Miljødirektoratet

Ny rapport: Mindre sur nedbør

Del

Effektane av sur nedbør held fram med å minke, men enkelte område i Noreg får framleis meir svovel og nitrogen enn naturen toler.

Helikopter slepp kalk over ein innsjø, for å motverke forsuring som kjem av sur nedbør.
Sjølv om effektane av sur nedbør vert mindre, er det framleis nødvendig å kalke norske vassdrag og innsjøar for å bøte på skadane av langtransportert luftforureining. Foto: Helge B. Pedersen.

Sur nedbør består av svovel og nitrogen som gjer ferskvatn surare, og kan gi skadar på fisk og andre dyr som lever i vatn. I tillegg kan nitrogenet føre til overgjødsling, både på land og i vatn. 

– Utsleppa av svovel- og nitrogensamband til luft i Europa er kraftig reduserte. Særleg er utsleppa av svovel kutta mykje, her er reduksjonen på over 90 prosent sidan 1990. Det er gledeleg å sjå at internasjonale miljøavtalar gir konkrete resultat i form av redusert skade på norsk natur, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet. 

Ny rapport viser at overgjødsling er mest utbreidd  

Den nye rapporten viser at situasjonen i perioden 2017-2021 er litt betre enn i førre fem-årsperiode (2012-2016), både når det gjeld forsuring og overgjødsling. (Lenkje til rapportside) 

Seks prosent av Noregs landområde får meir svovel og nitrogen enn naturen toler, og effekten dette gir er forsuring i ferskvatn. Til samanlikning var dette talet i 1990 på 26 prosent. Områda der tolegrensa er overskriden ligg hovudsakleg på Sørvest-landet.

Sjå figur om forsuring.

Femten prosent av Noregs landområde får meir nitrogen enn naturen toler, og effekten er overgjødsling av vegetasjon. Reduksjonen sidan 1990 har vore mykje mindre enn for forsuring.  Dette gjer at overgjødsling i dag den mest utbreidde effekten av langtransportert luftforureining. Vi finn denne effekten i eit breitt belte langs kysten frå svenskegrensa til Stadt. 

Sjå figur om overgjødsling.

Miljødirektoratet har i over 40 år overvakt langtransportert luftforureining i heile landet for å følgje med på kvar naturen tek skade. Ein stor del av svovel- og nitrogensamband som hamnar i norsk natur blir frakta frå andre land som luftforureining, sjølv om norske utslepp også bidreg. 

Rapporten er utarbeidd av Norsk institutt for vassforsking, Norsk institutt for luftforsking og Meteorologisk institutt, på oppdrag frå Miljødirektoratet.  

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Bilder

Helikopter slepp kalk over ein innsjø, for å motverke forsuring som kjem av sur nedbør.
Sjølv om effektane av sur nedbør vert mindre, er det framleis nødvendig å kalke norske vassdrag og innsjøar for å bøte på skadane av langtransportert luftforureining.
Last ned bilde
Delar av Noregs landområde får meir svovel- og nitrogensamband enn naturen toler, og effekten dette gir er forsuring i ferskvatn.
Årleg overskriding av tolegrenser for forsuring av overflatevatn for perioden 2017-2021.
Last ned bilde
Delar av Noregs landområde får meir nitrogensamband enn naturen toler, og effekten er overgjødsling av vegetasjon.
Årleg overskriding av tolegrenser for overgjødsling av vegetasjon og overflatevatn for perioden 2017-2021.
Last ned bilde

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye