Riksantikvaren

18,5 millionar auker fagkunnskapen om fartøy

Del

Riksantikvaren har fordelt tilskot for 2024 til dei tre nasjonale fartøyvernsentra og til 13 fagutviklingsprosjekt i fartøyvernet.

Arbeid på Hvalerskøyte.
Hvalerskøyte. Fleire av våre fremste båtbyggjarar deltek i hvalerskøyte-prosjektet, som skal ferdigstillast i 2024. Paul Henriksen, Hvaler kulturvernforening.

– Noreg har ein rik båttradisjon, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. – Vi ser at det no er behov for å styrke fagutviklinga i fartøyvernet, og har for 2024 fått til ei auke på 2 millionar. Vi voner at dette kan bidra til å byggje meir kunnskap og kompetanse for å ta betre vare på verna og freda fartøy i heile landet. 

 Tilskotet i statsbudsjettet til fagutvikling i fartøyvernet er i 2024 på 18,55 millionar. Dette skal finansiere kjerneaktiviteten hjå dei tre fartøyvernsentra og fagutviklingsprosjekt hjå kompetansemiljø i heile landet.  

 De tre nasjonale fartøyvernsentra i Kristiansand, Hardanger og i Gratangen har søkt om 18,8 millionar kroner til kjerneaktivitetar i 2024. Kjerneaktivitetar er aktivitet knytt til dokumentasjon, rådgjeving, nødhamn og delelager, noko som gjer at dei tre sentra kan fylle rolla som nasjonale kompetansesenter for alle som eig verna og freda fartøy.  

 – Dei tre nasjonale sentra har ei sentral rolle, både som forskingsmiljø og som rådgjevarar til båteigarar og båtbyggjarar, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Vi har lagt opp til at tilskota til kjerneaktivitetar skal vere føreseielege over fleire år, men Nordnorsk fartøyvernsenter har store utmaningar. I samråd med Klima- og miljødepartementet er vi difor innstilte på å gje eit auka tilskot til dette senteret.

Dette får dei tre nasjonale sentra i tilskot til kjerneverksemda i inneverande tre-årsperiode:  

Senter  2023 2024 2025
Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter 3 641 503 3 950 000 3 950 000
Hardanger fartøyvernsenter 4 539 261 5 955 000 5 955 000
Nordnorsk fartøyvernsenter 1 357 272 3 000 000 3 200 000
Totalt 9 538 036 12 905 000 13 105 900

Fagutviklingsprosjekt gjer det mogeleg for fleire å samarbeide

Riksantikvaren har motteke 30 søknadar om fagutviklingsprosjekt på til saman 11,6 millionar. 13 av søknadane er innvilga, og til saman går 4.022.849 millionar kroner til fagutviklingsprosjekt landet rundt.

– Vi vil skape solide fagmiljø gjennom samarbeid med dei nasjonale fartøyvernsentra og andre kompetansemiljø, seier Geiran. – Det seier seg sjølv at med så mange søknader må vi prioritere godt, men vi er glade for å sjå at kvaliteten på søknadane er gode i år. Vi har prioritert prosjekt som gjev fagleg samanheng og heilskap, og der fleire aktørar har nytte av resultata.

Prosjektet «Segl i naturfiber – eit levande handverk» er eit godt døme på at fleire samarbeider om gjennomføringa av prosjektet og at mange vil ha nytte av resultata frå prosjektet. Prosjektet byggjer vidare på ein vellukka første del, og gjennomførast i samarbeid med det nasjonale fartøyvernsenteret i Hardanger fartøyvernsenter og det regionale senteret Isegran fartøyvern. Kunnskapen om å sy segl av naturfiber på tradisjonell måte skal no gjenvinnast og sikrast, og vil kome heile seglskipsflåten til gode.

Fartøy ikkje berre langs kysten

Båtar er ikkje berre eit kystfenomen. Det finst eit rikt tilfang av lokale tradisjonsbåtar langs vassvegane inne i landet, men desse er framleis lite dokumenterte. Eit prosjekt knytt til gjenvinning/sikring av byggjetradisjon for tradisjonsbåt på Mjøsa får i år tilskot. Dette prosjektet svarar direkte på merksemda retta mot små og opne båtar som følgje av innskrivinga av den nordiske klinkbåttradisjonen på UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv.

Tilskot til prosjekt 2024

Søkjar Prosjekt Tilskot
Bragdøya kystlag Kompetanseheving for trebåtbyggerne og fartøyvernet 250 000
Båtbyggarmuseet i Vestnes Innreiing i jakter og galeasar 350 000
Glomdalsmuseet Revitalisering av mjøsbåtkulturen 600 000
Isegran Fartøyvern Forskning og dokumentasjon Hvalerskøyte 550 000
Tarpon AS Seil i naturfiber et levende håndverk del 2 480 000
Veteranlaget Wichman Kurs i sikring, istandsetting, drift og vedlikehold av motorer i fredete og vernete fartøy 165 000
Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter Valsing av hudplater 677 650
Hardanger fartøyvernsenter Forprosjekt – Oppfølging av seminar om skipsdata 50 280
Hardanger fartøyvernsenter Fagskole – Vidareutdanning for håndverkarar i fartøyvern 412 240
Hardanger fartøyvernsenter Forprosjekt klinkbygging på modellspant: småfartøy og linjeproduserte småbåter 63 280
Hardanger fartøyvernsenter Måleeiningar og målepunkt 89 800
Hardanger fartøyvernsenter Videodokumentasjon av håndverksteknikker 192 294
Nordnorsk fartøyvernsenter Fagskole videreutdanning for håndverkere hos NNFA 142 305
Sum 4 022 849



Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye