Startar arbeid sju netter i veka på E16 ved Dale
10.1.2024 15:36:04 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Tunneloppgraderinga på E16 Bergen-Voss går no inn i ein ny fase på strekninga Dalseid-Bolstad, med kolonnar også i helgane.

- Dette vil medføre ulemper for ein del trafikantar, men me innfører samtidig fleire kolonner, med maks ein times ventetid og faste avgangstidspunkt. Dette vil betre framkommeligheita for alle trafikantar, men kanskje spesielt for nyttetransport og lokaltrafikk, seier prosjektleiar Eirik Røthe i Statens vegvesen.
Dei tre tunnelane det gjeld er Dalseidtunnelen, Trollkonetunnelen og Hyvingtunnelen. Fram til no har det vore kontinuerleg kolonnekøyring på strekninga, men frå i natt går ein altså over til kolonnekøyring på faste tider. Dei første kolonnene har halvtimes-avgangar, før ein går over til timesavgangar som køyrar kvar halve time frå Voss-sida og kvar heile time frå Bergen-sida. (sjå oversikt på plansje under)
Mykje skal gjerast
Ut over året skal det gravast ferdig grøfter i tunnelane, installerast utstyr i fire nyoppsette bygg, setjast opp nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, DAB og naudnett, bommar på begge sider av tunnelane med meir. Til hausten vil ein gå over i ein testfase. Arbeidet i tunnelane skal vera ferdig innan utgangen av januar 2025, men slik det ser ut per no, så vert nok arbeidet ferdig før den tid. I forbindelse med overgang til helgearbeid vil det også bli satt på meir bemanning, dette vil òg bidra til tidlegare ferdigstilling.
Portal skal forlengast
Portalen på vestsida av Dalseidtunnelen skal forlengast med ca 50 meter. Dette arbeidet vil i all hovudsak pågå utanfor vegbane, men pga plassbehov for forskaling m.v. vil det bli innsnevring til ei køyrebane med lysregulering medan arbeidet pågår. Her vil det bli arbeidd i sommerhalvåret, frå april til oktober, i 2024 og 2025. Under støyping vert vegen heilt stengt for all trafikk i opptil eit døgn. Slike stengingar vert vanlegvis lagt til laurdager, og varsla i god tid.
Hernes- og Dalevågtunnelane er no så og seie ferdig oppgraderte, med nytt utstyr i Dalevågtunnelen satt i drift før jul. Riving av gamalt utstyr i Dalevågtunnelen pågår, samt litt sluttarbeid, slik at det innimellom kan vere behov for stengningar på kveld-natt i desse to også, men då med kontinuerleg kollonnekøyring.
Kontakter
Eirik RøtheByggelederStatens vegvesen Utbygging Tunneloppgradering
Tel:412 06 131eirik.rothe@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vegvesenet sender reguleringsplanen for ny rv. 22 til kommunen12.6.2026 15:16:27 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har sendt forslaget til reguleringsplan for rv. 22 Glommakryssing til Lillestrøm kommune.
Flere veier stenges i Trondheim på lørdag12.6.2026 13:00:08 CEST | Pressemelding
I forbindelse med sykkelrittet L’Étape Trondheim vil mange veier bli stengt. Statens vegvesen ber alle trafikanter sjekke sin kjørerute og være forberedt på redusert framkommelighet.
Starter arbeidet med reguleringsplan for E18 Oddemarka–Tordenskjolds gate, sykkelstamvei12.6.2026 12:48:10 CEST | Pressemelding
Nå kan alle som ønsker det, komme med innspill og kommentarer til planarbeidet.
Beredskapsøvelse stenger Vardøtunnelen12.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Tirsdag 16. juni holder Statens vegvesen en beredskapsøvelse i Vardø. Vardøtunnelen blir stengt mellom klokka 15.00 og 19.00. Trafikken vil bli sluppet gjennom i puljer med ledebil.
Kantklipp for bilister, blomster og bier12.6.2026 07:45:00 CEST | Pressemelding
Har du lurt på hvorfor vegkantene klippes mens de er på sitt vakreste? Her får du fire gode grunner, og tips til hva du selv bør gjøre om du møter på kantslått.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom