Tredje og siste del av Øyonn Groven Myhrens HAUGTUSSA i kvedardrakt.
14.1.2024 08:00:00 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding
Søndag 14. januar 2024 er det 100 år sidan Garborg gjekk bort, og dermed er tredje og siste delen av Haugtussa i Øyonn Groven Myhrens tonesetjing ute i verdsveven. I siste del finn vi Veslemøy (Haugtussa) i kjærleikssorg, rådlaus, motlaus, og i store strider med seg sjølv og alt omkring seg.

Tekst av Arne Garborg
Musikk av Øyonn Groven Myhren
Øyonn Groven Myhren – song (kveding), kraviklyrer, basslangeleik, seljefløyte Rasmus Kjorstad – fele, langeleik, oktavfele, munnharpe, hardingfele Tomas Nilsson – gongar, tromme, cymbal, runerasle, bjeller, klokkespel, vibrafon
«Di lenger ein kjem ut i Veslemøy-forteljinga, di meir dramatisk er ho», seier Øyonn Groven Myhren. «I siste delen dukkar det opp eit troll – Gumle den gamle, ei blid heks, og talrike lokkande vesen som vil dra Veslemøy bort frå den verkelege verda. På andre sida finn vi Veslemøys døde søster med gode råd. Og til slutt syner “visdoms volve” seg. Det har vore spennande å dikte musikk til alt dette.»
Høyr HAUGTUSSA Vol. III HER
Den komplette fysiske utgåva som blei sluppe 21. april 2023 og som inneheld heile den nesten to timar lange trilogien, har hausta mange lovord. Vi siterer:
Nettavisen 20/7: For en åpenbaring det har blitt … «Haugtussa» i Øyonn Groven Myhrens tolkning har blitt et tidløst storverk - intet mindre (terningkast 6)
Klassekampen 12/5: Det har blitt et særegent og imponerende musikkdrama (terningkast 5)
Audophile.no 28/5: Og når resultatet har så høy kvalitet på både komposisjon og fremførelse blir dette uhyre verdifullt(terningkast 5)
Øyonn Groven Myhrens Haugtussa-trilogi inneheld 34 spor med ei samla speletid på 1 time og 47 minutt, utan samanlikning det mest omfattande musikalske arbeidet som er gjort over Garborgs folkekjære diktforteljing frå 1895. Den fysiske utgåva kom 21. april 2023 med all musikken spreidd utover tre CDar, og i tillegg eit 52-siders hefte med songtekster, engelske resyme og etterord om tekstutval og komposisjon. CD-utgjevinga er å kjøpe direkte frå Grappa musikkforlag og frå Platekompaniet.

Øyonn Groven Myhren er mellom våre fremste folkemusikarar. I tillegg til å kvede, spelar ho seljefløyte, Kraviklyre og basslangeleik, og ho lagar ny musikk i små og store format. Ho har vore sentral mykje, blant anna i kvedargruppa Dvergmål som har gitt ut albuma Visor og kvæde frå Blåberglandet (1996) og Song i himmelsalar (2004), det første Spellemann-nominert. Albumet Nordjordet (2018) er frukt av eit mangeårig samarbeid med Bugge Wesseltoft. Her nemnast òg I Jolo (1998) med Eilert M. Hægeland og Alf Tveit, Paa Jorden Fred og Glæde med Lars Henrik Johansen (2018), Runarslaget (2021) med SISU slagverksensemble og Tìle (2022) med Sidiki Camara og Olav Torget. Øyonn Groven Myhren kjem frå ei ætt av balladesongarer og Grisilla i Gullveven (2008) er vigd mellomalder-balladen. I mellomalder-modus finn vi òg CDane Harpa (1997) og Wizlavs viser (2018) med ensemblet Aurora Borealis, og Så vide fara dei lindarord (2017) med duoen Sogesong, det siste Spellemann-nominert. Med kvartetten Barokk Boreal har ho retta søkelys mot 1600-talsmusikken i Noreg med Ti bud i sanger (2020) og Sanger om død og glæde (2022). Og ho var den første til å sleppe eit album tilegna slåttetralling: Akkedoria frå Kristiania (2003). Øyonn Groven Myhren har mottatt prisar som Sagaprisen og Norsk folkemusikkfonds folkemusikkpris i 1997 og Rolf Gammelengs ærespris for utøvande kunstnarar i 2022. I tillegg har ho fleire førsteprisar frå Landskappleiken. I 2001 komponerte Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga eit timelangt verk over Aslaug Vaas diktsyklus Nivelkinn frå 1934. Urpremiera kom på CD (2001), og fekk Spellemannprisen i kategorien Folkemusikk/Gammaldans i 2002. I desse dagar emnar ho på ein eikvinnes kvedar-opera over fornkvedet Vǫluspá, med planlagt urpremiere i november 2024.01.05
Nøkkelord
Kontakter
Jade Marie HasselgårdLabel Manager / A&R / Promotion
Hubro / Odin / Heilo / Simax
Bilder
Lenker
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Tora Augestad ute med første egenkomponerte album "Vårvill"27.3.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
I dag er den kritikerroste vokalisten Tora Augestad ute med albumet Vårvill. Utgivelsen er hennes første album med egne komposisjoner, og består av musikk skrevet av Augestad til tekster av poeten Ruth Lillegraven.
Konradsen beveger seg mellom det nære og det storslåtte på "Hunt, Gather"27.3.2026 09:00:00 CET | Pressemelding
Konradsen er endelig tilbake med sitt tredje album "Hunt, Gather" - en personlig og ettertenksom utgivelse om om livet man har brukt mange år på å jage, og om lengselen etter noe mer. "Hunt, Gather" er ute nå.
Fersk folkrock møter legendarisk rockfolk – Gangar og Bare Egil slipper festlåta “Eg er liten”13.3.2026 08:55:00 CET | Pressemelding
Når tradisjonssterk folkrock møter en av Norges mest særegne rockeprofiler, oppstår det gnister. Nå slår Gangar og Bare Egil seg sammen for aller første gang – og resultatet er den heidundrende festlåta “Eg er liten”.
Fresh folk rock meets legendary rockfolk - Gangar and Bare Egil release the party anthem “Eg er liten”13.3.2026 08:55:00 CET | Press release
When tradition-rooted folk rock meets one of Norway’s most distinctive rock personalities, sparks are bound to fly. Now Gangar and Bare Egil join forces for the very first time, and the result is the riotous party anthem “Eg er liten.”
Lars Anders Tomter og 1B1 med nytt album: Nordiske verk for bratsj og strykeorkester13.3.2026 08:55:00 CET | Pressemelding
1B1 og Lars Anders Tomter lanserer nytt album med nordiske verk for bratsj og strykeorkester. En musikalsk reise gjennom nordiske uttrykk – fra byens pulserende overflate til skyggenes landskap og sorgens stille sang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

