Informerer ikkje godt nok om innhald i tatoveringsblekk
14.6.2024 12:12:16 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Nesten ingen tatoveringsstudio gir påkravd informasjon til kundane om innhaldet i tatoveringsblekk.

Miljødirektoratet har kontrollert 16 tatoveringsstudio for å finne ut om dei bruker lovlege tatoveringsblekk, og om kundane får god nok informasjon om kva dei inneheld.
Av dei totalt 16 kontrollerte studioa var det nesten 90 % som ikkje gav kundane påkravd informasjon om tatoveringsblekka. Kravet i regelverket er mellom anna at kundane skal få informasjon om kva tatoveringsblekk inneheld og om sikker bruk.
Viktig med rett merking
Vi kontrollerte også merkinga på i alt 58 tatoveringsblekk. 90 % av tatoveringsblekken var ikkje merka rett.
-Det er viktig at bransjen har god kunnskap om kjemikalieregelverket som gjeld for tatoveringsblekk, inkludert merking. Merking sørgjer for at alle som handterer kjemikaliar og forbrukarar får tilstrekkeleg informasjon til å verne seg mot helseskadar, og til å handtere kjemikaliane utan å skade miljøet, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet Mathieu Veulemans.
Tatoveringsblekk som blir selt i Noreg skal vere merkt på norsk. Dei vanlegaste feila vi fann ved merkinga var at den obligatoriske setninga: "Stoffblanding til bruk i tatoveringar eller permanent sminke», anten mangla eller ikkje var på norsk, eller at tryggingsinstruksen ikkje var på norsk.
Miljødirektoratet kontrollerte også om dei stoffa som var oppgitt på tatoveringsblekka var lovlege innhaldsstoff eller ikkje. Miljødirektoratet fann nokre tatoveringsblekk som inneheld stoff som kan vere ulovlege og vil følgje opp dette overfor importørane. Tatoveringsblekka vart ikkje analyserte, og det må derfor innhentast nærare opplysningar om stoffa for å kunne avgjere om dei er over grenseverdien for lovleg innhald eller ikkje.
Oppfølging
Alle kontrollerte tatoveringsstudio og importørar som ikkje følgde regelverket har vorte kontakta av Miljødirektoratet og har ei plikt til å rette opp manglar og feil slik at dei driv verksemda i tråd med regelverket.
Miljødirektoratet vil halde fram med å kontrollere tatoveringsbransjen og samarbeide med dei andre tilsynsmakter, i Norden og elles Europa.
Miljødirektoratet er tilsynsmakt for dette regelverket. Tatoveringsblekk er både tradisjonelle tatoveringsblekk og permanent sminke.
Nye krav til tatoveringsblekk frå 2022
Tatoveringsblekk vart regulert av kjemikalieregelverket Reach i 2020 og krava tredde i kraft i EU og Noreg januar 2022.
Innskjerpingane i regelverket vart innførte for å redusere helseskadar forårsaka av stoffa. Dei kan til dømes føre til kroniske allergiske reaksjonar, andre hudproblem, og risiko for å utvikle kreft eller skader på forplantningsevna eller fosterutviklinga.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
Klare til å følge opp ulven10.7.2026 15:10:43 CEST | Pressemelding
Statens naturoppsyn er på plass med personell for å følge opp den genetisk verdifulle ulven som har skadet sau i Trøndelag og Innlandet.
Retting: Feil i melding om laksefisket8.7.2026 20:10:36 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer inn fisket i seks elver, ikke ni slik det stod i opprinnelig pressemelding.
Innstramming i laksefisket på grunn av lite laks8.7.2026 17:14:01 CEST | Pressemelding
Svært lavt innsig av laks hittil i år gjør at Miljødirektoratet må stramme inn fisket i Trøndelag og på Nordmøre i årets sesong.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom