Avliving av jerv i statleg regi er starta
For å ta ut jerv som gjer skade og redusere behov for hiuttak, startar Miljødirektoratet no fellingsforsøk i nokre område. Laurdag vart første jerv felt.

– Erfaring viser at lisensfelling av jerv utført av lokale jegerar i mange område ikkje er tilstrekkeleg for å hindre høgt skadetrykk på beitedyr. Miljødirektoratet vil frå nå og fram mot beitesesongen vurdere ekstraordinære fellingar av jerv i områda der det er høg risiko for skadar på beitedyr, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Jerven er det rovdyret som drep flest beitedyr i Noreg. Dei siste par åra har det vorte erstatta oppimot 7000 sau og 7000 tamrein som tapt på grunn av skade frå jerv. For sau har dei totale tapa gått mykje ned dei siste 15 åra, medan erstatta tamrein har auka.
Påviste tap så langt i år tyder ikkje på at det har vore spesielt mykje skadar totalt, men i nokre område er det eit stort skadetrykk.
Jervebestanden har dei siste åra lege godt over Stortingets bestandsmål på 39 årlege jervekull totalt.
Startar i Midt-Noreg og Nord-Gudbrandsdalen
Miljødirektoratet har den siste veka vedteke felling av til saman fire jervar i utvalde område i rovviltregion 6 Midt-Noreg. Laurdag lukkast Statens naturoppsyn med å felle ein hannjerv i Snåsa nord i Trøndelag.
Last ned bilde av jerven som ble felt i Snåsa her og her.
Avgjerdene har virketid til 23. desember. Det vil også bli vedteke uttak av jerv i Nord-Gudbrandalen i region 3 innan kort tid.
Oppdraga blir gjennomførte av Statens naturoppsyn.
– For å auke sjansen for å lykkast startar vi allereie no i skadeutsette område der vi veit at det ikkje går lisensfelling føre seg eller at det er vanskeleg å felle jerv. Dei fleste uttaka vil nok komme frå februar og utover, men dårlege snøforhold og rasfare kan også gjere det vanskeleg med hiuttak og felling på våren, seier Miljødirektør Hambro.
Som tidlegare år vil det også vere behov for slike ekstraordinære uttak i region 8, men der vil ikkje uttak setjast i gang før det blir gode lysforhold, det vil seie i slutten av januar.
På denne sida vil vi leggje ut alle avgjerder og fellingar fortløpande (lenkje)
På denne sida vil vi leggje ut alle avgjerder og fellingar fortløpande
Lisensfelling ikkje nok
Lisensfelling skal vere det viktigaste verkemiddelet for å halde jervebestanden på Stortingets bestandsmål og skal hindre skade på beitedyr. Lokale jegerar som er registrerte som lisensjegerar kan felle jerv innanfor kvote sett av dei regionale rovviltnemndene frå 20. august til 15. februar.
Les meir om lisensfelling og anna felling av rovvilt her
I nokre av regionane fungerer lisensfelling bra og har vorte meir effektiv dei siste åra. Kunnskap blant jegerar og organiseringa er vorte betre. I 2020 vart det vedteke å innføre bruk av kunstig lys ved åtejakt og elektronisk overvaking av fangstbås for jerv som verkemiddel under lisensfelling av jerv i heile landet.
Likevel viser erfaring frå dei siste åra at lisensfelling ikkje lukkast godt nok i ein del skadeutsette område, og jervebestanden har lege noko over bestandsmålet til Stortinget på 39 årlege jervekull totalt.
Dei siste tala frå Rovdata viser at det på landsbasis i fjor vart dokumentert eller anteke 64 ungekull av jerv. Ni av desse kulla vart avliva i hiuttak, det vil seie at det var igjen 55 kull då beitesesongen starta. Alle rovviltregionar med mål om jervebestand ligg no over det regionale bestandsmålet.
Les meir om status for jerv hos Rovdata
Vurderer fortløpande behovet for ekstraordinære uttak
Ekstraordinære uttak er avliving av enkeltindivid eller såkalla hiuttak, det vil seie felling av morsdyr med kvalpar i hiet. Slike uttak vert vedtekne av Miljødirektoratet og blir utførte av feltapparatet i Statens naturoppsyn.
Ekstraordinære uttak kan ikkje brukast for å regulere bestanden, men må grunngivast i eit konkret behov for å hindre skadesituasjonar som kan oppstå.
Siste sesong vart det felt 38 jerv ved ekstraordinært uttak vedteken av Miljødirektoratet, innanfor perioden 16. nov 2022 til 12. mai 2023.
– Det er eit mål at talet på hiuttak skal vere så lågt som mogleg. Dette er ei avlivingsform som er kontroversiell, men som dessverre har vist seg nødvendig for å senke skadetrykket på beitedyr. Meir effektiv lisensfelling og uttak av enkeltdyr vil senke behovet for hiuttak, seier Hambro.
Miljødirektoratet vil fortløpande vurdere behovet for ekstraordinære uttak. Behovet for uttak blir fyrst og fremst vurdert ut frå potensialet for skadar på beitedyr, og område der sau og tamrein var særleg utsett året før blir prioritert ved uttak. Uttaka blir primært utførte i prioriterte beiteområde.
Behandlinga av erstatningssøknadene for tap til sau og tamrein, kva område lisensjegerar lukkast med lisensfelling, og informasjon frå den løpande overvakinga, vil liggje til grunn for vurderingane.
Miljødirektoratet har bede om innspel frå dei regionale rovviltnemndene om skadesituasjonen og deira vurderingar om behov for ekstraordinære uttak.
Førebels tal på påviste skadar
I 2023 har Statens naturoppsyn påvist 201 tap av sau til jerv. Det er berre ein mindre del av skadane som blir påviste. Samanlikna med påviste tap tidlegare år, gir det likevel ein god indikasjon på utviklinga.
Se vedlagt figur 1 for statistikk sau påvist tapt til jerv.
Se vedlagt figur 2 for statistikk tamrein påvist tapt til jerv.*
For reindriftsåret 2023/2024 er det så langt dokumentert tap 61 tamrein til jerv. Ved same tidspunkt i fjor var det dokumentert tapt 73 tamrein.
Sjå statistikk på utbetalt erstatning her (lenkje)
Sjå statistikk for utbetalt erstatning sau tapt til rovvilt i Rovbase
Sjå statistikk for utbetalt erstatning tamrein tapt til rovvilt i Rovbase
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder


Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Kontroll av barneprodukter hos TEMU: Fant farlige og forbudte miljøgifter3.2.2025 09:49:01 CET | Pressemelding
8 av de 13 produktene som Miljødirektoratet kjøpte inn fra TEMU for kontroll, inneholdt flere helse- og miljøfarlige stoffer. Produktene er forbudt å selge i Norge.
Kontroll av barneprodukt hos TEMU: Fann farlege og forbodne miljøgifter3.2.2025 09:49:01 CET | Pressemelding
8 av dei 13 produkta som Miljødirektoratet kjøpte inn frå TEMU for kontroll, inneheldt fleire helse- og miljøfarlege stoff. Produkta er forbodne å selje i Noreg.
Havnivåstigning: Noreg er dårleg førebudd3.2.2025 09:19:28 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet etterlyser at éi statleg styresmakt får ansvaret for arbeidet med å tilpasse samfunnet til eit stigande havnivå.
Havnivåstigning: Norge er dårlig forberedt3.2.2025 09:19:05 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet etterlyser at én statlig myndighet får ansvaret for arbeidet med å tilpasse samfunnet til et stigende havnivå.
Foreslår tidenes mest begrensede laksefiske31.1.2025 16:36:31 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår stopp i sjølaksefisket i Finnmark fra i år, og å begrense fisket ytterligere i tre fjorder og 42 elver over hele landet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom