Påskefeiring i kyrkja som planlagt
Den norske kyrkja har kontakt med politiet som melder at kyrkja sine arrangement i påska kan gå som planlagt, og at alle er oppmoda til å feire påske som normalt.
![PST melder at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt, og alle er oppfordra til å feire påske som normalt. Illustrasjonsfoto Terje Peersen / Den norske kyrkja.](/data/images/public/8556475/18061962/2eab0b61-55b6-4df0-8a68-c36fadfc3a0f-w_720.jpg)
Politiet et innført nasjonal bevæpning av politiet i påskehøgtida, på bakgrunn av ei oppdatert trusselvurdering frå PST. I denne vurdeirnga framstår kyrkjer og kristne samlingsstader som aktualiserte terrormål, men PST understrekar at det ikkje ligg føre konkrete truslar. Trusselnivået i Noreg er uendra.
Den norske kyrkja på nasjonalt nivå har jamnleg kontant med Politiet og PST. Tilbakemeldinga er at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt, og ein er oppfordra til å feire påske som normalt.
– Påska er ei tid som samlar mange menneske til ulike arrangement i kyrkjene, seier kyrkjerådsdiretkør Ingrid Vad Nilsen.
På skjerikyrkja.no kan du velje kommune og finne programmet for kyrkja der du er.
– Vi har jamnleg kontakt med PST og er glade for at dei følgjer med på situasjonen. No har vi sendt ut informasjon til alle lokale arrangørar om at påskeprogrammet kan gå som planlagt, seier Vad Nilsen.
Politiet vil kontakte kyrkja dersom dei meiner det er grunn til at kyrkja må ta spesielle omsyn.
– Den viktigaste jobben til politiet er å trygge befolkninga. Sjølv om det ikkje ligg føre konkrete truslar, har politidirektøren etter ei samla vurdering innført midlertidig bevæpning for å sikre best mogeleg beredskap gjennom påska, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet, Tone Vangen. Les meir på politiet.no.
Nøkkelord
Kontakter
Jorunn Strand AskelandKommunikasjonsdirektør (konst.)
Tel:40405015ja329@kirken.noBilder
![PST melder at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt, og alle er oppfordra til å feire påske som normalt. Illustrasjonsfoto Terje Peersen / Den norske kyrkja.](/data/images/public/8556475/18061962/2eab0b61-55b6-4df0-8a68-c36fadfc3a0f-w_240.jpg)
Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.
![](/data/images/public/8556475/18061962/e0ea4f5a-fce1-4ff5-bf15-6ff5cc2a2d6e-w_780.png)
Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Oslo domkirke får 800 000 kroner – skal styrke kirkemusikkstudiet8.7.2024 11:13:04 CEST | Pressemelding
Oslo domkirke vil bidra til ny energi inn i orgelutdannelsen for å forhindre et stort brudd med kirkens identitet og historie.
Drop-in-dåp: 150 born og vaksne døypt13.6.2024 06:50:00 CEST | Pressemelding
Dei siste vekene har 150 born, unge, vaksne og eldre blitt døypt i drop-in-dåp i Den norske kyrkja. – Mange set pris på fleksibiliteten og det enkle, seier kyrkjerådsleiaren.
Derfor velger unge konfirmasjon i kirken7.6.2024 11:22:30 CEST | Pressemelding
Hvert år er det mer enn 30.000 konfirmanter i Den norske kirke. Les de tre viktigste grunnene til at konfirmanter velger kirkelig konfirmasjon her.
Ole Edvard Wold-Reitan er ny direktør i Kirkerådet24.5.2024 11:00:00 CEST | Pressemelding
Kirkerådet har tilsatt Ole Edvard Wold-Reitan som ny direktør. Han kommer fra stillingen som stiftsdirektør i Oslo bispedømme. – Svært meningsfullt å jobbe i kirken, sier den nye direktøren.
Hva er pinse?18.5.2024 10:25:00 CEST | Pressemelding
Et av de mest googlede «hva er»-spørsmålene er om pinse. – En feiring av Guds livgivende kraft, forklarer kirkerådslederen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom