Nye avtalar med rehabiliteringsinstitusjonar
17.4.2024 13:38:31 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått nye avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. Med dei nye avtalane er tilbodet til barn og unge styrkte.

I tillegg til rehabiliteringstilbodet som finst i sjukehusa, har Helse Vest avtalar om spesialiserte rehabiliteringstenester med private institusjonar i regionen. No er nye avtalar signerte, og dei trådde i kraft 01.04.24. Avtalane er med følgjande institusjonar:
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler
- Åstveit Helsesenter i Bergen
- Barnas Fysioterapisenter i Bergen
- Ravneberghaugen, Senter for meistring og rehabilitering i Hagavik
- Rehabilitering Vest i Haugesund (1. mai 2024)
- Falck Norge i Randaberg
- PTØ-senteret i Stavanger
- Nærland Rehabilitering på Jæren
Avtalane har ein varigheit på fire år med opsjon for Helse vest RHF til å forlengje for 2 år + 2 år.
– Desse avtalane er eit viktig supplement til sjukehusa, siger Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Styrkte tilbod til barn og unge
Gjennom avtalar med Barnas Fysioterapisenter i Bergen, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og PTØ-senteret i Stavanger, er tilbodet til barn og unge styrkt. Dette gjeld for barn og unge vaksne (opp til 30 år for delar av tilbodet) med komplekse habiliterings- og/eller rehabiliteringsbehov. Tilbodet omfattar både døgntilbod, dagtilbod og kortare dagtilbod i form av timar.
Andre nye tilbod
Nytt i avtalane er tilbod om korte kartleggings- og vurderingsopphald knytt til hjartesjukdommar, kronisk muskel- og bløtdelssmerte og arbeidsretta rehabilitering. Det dreier seg om 3-5 dagars opphald for tverrfagleg vurdering av rehabiliteringsbehovet ved dei institusjonane som har desse deltenestene.
Det er også nytt at alle institusjonane skal tilby digitale rehabiliteringstenester. Det er ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digitale løysingar.
Nøkkelord
Kontakter
Linn HerredsvelaSenior kommunikasjonsrådgiver / Helse Vest RHF
Tel:99517661linn.herredsvela@helse-vest.noFølg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom