masterstipend frå Husbanken

Del

Er det samanheng mellom energiklasse og marknadsverdien av bustader? Kan interiørarkitektur hjelpe folk å bli buande heime lenger? Og kan bygdevekstpilotar fremje bygdevekst? Dette er nokre av spørsmåla masterstudentar med stipend frå Husbanken skal søke svar på.

Ung kvinne sitter ved et spisebord og ser på en PC. Foto.
Husbanken deler ut 10 masterstipend på 30 000 kroner i 2024. Getty images Redaksjonelt, ikke kommersiell bruk

Stipenda frå Husbanken skal bidra til å utvikle ny kunnskap og nytenking om bustadsosialt arbeid. I år er det 13 studentar fordelt på ti oppgåver som får 30 000 kr for kvart masterprosjekt.

– Dette gjer vi kvart år. Det kjem alltid spennande søknader frå studentane. I år fekk vi søknader frå 18 studentar til 15 ulike masterprosjekt. Vi har gitt stipend til dei ti prosjekta som er meste relevante for Husbanken sitt arbeidsfelt, seier seniorrådgivar Anne Camilla Vaalund.

Tematisk spennvidd

Årets tema er aktuelle og spenner vidt. Her er eit lite utval:

Olaf Torgersen og Sigurd Bakka Samdal skal analysere EU sitt bustadenergidirektiv og undersøke om det er samanheng mellom bustader si energiklasse og marknadsverdi, og om klassifiseringa påverkar forbrukarar og lånevilkår i Husbanken.

Gjennom ei masteroppgåve i design skal Emily Bakke undersøke korleis interiørarkitektur kan hjelpe fleire å bu lenger heime. Prosjektet ser på korleis tilrettelagt innreiing og hjelpemiddel kan bidra til dette.

Johan Daniel Holm Balto skal sjå på om bygdevekstpilotar kan stimulere til berekraftig bustadutbygging, styrking av lokale lånemarknader, å overvinne finansielle hindringar og fremje bygdevekst.

Korleis påverkar hensynssoner i kommunale planar samspelet mellom offentlege planmyndigheiter og private utviklarar? Inger Meringen Schjetne og Ida Bjørgum Holgersen har gjort ei juridisk tolking av lovføresegna om hensynssoner, og sett på om dei hemmar eller fremjar heilskapleg bustadutvikling.

Desse får masterstipend i 2024:

Namn på student(ar) Tittel på masteroppgåve

Olaf Torgersen og Sigurd Bakka Samdal

En analyse av EU sitt bustadenergidirektiv
Anne-Rita Andal Masteroppgåve i verdibasert leiing

Jenny Olafsen Laukas og Rebekka Haaland Johansen 

Kan sosial bustadbygging bli meir effektiv med samarbeid mellom dei ulike aktørene?
Sigrid Elise Høeg Landlords and their middlemen
Emily Bakke Bustad for alderdommen
Kristina Emilie Winther Jakobsen Tredje bustadsektor og endringsvilje - kven skal avstå frå profitt?
Jarand Ellingsen Roaldkvam Rotfeste: Rural web of connection
Inger Meringen Schjetne og Ida Bjørgum Holgersen Korleis påverkar bestemminge om felles planlegging bustadprosjekt i utviklingsområde?
Juhan Daniel Holm Balto Eigedomsutvikling i rurale område
Hugo Smith Vedal Økern Torgvei familiefellesskap

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Husbanken

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Husbanken på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Husbanken

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye