Seier nei til forsøk med genmodifisert laks i naturen
Miljødirektoratet har avslått ein søknad frå Havforskingsinstituttet om å setje ut genmodifiserte laksar i feltforsøk i sjøen.

– Miljødirektoratet vurderer at det er fare for miljømessige skadeverknader, sjølv om sjansane for at dette kan skje er svært låg. Basert på ei samla vurdering av vilkåra i genteknologilova konkluderer vi med at desse ikkje er oppfylte for denne forsøksutsetjinga, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Forskarar ved Havforskingsinstituttet har søkt Miljødirektoratet om forsøksutsetjing av genmodifisert laks. Eitt av måla med forskinga er å unngå at oppdrettslaks som rømmar påverkar genmaterialet til villaksen, slik rømd oppdrettslaks kan gjere i dag.
Etter erfaringa vår er dette første gong det blir søkt om utsetjing av genmodifiserte fisk i Europa.
Genteknologilova regulerer mellom anna framstilling og utsetjing av genmodifiserte organismar (GMO) i miljøet. Lova krev grundige vurderingar, som skal tryggje miljø og helse før ei utsetjing. I tillegg skal det leggjast vekt på om utsetjinga er samfunnsnyttig og bidreg til berekraftig utvikling.
– Forsking og utviklinga av ein steril oppdrettslaks kan vere eit samfunnsnyttig formål, og på sikt bidra til berekraftig utvikling. Men for denne forsøksutsetjinga er det risiko for spreiing av sterilitet til villaksbestandar. Det er derfor ikkje mogleg å gi godkjenning etter regelverket, seier Miljødirektør Hambro.
Ifølgje Bioteknologirådets uttale kan denne forsøksutsetjinga vere samfunnsnyttig og bidra til å fremje berekraftig utvikling, men dei set som premiss at risiko av genetisk påverking av villaks blir unngått.
Moglege alvorlege konsekvensar for villaks
Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har på oppdrag frå Miljødirektoratet vurdert helse- og miljørisiko ved utsetjing.
Ifølgje VKM kan det ikkje utelukkast at nokon av forsøksfiskane er berarar av eit sterilitetsallel og dermed kan få avkom.
– Viss ein av dei genmodifiserte fiskane ikkje er sterile, kan ho likevel bere eigenskapen for sterilitet i arvematerialet sitt og overføre det til neste generasjon. Viss sterilitet blir spreidd frå genmodifisert laks som rømmer, viser VKMs berekningar at det kan ha alvorlege og irreversible konsekvensar for villaksen, seier Hambro.
VKM vurderte at sjølv om det er eit svært lågt sannsyn for dette, kan spreiing til ein villakspopulasjon finne stad sjølv med få forsøksfisk. I ein prognose viser dei at eigenskapane for sterilitet i verste fall kan førast vidare i fleire generasjonar av villaksbestandar.
Miljødirektoratet vurderer presset på villakspopulasjonar som stort, og mengda laks som kvart år kjem frå havet til Noreg er meir enn halvert sidan 1980-talet. Villaksen vart i 2021 ført opp på Norsk raudliste for artar, i kategorien nær trua.
Ikkje mogleg å redusere risiko av forsøket
Miljødirektoratet har vurdert om det er mogleg å redusere påvist risiko ved forsøksutsetjinga gjennom risikoreduserande tiltak. Eit risikoreduserande tiltak søkjar har oppgitt er å bruke doble merdar for å forhindre rømming. Ifølgje VKM gir ikkje doble merdar nødvendigvis nokon ekstra tryggleik mot rømming samanlikna med standard oppdrettsmerdar.
– Miljødirektoratet vurderer at søkjars foreslåtte risikoreduserande tiltak ikkje er tilstrekkelege for å forhindre rømming, og at desse derfor ikkje kan redusere risiko i tilstrekkeleg grad for dette forsøket, seier Hambro.
Lite kunnskap om andre økologiske effektar
VKM påpeikar at det ikkje er undersøkt om genmodifiseringa kan gi effektar på åtferda til fisken, sidan søkjar ikkje har utført forsøk for å studere dette i dei lukka forsøksanlegga sine. Det manglar derfor kunnskap om korleis dei genmodifiserte fiskane vil oppføre seg i miljøet.
– Lova stiller som krav at utsetjing som hovudregel berre skal kunne skje trinnvis. Miljødirektoratet vurderer at det ikkje er grunnlag for å gi unntak frå hovudregelen om trinnvis utsetjing i denne saka, seier Hambro.
Laksen i forsøket er genmodifisert ved hjelp av ein ny metode kalla genredigering. Det er gjort endringar i laksen sine eigne gen, utan å setje inn arvestoff frå andre organismar. Det finst ikkje ei tilpassa rettleiing for risikovurdering av genredigerte organismar i dag. Det er no under utarbeiding i EU. Forskinga på genredigerte dyr er i ein tidleg fase, og det kan forventast mykje ny kunnskap på området.
Les Miljødirektoratets vedtak i vedlegg.
Les meir om forvaltning av genmodifiserte organismar
I Miljødirektoratets rettleiar til GMO-søknader kan du lese meir om søknadsprosessen.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Dokumenter
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Klimasats-støtte til 99 prosjekter i kommuner og fylker4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Flere enn 45 kommuner og fylkeskommuner får til sammen 100 millioner kroner i støtte til klimatiltak. Se hvilke prosjekter som får støtte der du bor.
Klimasats-støtte til 99 prosjekt i kommunar og fylke4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Fleire enn 45 kommunar og fylkeskommunar får til saman 100 millionar kroner i støtte til klimatiltak. Sjå kva prosjekt som får støtte der du bur.
Stanser oppdraget med å felle bjørn i Jarfjord3.7.2025 15:51:27 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet stanser oppdraget med å felle bjørnen som skadet en mann i Finnmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom