Risiko ved å handle produktar utanfor EU
Halvparten av produkta som blir selde hos nettforhandlarar utanfor Europa er ulovlege.

Miljødirektoratet ber forbrukarar vere klar over risikoen ved å handle hos netthandlarar utanfor EU, då produkta kan vere helse- og miljøskadelege.
– Det er ein mykje større risiko å kjøpe varer direkte frå nettbutikkar og plattformer utanfor EU og EØS. Mange land har ikkje like gode krav til innhaldet i produkta, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.
Kontrollerer om produkt er helse- og miljøskadeleg
Kvart år kontrollerer Miljødirektoratet elektriske og elektroniske produkt, leikar, tekstil, moteartiklar, sport og fritidsutstyr som blir selt, både i fysiske butikkar og på nettet. Både innhald av helse- og miljøskadelege stoffar, og dessutan krav til merking av produkta blir kontrollert.
Dei ulovlege produkta vart trekt frå marknaden etter at Miljødirektoratet vende seg til verksemda med informasjon om funna.
Fleire av dei ulovlege produkta som vart kontrollerte vart kjøpte frå nettbutikkar og plattformer som opererer utanfor EU/EØS-området. Resultata er i tråd med tidlegare funn i felles nordiske og europeiske tilsynsprosjekt. 25 prosent av produkta som vart selde i norske nettbutikkar, var ulovlege.
Fare for helse og miljø
Ulovlege produkt kan utgjere ein fare for helse og miljø. I kontrollane våre fann vi ftalat (DEHP, DIBP og DBP) i leiker og sports- og fritidsprodukt. Dette er er stoff som blir produkt tilførte for å gjere dei mjuke.
Vi fann også kortkjeda klorparafinar( SCCP) og tungmetallet kadmium i plast på produkt. I metalldelar i produkta fann vi bly og nikkel.
Desse helse- og miljøskadelege stoffa påverkar helsa gjennom mellom anna kontakt med huda, men samlar seg også i husstøv og kan påverke innelufta. Desse stoffa vil også hamne i naturen når produkta blir produserte eller ved dårleg avfallsbehandling.
Ansvar for at produkta er lovlege
Dei som produserer, importerer og sel produkt har eit ansvar for at produkta er lovlege og i tråd med regelverket som gjeld i EU/EØS.
Miljødirektoratet pålegg alltid verksemdene som sel ulovlege produkt om å trekkje tilbake produkta, og publiserer informasjon om dette i den europeiske portalen Safety Gate, og på den norske nettsida farligeprodukter.no.
Frå 2024 kan Miljødirektoratet også gi straffegebyr ovanfor norske nettbutikkar ved gjentakande avvik.
– Makta vår strekkjer seg ikkje utover Noregs grenser. I Europa kan vi be dei europeiske kollegaene våre føre tilsyn med nettbutikkar og plattformer som har kontor i eit EU-land. Det skjer ikkje for nettbutikkar og plattformer som operer frå utanfor EU, seier Mathieu Veulemans i Miljødirektoratet.
Tips for trygg netthandel:
- Sjekk farligeprodukter.no for å sjå om varene du vurderer å kjøpe har vorte trekt frå marknaden i Noreg.
- Bruk Safety Gate for å sjekke tilbakekallingar i Europa.
- Du kan sjekke den norske nettstaden www.norid.no for å finne eigaren av norske .no-domener. Deretter, søk etter meir informasjon om selskapet i Brønnøysundregistera på www.brreg.no.
- Når du handlar på nettet, sjå etter kontaktinformasjonen, staden og organisasjonsnummeret til nettbutikken. Då veit du kva selskap ligg bak nettsida og kvar ho ligg.
- Kjøp berre CE-merka leikar og elektriske og elektroniske produkt.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
27,9 millioner kroner til opprydding av marin forsøpling21.3.2025 08:40:00 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tilskudd til 25 prosjekter som skal forebygge og redusere plastforurensning i havet.
27,9 millionar kroner til opprydding av marin forsøpling21.3.2025 08:40:00 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tilskot til 25 prosjekt som skal førebyggje og redusere plastforureining i havet.
Fann miljøfarlege stoff i kosmetikk13.3.2025 10:34:34 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet har kontrollert kosmetikk og fann at fleire av produkta inneheldt miljøfarlege stoff. Dei var dermed ulovlege å selje.
Fant miljøfarlige stoffer i kosmetikk13.3.2025 10:19:21 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet har kontrollert kosmetikk og fant at flere av produktene inneholdt miljøfarlige stoffer. De var dermed ulovlige å selge.
Oljeforurensningen på trøndelagskysten må fjernes28.2.2025 12:11:09 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet er bekymret for miljøkonsekvensene av oljeforurensning fra Njord A-plattformen, som nå treffer sårbare områder på land i Trøndelag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom