Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.

For tre år sidan hopa det seg opp med pasientar med problem i rygg og nakke (spinale problemstilling) som skulle til vurdering for operasjon på nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Det er fleire grunnar til at ventelistene blei stadig lengre: det var auke i MR-undersøkingar, det kom fleire tilvisingar, og det var låg legebemanning i forhold til mengda tilvisingar. Summen av dette blei lange ventelister på poliklinikken – som forplanta seg til lange ventelister for operasjon.
– Det blei ein vond sirkel som vi måtte snu. Vi tok derfor eit legemøte der vi diskuterte kva vi kunne gjere for å betre situasjonen, fortel Ruby Mahesparan, avdelingssjef på nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
Legane hadde ein hypotese om at 50 prosent av pasientane med spinale problemstillingar kunne fått ei avklaring på telefon. Dei bestemde seg derfor for å teste telefonpoliklinikk for denne pasientgruppa. I staden for at pasienten må møte på poliklinikken, kan dei få konsultasjonen på telefon.
– Dette har vist seg å vere svært tidssparande, og det gjer at vi klarer å møte langt fleire pasientar. Frå å ha cirka 4000 konsultasjonar i året, har vi no over 6000, seier Mahesparan.
Telefonpoliklinikk gir rask avklaring
Pasientane fekk konsultasjon på telefon ei til to veker etter at tilvisinga var motteken. I evalueringa tre og seks månader etter oppstart, kom det fram at:
- 4 % av pasientane blei tilvist vidare til andre spesialitetar.
- Ca. 10 % av pasientane kunne gå direkte til operasjon.
- Dei kunne avslutte ca. 37 % av sakene.
- Ca. 49 % blei vurdert med oppmøte på poliklinikken.
– For nokre pasientar er det nødvendig med fysisk oppmøte, til dømes dei som har ei komplisert sjukdomshistorie for ryggen. Dei identifiserer vi i grovsorteringa, og kallar inn til poliklinikken. Det kan også vere vanskeleg å vurdere eldre menneske med ein telefonsamtale, og dei som ikkje snakkar så godt norsk, seier Mahesparan.
Desse pasientane får fysisk konsultasjon.
Ikkje alltid operasjon er svaret
For fleire av pasientane er det ikkje operasjon som er svaret. Dei treng andre tilbod, som til dømes fysioterapi eller rehabilitering.
– Vi har òg erfart at det er mange av dei tilviste pasientane som ikkje ønskjer operasjon, men dei vil gjerne snakke med ein spesialist om sjukdommen sin. Alle desse pasientane får no ei rask avklaring på telefon, seier Mahesparan.
Har òg korta ned ventelista for operasjon
Dette, saman med effektivisering av spinaloperasjonsforløpet, har ført til at også ventelista for operasjon har blitt kortare. Pasientar som treng operasjon får ei god vurdering raskt, og dei blir prioriterte etter den medisinske tilstanden.
– No er det nesten ingen kø, verken til poliklinikken eller operasjon, og det er ikkje lenger nødvendig å vise pasientar til private, kommersielle tenestetilbod, seier Mahesparan.
Avdelinga på Haukeland kan til og med avlaste andre sjukehus.
– Vi har behandla pasientar frå mellom anna Nord-Noreg og Oslo. Og vi har òg tilbode oss å hjelpe Helse Stavanger som har utfordringar med lange ventelister på dette feltet, seier Mahesparan.
Håper at fleire tar i bruk liknande løysingar
– Dette er eit veldig godt døme på at tiltak som kan verke enkle kan gi svært store effektar for sjukehusa og pasientane. Pasientane opplever her å få rask og god hjelp samtidig som legane og avdelinga opplever å gje betre helsehjelp og ha meir kontroll på eigen arbeidssituasjon, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
I dag blir 45 prosent av alle dei polikliniske konsultasjonane med spinale problemstillingar gjennomført som telefonpoliklinikk. Avdelinga har dessutan utvida telefonpoliklinikk til å gjelde for andre pasientgrupper.
– Vi trur at telefonpoliklinikk kan vere effektiv for mange andre einingar i regionen, og vi håper at mange fleire vil ta i bruk liknande løysingar, oppfordrar Vikse.
Kontakter
Bjørn Egil VikseHelse Vest RHF
Tel:99250064bjorn.egil.vikse@helse-vest.noRuby MashesparanAvdelingssjef, nevrokirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus
Tel:92632880rupavathana.mahesparan@helse-bergen.noBilder


Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta6.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom