Samferdselsdepartementet

E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2: Eit steg nærare ny tunnel

Del

Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus.

– Regjeringa har lagt fram proposisjon for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2. Den nye strekninga vil mellom anna betre oppetida og trafikktryggleiken, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har lagt fram eit forslag for Stortinget om utbygging og finansiering av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2. Det første byggetrinnet omfatta dagens Oslofjordtunnel med tilhøyrande veg og blei opna for trafikk i juni 2000. Oslofjordtunnelen gav eit alternativt øst-vest vegsamband under Drøbaksundet, utanom Oslo mellom E6 og E18 i Akershus og Buskerud. 

Byggetrinn 2 omfattar bygging av eit nytt tunnelløp i Oslofjordtunnelen parallelt med det eksisterande tunnelløpet. Det blir samband mellom nytt og eksisterande tunnelløp.

Prosjektet omfattar òg utviding av eksisterande veg mellom Måna og Vassum frå to- til firefelts veg med nye løp i Frogntunnelen og Vassumtunnelen. Prosjektet er totalt 14 km og vegen er planlagt med fartsgrense 60 km/t ved Vassumtunnelen, 90 km/t Vassum–Måna og 70 km/t gjennom Oslofjordtunnelen (Måna–Verpen).

Det er lagt opp til anleggsstart i 2025 og opning for trafikk i 2032.

– Målet med utbygginga er ei sikker kryssing av Oslofjorden i eksisterande trasé for E134 og auka framkomst ved at oppetida aukar til nær 100 prosent. Prosjektet vil gi ein markant betre trafikktryggleik, særleg fordi ein fjernar moglegheita for møteulykker, seier Nygård.

Finansiering av prosjektet

Finansieringa av prosjektet E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er mellom anna omtalt i NTP 2022–2033. I årets statsbudsjett går det fram at prosjektet vil starte opp med føresetnad om at Stortinget sluttar seg til forslag om delvis bompengefinansiering og kostnadsramme. Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 7 750 mill. kroner for prosjektet.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Høring: Regjeringen vil sikre god og miljøvennlig transport langs kysten21.5.2024 15:13:43 CEST | Pressemelding

– Det er viktig med god og effektiv transport av gods og passasjerer langs kysten. Kystruten har en lang og stolt historie med over 130 år med transport av passasjerer og gods langs kysten fra Bergen til Kirkenes, og regjeringen ønsker å sikre et best mulig tilbud også i fremtiden. Derfor setter vi denne våren i gang et transport- og miljøfaglig utredningsarbeid av kystrutetjenesten. Samtidig vil vi gjennomføre en åpen høring, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Revidert nasjonalbudsjett 2024: Omdisponerer 1,45 milliardar kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen14.5.2024 10:45:00 CEST | Pressemelding

– Både framdrift og føresetnader i nokre av Bane NORs utbyggingsprosjekt har blitt endra. Derfor legg dei i år opp til å omdisponere investeringsmidlar til drift, vedlikehald og fornying av dagens jernbane. Å ta godt vare på infrastrukturen vi har, er heilt avgjerande for å redusere talet på innstillingar og forseinkingar i togtrafikken. Punktlege tog er viktig for folks tillit til jernbanen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye