Sex, dop, stev og halling - ny låt frå Andreas Rotevatn og Sofie Tollefsbøl ute i dag!
17.11.2023 09:30:00 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding
Den Spellemannsnominerte trombonisten Andreas Rotevatn gjeng nye vegar i nytt prosjekt, i dag er andre singel "Kairos og Kronos" ute! Der har han fått med seg vokalist og keyboardist Sofie Tollefsbøl frå FIEH, som for fyrste gong syng på norsk!

Om du er ein Spellemanns-nominert komponist av musikk for stort jazzorkester, og skal starte ditt eige band - kva gjer du då? Trombonist, vokalist og keyboardist Andreas Rotevatn samla saman nokre av sine favorittmusikarar og produsentar for å lage ei plate - mellom anna fekk han med seg Sofie Tollefsbøl, Nikolai Hængsle, Hans-Peter Lindstrøm og Eivind Helgerød. Sleng i nokre eklektiske tekstar på nynorsk, og du får det komande albumet “Av daude gror”! Musikk fri for reglar eller avgrensingar, ei musikalsk frihavn kor alt er lov!
Artisten Andreas Rotevatn (f.1989) er fødd og oppvaksen på Nordfjordeid på Vestlandet. Sidan 2013 har han vore busett i Oslo. Han har ein bachelor i jazztrombone frå Griegakademiet og ein master i utøvande musikkteknologi frå Norges Musikkhøgskole.
Rotevatn kunne potensielt hatt ei noko elitistisk tilnærming til musikkverda - han er både spellemannsnominert komponist for albumet alea iacta est med jazzorkesteret OJKOS, og vinnar av Jazzprisen i 2023 for det følgande albumet Mensa Rotunda. I tillegg har han for tida det prestisjetunge arbeidsstipendet frå Kulturdirektoratet, men jamsides suksess i den smalare delen av norsk musikkliv, har Rotevatn òg arbeidd i det meir tilgjengelege formatet - anten på turné som trombonist med Cezinando, Fieh, Razika og Jaga Jazzist, eller på plate med mellom anna Gabrielle, Highasakite, Jonas Alaska og Big Bang.
Singelen "Kairos og Kronos" er ute i dag! I låta møter du Sofie Tollefsbøl, som i det store og heile har sunge på engelsk tidlegare i karriera, i norsk språkdrakt. Med hint av totning, får arkaiske ord som ei lise, stendig og starving prøvd seg i ei moderne poplåt.
Der er mykje som kan gjere eit menneske avhengig her i verda - sex, dop, musikk, dans, arbeid, makt, sladder og etterkomarar. Alt dette har ei ibuande evne til å ta over sinnet totalt, og gje skylappar. Denne tida kor du er heilt oppslukt, tenker Rotevatn er ein del av omgrepet kairos. I motesetnad til kronos, kor tida går som normalt og klokkar tikkar sin vande gang.
Musikalsk skiljer låta stemningsmessig mellom eit intenst og drivande kairos-refreng, og det stødige og jamne kronos-verset. Spørsmålet kjem til slutt til lyttaren: kva for ei tilnærming til å leve livet velgjer du?
- Nokon kan jo tenke at målet med livet må vere å vere mest mogeleg i kairos-tida, kor ein alltid kjenner som at ein lever fullt ut. Men dette har sin pris, og kan øydelegge mykje når ein til slutt må vende attende til kronosen - anten det går ut over familieforhold, eigen økonomi eller evne til å stå i mot det som kanskje ikkje er bra for korkje kroppen eller sinnet ditt. Eg for min del, kan nok vere samd med Olav H Hauge når han skriv: ´det gjeng an å leva i kvardagen òg´
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder



Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Fersk folkrock møter legendarisk rockfolk – Gangar og Bare Egil slipper festlåta “Eg er liten”13.3.2026 08:55:00 CET | Pressemelding
Når tradisjonssterk folkrock møter en av Norges mest særegne rockeprofiler, oppstår det gnister. Nå slår Gangar og Bare Egil seg sammen for aller første gang – og resultatet er den heidundrende festlåta “Eg er liten”.
Fresh folk rock meets legendary rockfolk - Gangar and Bare Egil release the party anthem “Eg er liten”13.3.2026 08:55:00 CET | Press release
When tradition-rooted folk rock meets one of Norway’s most distinctive rock personalities, sparks are bound to fly. Now Gangar and Bare Egil join forces for the very first time, and the result is the riotous party anthem “Eg er liten.”
Lars Anders Tomter og 1B1 med nytt album: Nordiske verk for bratsj og strykeorkester13.3.2026 08:55:00 CET | Pressemelding
1B1 og Lars Anders Tomter lanserer nytt album med nordiske verk for bratsj og strykeorkester. En musikalsk reise gjennom nordiske uttrykk – fra byens pulserende overflate til skyggenes landskap og sorgens stille sang.
1B1 and Lars Anders Tomter release new album of Nordic works for viola and string orchestra13.3.2026 08:55:00 CET | Press release
A musical journey through Nordic landscapes – from the pulsating surface of the city to shadowed terrains and the quiet song of grief.
Den kritikerroste vokalisten Tora Augestad er ute med singelen "Vårvill"6.3.2026 10:00:00 CET | Pressemelding
Den kritikerroste vokalisten Tora Augestad er klar med siste smakebit fra hennes kommende album. Låta "Vårvill" er ute i dag, før albumet med samme tittel slippes 27. mars.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom