Rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane: Eit viktig steg nærare realisering av tunnel i skredutsett område
5.4.2024 11:59:27 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Regjeringa har lagt fram proposisjon om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane.
– Regjeringa har lagt fram proposisjon for kostnadsramme for prosjektet rv.13 Lovraeidet–Rødsliane. No får vi ein tunnel forbi det skredutsette området Rødsliane i Suldal. Dette vil betre både trafikktryggleik og framkome på riksvegen gjennom Ryfylke, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om fastsetting av kostnadsramme for prosjektet rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Suldal kommune. Rv. 13 er hovudvegen frå Stavanger gjennom Ryfylke og indre delar av Vestland fram til Sogndal. Vegen er òg viktig for transporten gjennom Ryfylke og indre Vestland.
Vegstrekninga Lovraeidet-Rødsliane har i dag dårleg standard med stor skredfare. Prosjektet omfattar skredsikring av strekninga og inkluderer bygging av ein tunnel på om lag 3 km, i tillegg til 1,2 km hovudveg og 0,3 km med sidevegar. I krysset i Lovraeidet skal det òg byggjast ein kollektivterminal.
Gjennomføring av prosjektet er eit viktig bidrag til betre trafikktryggleik og framkome på rv. 13 i Suldal, noko som er bra både for lokalbefolkninga og for næringslivet, seier Nygård.
I ein tidlegare fase blei det vurdert at bygginga av tunnelen ville krevje fråvik frå tunnelsikkerheitsforskrifta på grunn av stigninga i tunnelen. Etter nye vurderingar har ein kome fram til ei ny planløysing som ikkje krev eit slikt fråvik. Den nye planløysinga ligg til grunn for vedtatt reguleringsplan.
Finansiering av prosjektet
Finansieringa av prosjektet er basert på statlege midlar. I årets statsbudsjett går det fram at det for 2024 er sett av midlar til å starte opp prosjektet under den føresetnad at Stortinget sluttar seg til forslag om kostnadsramme.
Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 1538 millionar 2024-kroner for prosjektet.
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noLenker
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Mo i Rana: Regjeringa vil gjere nye Mo i Rana lufthamn mindre sårbar for satellittforstyrringar20.11.2026 11:50:34 CET | Pressemelding
Regjeringa foreslår at staten skal kunne bidra med inntil 125 millionar kroner til eit bakkebasert instrumentlandingssystem (ILS) ved den nye lufthamna i Mo i Rana. Systemet skal gi flya ein alternativ innflygingsmoglegheit, dersom satellittbaserte navigasjonssystem blir forstyrra eller fell bort.
Tiltak for betre reisopplevingar for flypassasjerar med nedsett funksjonsevne20.11.2026 11:49:26 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet vil i dialog med Luftfartstilsynet konkretisere kva som bør gjerast for at personar med nedsett funksjonsevne kan reise med fly på ein verdig måte og utan unødvendige hinder. Informasjon, kunnskap og rettleiing om regleverk vil vere viktige tiltak. Arbeidet tar utgangspunkt i ein rapport som Luftfartstilsynet har laga i tett samarbeid med organisasjonar som representerer denne passasjergruppa.
Tilbyr toårig forlengelse av byvekstavtalen for Bergens-området17.11.2026 15:02:26 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag sendt tilbud om å forlenge byvekstavtalen for Bergens-området med to år. Med forlengelsen legger staten til grunn 5,3 milliarder kroner i perioden 2027–2031.
Enklere å gi elektriske varebiler plass i kollektivfeltet6.11.2026 16:40:09 CET | Pressemelding
Nå blir det enklere å gi elektriske varebiler tilgang til kollektivfelt der elektriske personbiler ikke får kjøre.
Sender forslag om å heve aldersgrense for bruk av elsparkesykkel på høring5.11.2026 14:04:04 CET | Pressemelding
– Barn og unge skader seg på elsparkesykkel som aldri før, og det må vi gjøre noe med. På oppdrag fra Arbeiderparti-regjeringa sender Statens vegvesen i dag forslaget om å heve aldersgrensen til 16 år på høring, sier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom