Slik ser investering og drift i sjukehusa i vest ut dei neste ti åra
19.6.2024 15:56:09 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag vart kanskje den viktigaste saka i året behandla; nemleg den økonomiske langtidsplanen. Den viser korleis drifta og investeringane i sjukehusa i Helse Vest kan bli dei neste ti åra.

– Denne styresaka pleier kanskje ikkje få så mykje merksemd, men eg vil driste meg til å seie at det er årets viktigaste styresak. Økonomisk langtidsplan, ØLP, er langtidsvarselet for helseføretaka. For å seie det tabloid; det som ikkje er nemnt i ØLP, finst ikkje. ØLP er planen som viser korleis sjukehusa økonomisk skal drive og investere dei neste ti åra, seier økonomidirektør i Helse Vest RHF, Per Karlsen.
- Styresaka om økonomisk langtidsplan finn du på helsevest.no.
Dette er dei sentrale punkta i ØLP
Økonomisk langtidsplan seier mellom anna dette om dei neste ti åra:
- Frå 2026 vil vi sjå at resultata i sjukehusa og føretaka blir lågare. Det kjem av i hovudsak at vi tek i bruk nye bygg Helse Vest, og kostnaden som kjem med det. Vi er inne i ein fase med eit høgt investeringsnivå, og denne fasen vil vare fram til 2026.
- Frå 2030 vil resultata kunne betre seg igjen.
- Det er lagt inn to nye, store investeringar i langtidsplanen. Det er Nye SUS, byggjetrinn 2 del éin, i Stavanger og første del av sentralblokka i Bergen. I tillegg går byggjeprosjekta i sjukehusa og føretaka som allereie er i gang, som planlagt.
- Utgiftene til protonsenteret i Bergen er teken omsyn til, og er planlagde å bli sett i gang frå 2025. Tilskotet blir auka frå 37 millionar kroner til 63 millionar kroner.
- Det er ein risiko for at ting ikkje går som planlagt. Det er til dømes ein føresetnad om at resultat frå sjukehusdrifta skal delfinansiere investeringar, i tillegg til at det kan komme overskridingar i byggjeprosjekt. Det er også eit høgt gjeldsnivå med risiko for auka renter, og for at salet av det gamle sjukehusbygget på Våland i Stavanger kan ta lengre tid enn føresett. Alle desse faktorane påverkar utfallet.
– Kan klare det saman
– Viss alt går som det skal, har vi evne til å investere i det aller viktigaste dei næraste åra. Derfor må vi gjere alt vi kan for å klare dette saman, seier Karlsen.
Det er laget tre ulike scenario for korleis det kan gå dei neste ti åra, som du kan se i figuren over. I scenarioa blir det teke omsyn til ulike risikoar og ting som kan skje.
– Vi ser at viss vi til dømes ikkje klarer å få tilfredsstillende resultat av sjukehusdrifta, som er ein føresetnad som sjukehusa sjølv har sett, så kan vi tære for mykje på oppsparte midlar. Då må vi i verste fall skyve dei nye investeringsprosjekta noko ut i tid. Det er ei uvisse i planen, i tillegg til at den økonomiske ramma i utgangspunktet er stram. Revidert nasjonalbudsjett betrar situasjonen noko, men det er framleis behov for at vi klarer å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene vi har, avsluttar Karlsen.
Fakta om økonomisk langtidsplan
- ØLP står for økonomisk langtidsplan.
- ØLP beskriv korleis drifta, den økonomiske situasjonen og investeringsevna til sjukehusa og føretaka på Vestlandet ser ut dei neste ti åra.
- Styret i Helse Vest behandlar ØLP årleg, som ein del av budsjettprosessen. Alle helseføretaka har behandla saker om økonomisk langtidsplan i dei respektive styra sine, før saka blir behandla i Helse Vest-styret.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
Ny direktør for digitalisering i Helse Vest RHF11.9.2025 08:25:01 CEST | Pressemelding
Ørjan Andersen er tilsett som ny direktør for digitalisering i Helse Vest RHF.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom