Samferdselsdepartementet

Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område

Del

Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.

 – Regjeringa har lagt fram proposisjon for kostnadsramme for prosjektet rv.13 Lovraeidet–Rødsliane. No får vi ein tunnel forbi det skredutsette området Rødsliane i Suldal. Dette vil betre både trafikktryggleik og framkome på riksvegen gjennom Ryfylke, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Suldal kommune. Rv. 13 er hovudvegen frå Stavanger gjennom Ryfylke og indre delar av Vestland fram til Sogndal. Vegen er òg viktig for transporten gjennom Ryfylke og indre Vestland.

Vegstrekninga Lovraeidet-Rødsliane har i dag dårleg standard med stor skredfare. Prosjektet omfattar skredsikring av strekninga og inkluderer bygging av ein tunnel på om lag 3 km, i tillegg til 1,2 km hovudveg og 0,3 km med sidevegar. I krysset i Lovraeidet skal det òg byggjast ein kollektivterminal.

Gjennomføring av prosjektet er eit viktig bidrag til betre trafikktryggleik og framkome på rv. 13 i Suldal, noko som er bra både for lokalbefolkninga og for næringslivet, seier Nygård.

I ein tidlegare fase blei det vurdert at bygginga av tunnelen ville krevje fråvik frå tunnelsikkerheitsforskrifta på grunn av stigninga i tunnelen.  Etter nye vurderingar har ein kome fram til ei ny planløysing som ikkje krev eit slikt fråvik. Den nye planløysinga ligg til grunn for vedtatt reguleringsplan.

Finansiering av prosjektet

Finansieringa av prosjektet er basert på statlege midlar. I årets statsbudsjett går det fram at det for 2024 er sett av midlar til å starte opp prosjektet under den føresetnad at Stortinget sluttar seg til forslag om kostnadsramme.

Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 1538 millionar 2024-kroner for prosjektet.

Kontakter

Lenker

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2024: Omdisponerer 1,45 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen14.5.2024 10:45:00 CEST | Pressemelding

– Både framdrift og føresetnader i nokre av Bane NORs utbyggingsprosjekt har blitt endra. Derfor legg dei i år opp til å omdisponere investeringsmidlar til drift, vedlikehald og fornying av dagens jernbane. Å ta godt vare på infrastrukturen vi har, er heilt avgjerande for å redusere talet på innstillingar og forseinkingar i togtrafikken. Punktlege tog er viktig for folks tillit til jernbanen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye