Dette forska sjukehusa på i 2023
Hologram, virtuell verkelegheit og robotskannar. I 2023 blei det gjort mykje god og viktig forsking i sjukehusa, der fleire ulike verktøy blei tatt i bruk. Torsdag 30. mai blei rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt for ellevte gong.

Det er dei regionale helseføretaka som kvart år utarbeidar rapporten, som ein del av årleg melding frå dei regionale helseføretaka til Helse- og omsorgsdepartementet.
Forskning og innovasjon til pasientens beste 2023 (PDF)
Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen tok i mot den nasjonale rapporten om forskings- og innovasjonsaktivitetane i helseføretaka i 2023, på eit seminar der også eit utval av prosjekta frå rapporten blei presentert.
– For regjeringa er forsking og innovasjon ein nøkkel til å møte mange av utfordringane som helsetenestene står overfor. Anten det er nye smittsame sjukdomar, mangel på personell, ventetider eller fleire eldre med samansette lidingar. Klinisk forsking skal bli ein integrert del av all pasientbehandling når det er relevant. Fleire pasientar enn i dag bør få moglegheit til å delta, og fagfolk som ønsker å drive faget sitt framover, bør få støtte, tid og ressursar til dette, seier statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen.
Gjenbruk på sitt beste
Viktigheita av ny teknologi og digitale verktøy i spesialisthelsetenesta aukar i rekordfart. Digitalisering er eit av områda som blir prioritert også innan forsking og innovasjon, og fleire av prosjekta i rapporten handlar om korleis vi kan jobbe smartare.
Eit av desse prosjekta finn vi ved Haukeland universitetssjukehus, som har utvikla ein ny robot som skannar alt kirurgisk utstyr. Roboten registrerer blant anna når instrumentet sist blei vedlikehaldet, kor mange gonger det kan bli brukt før ny service, om det er feil ved utstyret som gjer at det må bli reparert og kor sakna utstyr blei brukt førre gong. Roboten bidrar til at kostbart utstyr får lenger levetid og er eit godt eksempel på gjenbruk.
Fleire nye pasientar i kliniske behandlingsstudiar
Forsking og innovasjon skjer i tett samarbeid med pasientar, pårørande og helsepersonell. I 2023 blei det inkludert 22 506 nye pasientar til 506 studiar i spesialisthelsetenesta. Talet nye inkluderte pasientar har auka med 63 prosent sidan 2019.
– Deltaking i kliniske behandlingsstudiar gir betre kvalitet på behandlinga, og det er gledeleg å sjå at talet nye inkluderte pasientar aukar, seier fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse.
I 2023 blei det tildelt 282 millionar til kliniske behandlingsstudiar.
Satsar på psykisk helse
I årets rapport har forskarane også svart på kva diagnosar dei forskar på innan psykisk helse, for første gong. Tidlegare har dei berre svart om dei forskar på psykisk helse eller ikkje.
Blant diagnosane dei har forska på, finn vi komorbiditet psykiske og somatiske lidingar, psykoselidingar, stemningslidingar, ADHD, nevroutviklingsforstyrringar, spiseforstyrringar og anna forsking på psykisk helse.
Ved Nordlandssykehuset har dei tatt i bruk virtuell verkelegheit i behandlinga av angst. I behandlinga blir pasienten eksponert for angstframkallande situasjonar, og dei skal løyse oppgåver i trygge omgivnadar, mens dei har på seg VR-briller.
– Psykisk helse er eit viktig satsingsområde og utgjer det neste største området i tildeling av forskingsmidlar frå dei regionale helseføretaka. Rapporten viser at det skjer mykje spennande på feltet, som vil kome pasientane til gode, avsluttar Vikse.
Nøkkelord
Kontakter
Sølvi LerfaldFagleder, regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF
Tel:95 89 05 72solvi.lerfald@helse-bergen.noBilder


De regionale helseforetakene, Helse Vest, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst, eies av Helse- og omsorgsdepartementet - og sørger for spesialisthelsetjenester til befolkningen i landet. Sykehusene i Norge hører til en av de fire regionale helseforetakene.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
Styrka samarbeid bidrar til kortare ventetider26.2.2025 09:39:11 CET | Pressemelding
Helse Vest har styrkt samarbeidet med avtalespesialistar innan øyre, nase, hals og auge for å redusere ventetidene. No blir dette arbeidet utvida til fleire fagområde.
Auka bruk av digitale helsetenester bidrar til å ta ned ventetidene19.2.2025 08:48:56 CET | Pressemelding
Eit tiltak for å få ned ventetidene er å auka bruken av digitale heilsetenestar. Det ser ut til å gje gode resultat.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom