Riksantikvaren

Nytt kunnskapsgrunnlag for landskap i Møre og Romsdal

Del

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) er eit kunnskapsgrunnlag for landskap det knyter seg nasjonale kulturmiljøinteresser til. Ei oversikt over slike landskap i Møre og Romsdal fylke er no klar.

Geirangerfjordområdet er med i oversikta.
Geirangerfjordområdet er med i oversikta. Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

KULA skal vere eit kunnskapsgrunnlag og forvaltningsverktøy for kommunar og andre myndigheiter som påverkar og styrar utviklinga av landskap i Noreg. Det syner kva landskap det knyter seg nasjonale interesser til, kva og kvar desse verdiane er og korleis dei bør takast vare på. Frå før er Hordaland, Østfold, Troms, Buskerud, Agder, Akershus, Rogaland og Oppland del av registeret.

– Landskapa i KULA-registeret skal kunne utviklast vidare av dei som driv landbruk og næring i området, og dei fortel historia om Noreg. KULA er eit kunnskapsgrunnlag som skal støtte opp om planarbeid, og inneber ikkje eit formelt vern eller freding, seier Jarle Jarleson Vaage, sjef for seksjon for arealplanlegging og miljø.

Etableringa av KULA er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Utveljinga av landskap blir gjort i tett samarbeid med regional kulturmiljøforvaltning (fylkeskommunar og Sametinget) og kommunane, som kjenner dei lokale tilhøva best. Kommunane blir også involvert undervegs i arbeidet.

Nytt frå 2023 er at KULA no inngår i ei felles oversikt: Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Her vil også NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonal interesse i byer og tettsteder) inngå til saman med kulturmiljø som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik ikkje har vore med i NB!-registeret eller KULA. Dei utvalde kulturmiljøa og landskapa blir lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden, og du finn dei òg på Riksantikvaren si nettside Kulturminnesøk.

Landskap i Møre og Romsdal
Møre, havlandet, var nemninga dei sjøfarande i gamal tid nytta når dei omtala Møre og Romsdal. Namnet syner at det var kystleia som var den naturlege ferdslevegen. Landskapet er prega av høge fjell og djupe fjordar, som skjer langt inn i landet. Små og store holmar og øyer tek av mot storhavet.

På Sunnmøre er tverrfjordane lange, omgitt av stutte og brattlendte dalføre. Frå Romsdalsfjorden er tverrfjordane kortare enn på Sunnmøre, og kløyver seg i eit ytre og eit indre basseng medan dalføra er lengre og slakare. Gjennom eit av desse dalføra, Romsdalen, går den viktigaste ferdsleåra mellom Møre og Romsdal og Austlandet. På Nordmøre er tverrfjordane lengre, og skil fleire store øyer frå kvarandre. Ved enden av fjordsystema ligg vidstrakte dalstrok. Nokre av desse fortsett vidare inn i Trøndelag.
Dei geografiske tilhøva har, gjennom historia, medverka til å gi dei tre regionane ulike sambandsliner til resten av landet. Medan Sunnmøre i stor grad har vore orientert sørover, har Romsdal og Nordmøre i hovudsak vore orienterte austover og nordover.

I Møre og Romdal er følgjande 12 landskap oppført i kunnskapsgrunnlaget:

1. Edøyfjorden og Sør-Smøla, Smøla og Aure kommunar    
2. Hustadvika, Hustadvika og Averøy kommunar    
3. Romsdalsfjorden, Molde kommune   
4. Litldalen, Sunndal kommune    
5. Øvre Sunndal, Sunndal kommune   
6. Romsdalen, Rauma kommune   
7. Eikesdalen, Molde kommune   
8. Gravdalen, Molde kommune    
9. Alnes, Giske kommune  
10. Flåværleia, Sande, Herøy og Ulstein kommunar   
11. Hjørundfjorden, Ørsta, Sykkylven og Volda kommune   
12. Geirangerfjordområdet, Fjord og Stranda kommunar

Landskap i bruk frå steinalderen og fram til i dag
Dagens landskap er eit resultat av korleis menneska har brukt areal og ressursar over tid. Landskapet vil alltid vere i endring. Nokre endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre bidreg til å styrke dei. Med god planlegging kan landskapet brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga, slik at vi både tek vare på verdiane i landskapet og samstundes vidareutviklar dei i eit langsiktig perspektiv.

– Landskapa våre er ein heilskap av naturgjevne og menneskeskapte høve, og samspelet mellom desse. Spora etter forfedrane våre finst overalt i landskapet, i det opne jordbrukslandskapet, i skog og utmark, på fjellet og i byen. Tempoet og omfanget av endringar aukar no i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Difor er kunnskap om landskapsverdiar viktig, seier Vaage.

Målet er at KULA-områda til saman skal vise mangfaldet i kulturhistoria. Dei skal syne korleis busetnad, næring og ferdsel har prega landskapet vårt gjennom historia.

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Lenker

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye