Grappa Musikkforlag AS

Andreas Rotevatn slepp drøymande singel med Lindstrøm

Del

"Av Daude Gror" er ute i dag, og er ei ny musikalsk side av begge musikarane.

LYTT HER

Om du er ein Spellemanns-nominert komponist av musikk for stort jazzorkester, og skal starte ditt eige band - kva gjer du då? Trombonist, vokalist og keyboardist Andreas Rotevatn samla saman nokre av sine favorittmusikarar og produsentar for å lage ei plate - på kommande singel har Rotevatn fått med seg Lindstrøm, som for mange er kjent som DJ og produsent av elektronisk musikk. 

Frå salma No livnar det i lundar har Rotevatn henta namnet på singelen. Eit uttrykk som umiddelbart kan gje negative konnotasjonar, men som ved nærare lesing faktisk er ibuande positivt. Eller, det gjev von om at det ut av det vonde kjem noko godt. Og at om det gode skal vere ein del av livet, må ein òg ha det vonde som skapar balanse.

Av daude gror har noko sakralt eller hymnete over seg. Sjølv om Rotevatn er ateist, har han både gospel og salmeboka med i den musikalske bagasjen, og låta vart til som ein synth-improvisasjon:

- Eg fekk det over meg, ei voldsom sterk kjensle av tap - at eg ikkje berre mentalt visste, men at eg kroppsleg kjente på at mine foreldre skal døy ein dag. Dette er noko alle veit på papiret, men som ein ikkje alltid klarar å ta innover seg som noko som faktisk kjem til å skje. Og det er jo noko utruleg trist over dette, men samstundes er det premisset for at eg, og mine etterkomarar, skal kunne leve og vekse opp. Og ut av denne sterke kjensla av å vere ein del av generasjonane, improviserte eg fram ein stadig transformerande koral. Frå eit frø av ein enkel melodi, mot eit klimaks, eit kaos, som på ny vert avløyst av det same enkle frøet.

På denne låta har Rotevatn fått med seg space disco-helten Lindstrøm, som til vanleg ikkje nødvendigvis lagar musikk av eit so lågmælt slag:

- Eg sendte opptaket av meg som spelar rhodes til Lindstrøm, som sendte innspelinga gjennom ein haug med analoge effektboksar og modular. Han brukte dette eine lydsporet for alt det er verdt, og har laga eit lydlandskap som eg tykkjer fargelegg musikken på ein heilt riktig måte: frå det vene, via det vonde, og attende.

Artisten Andreas Rotevatn (f.1989) er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid på Vestlandet. Sidan 2013 har han vore busett i Oslo. Han har ein bachelor i jazztrombone frå Griegakademiet og ein master i utøvande musikkteknologi frå Norges Musikkhøgskole.

Rotevatn kunne potensielt hatt ei noko elitistisk tilnærming til musikkverda - han er både spellemannsnominert komponist for albumet alea iacta est med jazzorkesteret OJKOS, og vinnar av Jazzprisen i 2023 for det følgande albumet Mensa Rotunda. I tillegg har han for tida det prestisjetunge arbeidsstipendet frå Kulturdirektoratet, men jamsides suksess i den smalare delen av norsk musikkliv, har Rotevatn òg arbeidd i det meir tilgjengelege formatet - anten på turné som trombonist med Cezinando, Fieh, Razika og Jaga Jazzist, eller på plate med mellom anna Gabrielle, Highasakite, Jonas Alaska og Big Bang.

Rotevatn slepp sitt solo-album med same namn "Av daude gror" våren 2024.

null
Cover

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Andreas Rotevtn. Foto: Privat
Andreas Rotevtn. Foto: Privat
Last ned bilde
Cover
Cover
Last ned bilde
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Grappa Musikkforlag AS på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Grappa Musikkforlag AS

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye