Ber om tips og styrkjer kontroll av laksefiske
Statens naturoppsyn aukar nærværet, og ber publikum tipse om ulovleg laksefiske etter at fisket i 33 elvar og store sjøområde måtte stengjast.

– Miljødirektoratet styrkjer gjennom Statens naturoppsyn nærværet i dei elvane som er stengde for laksefiske, og i sjøområda knytt til dei same elvane, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
– Felles dugnad å redde laksen
Den auka innsatsen mot ulovleg laksefiske skjer etter at Miljødirektoratet såg seg nøydde til å stoppe fisket av laks i 33 elvar frå 23. juni, og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag. Så langt i laksesesongen har det vore rekordlåge mengder laks som har komme opp i elvane frå havet, i Trøndelag og sørover. Stansen i laksefisket vart innført for å sørgje for at det kjem nok gytefisk opp i elvane, til at det blir nok lakseungar neste år til å føre bestandane vidare.
– Det er ein felles dugnad å redde den atlantiske laksen vår. Vi ber alle som observerer ulovleg laksefiske både i elv og sjø om å sende inn tips, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Tips-ordning og reaksjonar på miljøkriminalitet
Publikum kan sende inn tips om ulovleg laksefiske og annan miljøkriminalitet på Miljødirektoratets nettside. Alle tips vil bli behandla fortløpande.
Miljødirektoratet reagerer med anmeldelser og straffegebyr på ulovleg fiske. Les meir om korleis Miljødirektoratet reagerer på miljøkriminalitet, og sjå statistikk.
Ny vurdering tidleg i juli
Miljødirektoratet gjer ei ny evaluering av innsiget av laks for heile landet i starten av juli, og vurderer behov for tiltak, inkludert dei vassdraga og sjøområda som vart stengde for fiske 23. juni.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Klimasats-støtte til 99 prosjekter i kommuner og fylker4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Flere enn 45 kommuner og fylkeskommuner får til sammen 100 millioner kroner i støtte til klimatiltak. Se hvilke prosjekter som får støtte der du bor.
Klimasats-støtte til 99 prosjekt i kommunar og fylke4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Fleire enn 45 kommunar og fylkeskommunar får til saman 100 millionar kroner i støtte til klimatiltak. Sjå kva prosjekt som får støtte der du bur.
Stanser oppdraget med å felle bjørn i Jarfjord3.7.2025 15:51:27 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet stanser oppdraget med å felle bjørnen som skadet en mann i Finnmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom