Miljødirektoratet

Ber laksefiskarar hugse fiskaravgifta

Del

Miljødirektoratet minner laksefiskarar om å betale fiskaravgifta. Pengane går til å bevare laksestammane og leggje til rette for fiske.

Laksefiskar i elv.
Laksefiskar i elv. Foto: Marit Roksvåg Iversen. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka.

Fisket etter laks, sjøaure eller sjørøye er no i gang mange stader i landet. Pengane ein betaler i fiskaravgift går mellom anna til å bevare laksebestandane, og å leggje til rette for fiske. Fiskeravgifta er på 329 kroner, og ein betaler på Miljødirektoratets nettside.

Ein må også hugse å kjøpe fiskekort frå grunneigar, og ta med gyldig kvittering for fiskaravgifta når ein skal fiske.

Fiskar ein laks, sjøaure eller sjørøye i elvar og vassdrag utan å ha betalt fiskaravgift, kan ein få eit straffegebyr på 3000 kroner. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betale fiskaravgift.

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye