Samferdselsdepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2024: Meir pengar til drift og vedlikehald av riksvegar

Del

Regjeringa foreslår å auke drift og vedlikehald på riksvegar med 640 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett. Samla er forslaget til løyving på over 10 milliardar kroner.

– Riksvegnettet er viktig for busetting og næringsliv i heile landet. Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til drift og vedlikehald med over 640 millionar kroner. Totalt vil vi bruke over 10 milliardar kroner til dette i år, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Forslaget vil bidra til å betre tilstanden og redusere vedlikehaldsetterslepet på riksvegane. Aktuelle tiltak er mellom anna ny asfalt, drenering, tiltak på bruer og belysning. Drift og vedlikehald er nødvendig for trafikksikkerheit, framkome, oppetid og for å ivareta verdiane som er investert i vegnettet. Godt vegvedlikehald bidrar også til styrke samfunnssikkerheit.

Deler av pengane vil gå til arbeid etter ekstremværet «Hans» som herja i Noreg i august 2023, og til å utbetre vegskadane etter ekstremværet i Nord-Noreg i 2024.

– Regjeringa har vilje til å velje det som er viktig. Vi må få meir for pengane. Vi må ta vare på vegane våre, og vi må prioritere trygt og ansvarleg gjennom ei krevjande tid, seier Nygård.

I tråd med NTP 2025–2036

RNB kjem i etterkant av framlegginga av ny Nasjonal transportplan for perioden 2025-2036. I den nye transportplanen er eit av hovudgrepa ei dreiing mot drift, vedlikehald og fornying.

– Vi har lagt fram ein svært ambisiøs langtidsplan for transport i heile landet. Vi må sørge for at vegane våre toler eit ekstremvær som kjem stadig oftare. Dette påverkar måten vi planlegg transport på. Vi skal bygge nytt der det er nødvendig, og ta betre vare på det vi alt har. Dette viser vi no med å prioritere meir pengar til drift og vedlikehald i vårt forslag til revidert nasjonalbudsjett, seier samferdselsministeren.

Drift og vedlikehald på riksveg, NTP 2025–2036

Prioriteringane i NTP 2025-2036 for vegnettet inneber å fjerne flaskehalsar, sikre mot skred både på riks- og fylkesveg og auke tryggleiken i tunnelar og på bruer. Ved å utnytte eksisterande infrastruktur sparar ein natur og minskar arealinngrep.

Til riksvegar er det prioritert 574 milliardar kroner i planperioden. 235 milliardar kroner går til drift, vedlikehald, fornying og mindre investeringar.

Regjeringa prioriterer totalt 65 milliardar kroner til fylkesvegane til opprusting, fornying og skredsikring av fylkesvegar for å tryggje kvardagsvegane. Ein ny pott på 600 millionar kroner til at fylkeskommunane kan ruste opp 14 bruer som er kritisk for militær mobilitet.

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2024: Omdisponerer 1,45 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen14.5.2024 10:45:00 CEST | Pressemelding

– Både framdrift og føresetnader i nokre av Bane NORs utbyggingsprosjekt har blitt endra. Derfor legg dei i år opp til å omdisponere investeringsmidlar til drift, vedlikehald og fornying av dagens jernbane. Å ta godt vare på infrastrukturen vi har, er heilt avgjerande for å redusere talet på innstillingar og forseinkingar i togtrafikken. Punktlege tog er viktig for folks tillit til jernbanen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye