Riksantikvaren

Nytt kunnskapsgrunnlag for landskap i Vestland

Del

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) er eit kunnskapsgrunnlag for landskap det knyter seg nasjonale kulturmiljøinteresser til. Ei oversikt over slike landskap i Vestland fylke er no klar.

Gamle Strynefjellsvegen vart bygd som turistveg på slutten av 1800-talet.
Gamle Strynefjellsvegen vart bygd som turistveg på slutten av 1800-talet. Siri Hagen, Riksantikvaren

- Kulturlandskapa i Sogn og Fjordane er viktig lokalt og for heile Noreg, seier Jarle Jarleson Vaage, sjef for seksjon for arealplanlegging og miljø hjå Riksantikvaren. Når ein skal gjere endringar i landskap er det viktig at kommunen har gode verktøy for å vurdere konsekvensar ved større tiltak, slik at store kultur- og naturverdiar ikkje går tapt, seier Vaage.

Oversikta over landskap i Sogn og Fjordane er no klar. Riksantikvaren har fått fleire gode innspel og har gjort endringar i oversikta på bakgrunn av dei. Lokalt engasjement er viktig for utforminga av slike planar, og Riksantikvaren ønskjer å rette ein stor takk til alle som har engasjert seg i arbeidet med utforminga av planen.

- Vi er veldig glade for at folk engasjerer seg for verdiane som ligg i kultur- og naturlandskapa våre, og i utarbeidinga av KULA Sogn og Fjordane har vi ikkje vore einige om alt, seier Vaage. På bakgrunn av lokalt engasjement, og gode innspel frå kommunane, har vi endra nokre av forvaltingsråda som først var foreslått i oversikta, seier Vaage.

KULA inneber ikkje eit formelt vern eller freding. Oversikta skal vere eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for kommunar og andre myndigheiter som påverkar og styrar utviklinga av landskap i Noreg. Det syner kva landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva og kvar desse verdiane er, og råd om korleis dei bør takast vare på. Frå før har Hordaland, Østfold, Troms, Buskerud, Agder, Akershus, Rogaland, Møre og Romsdal og Oppland slike kunnskapsgrunnlag.

- Tempoet og omfanget av endringar aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Difor er kunnskap om kultur- og naturlandskapa våre viktig, seier Vaage.

Landskap i Sogn og Fjordane

Landskapet i Sogn og Fjordane har store kontrastar frå dei ytre kystbygdene via fjordane og lågfjellet til høgfjellet med breane. Kysten er open og til dels vêrhard og ei rekkje av høge fjelløyer ligg her som perler på ei snor. Fjordlandskapet er variert frå opne til smale fjordar omgjevne av høge fjell. Innover fjordane er vegetasjonen frodig og jordbruksdrifta skaper ein mosaikk av teigar med ulik bruk. Menneska i landskapet bur spreitt, og dei største byane og tettstadane ligg ved fjordane eller på kysten.

Landskap i Sogn og Fjordane:
Stadlandet i Stad kommune
Selja i Stad kommune
Nordfjord i Kinn og Bremanger kommunar
Strynefjellet vest i Stryn kommune
Midtre Bremanger i Bremanger kommune
Den ytre skipsleia med fjelløyene i Askvoll og Kinn kommunar
Jølstravatnet i Sunnfjord kommune
Tysselandet og Leite i Fjaler kommune
Lustrafjorden i Luster kommune
Hyllestad i Hyllestad kommune
Høyanger i Høyanger og Sogndal kommunar
Balestrand og Vangsnes i Sogndal og Vik kommunar
Grinde og Engjasete i Sogndal kommune
Strendene i Vik, Vik kommune
Hove og Hopperstad i Vik kommune
Gulatinget i Gulen kommune
Nærøyfjorden i Aurland, Lærdal og Vik kommunar
Filefjell vest i Lærdal kommune
Lærdal i Lærdal kommune
Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi i Aurland kommune
Bergensbanen og Flåmsbana i Aurland kommune og Ulvik herad

KULA - Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse

Etableringa av KULA er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Utveljinga av landskap blir gjort i tett samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning (fylkeskommunar og Sametinget) og kommunane, som kjenner dei lokale tilhøva best. Kommunane blir også involvert undervegs i arbeidet. Landskapa i KULA-registeret skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i området, og dei fortel historia om Noreg.

Nytt frå 2023 er at KULA no inngår i ei felles oversikt: Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Her vil også NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonal interesse i byer og tettsteder) inngå til saman med kulturmiljø som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik ikkje har vore med i NB!-registeret eller KULA. Dei utvalde kulturmiljøa og landskapa blir lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, og du finn dei òg på Riksantikvaren si nettside Kulturminnesøk.

Landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag

Dagens landskap er eit resultat av korleis menneska har brukt areal og ressursar over tid. Landskapet vil alltid vere i endring, og natur- og kulturlandskap er stadig under press.
Nokre endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre bidreg til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på verdiane i landskapet og samstundes vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv. Målet er at KULA-områda til saman skal vise mangfaldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busetnad, næring og ferdsel har prega landskapet vårt gjennom historia.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Kinn med Kinnaklova og mellomalderkyrkja
Kinn med Kinnaklova og mellomalderkyrkja
Last ned bilde
Rognaldsvåg på Reksta
Rognaldsvåg på Reksta
Last ned bilde
Hagen på Sandalstrand der Nicolai Astrup budde og virka i mange år, no museumsanlegget Astruptunet
Hagen på Sandalstrand der Nicolai Astrup budde og virka i mange år, no museumsanlegget Astruptunet
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye