Her gjer Statens vegvesen vegen breiare og betre
15.11.2023 12:32:58 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Mellom Brunsvik og Almenningen på rv. 15 i Nordfjord, startar Statens vegvesen i morgon eit vegarbeid som varar i ti månader.

– På ei 700 meter lang strekning skal vi breiddeutvida veg som manglar gul midstripe. Vi skal harmonisera vegbreidda som i er dag er varierande i området, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Det første Vegvesenet skal gjera på strekninga ved Raudegga i Kinn kommune, om lag ti kilometer aust for Måløy, er å fjerna skog og vegetasjon. Dette startar i morgon.
– Seinare skal vi masseutskifta ekisterande veg på heile strekket, oppgradera dagens to busslommer, sprenga og laga skjeringar, etablera og forlenga stikkrenner (stikkrenne er eit stort røyr som leiar vatnet vekk frå vegen), byta rekkverk og asfaltera på nytt. Vi skal og riva ein garasje som blir til hinder for trafikken, legg Engebø til.
Sprenging og venting
Spreningsarbeida startar før jul. I samband med sprenging kan det bli inntil 15 minutts venting.
Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid med venting kan vera krevjande for trafikantane.
– Men då er det viktig å understreka og minna om at vi gjer dette nettopp for dei, for at vegen skal vera trygg og føreseieleg framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon.
Dette er drift og vedlikehald
– Dette prosjektet går rett inn i kjernen av det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om. Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er det finaste du kan gjera både for trafikantane, samfunnet og klimaet.
– Dette er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, og ikkje er dei mest kostbare, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Dette prosjektet er eit godt døme på det, supplerer Engebø.
Det er Måløy-firmaet Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn som er entreprenør på prosjektet, som har ein kontraktsum på om lag 16 millionar eks mva.
– Ikkje set deg sjølv og andre i potensielt farlege situasjonar
Arbeida vil finna stad på dagtid måndag-fredag. Fartsgrensa i anleggsområdet blir sett ned frå 80 til 50 km/t. Det blir uansett lysregulering, og det kan bli aktuelt med manuell dirigering for enkelte arbeidsoperasjonar.
– Vi må på det sterkaste be om at alle trafikantar følgjer trafikkreguleringa, og ikkje set seg sjølv og andre i potensielt farlege situasjonar. Dette gjeld både under sprenging og elles. Hugs at dei som jobbar på vegen gjer det for din trafikktryggleik. Deira tryggleik medan dei jobber, er like viktig, understrekar Engebø.
Kontakter
Jørn Kristian EngebøByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:95191891jorn.engebo@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Offisiell åpning av rasteplass og utsiktspunkt på Sjonfjellet avlyses31.8.2026 14:07:10 CEST | Pressemelding
Den planlagte åpningsmarkeringen av det nye utsiktspunktet og rasteplassen på Sjonfjellet langs Nasjonal turistveg Helgelandskysten 9. september er avlyst.
Gjer ferdig asfaltering på rv. 13 sør i Ullensvang31.8.2026 12:25:46 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer no ferdig asfalteringa frå Hegerland til Kolåsnes lengst sør i Ullensvang, like nord for fylkesgrensa til Rogaland.
Nattestenger E6 mellom Halsan og Mule31.8.2026 11:01:14 CEST | Pressemelding
E6 mellom Halsan og Mule i Levanger blir stengt på nattestid fra tirsdag 1. september. Trafikantene må benytte skiltet omkjøringsrute via Levanger sentrum.
Arbeidet i Brattlitunnelen forlenges31.8.2026 09:24:18 CEST | Pressemelding
Brattlitunnelen på riksveg 827 nord for Kjøpsvik i Narvik kommune blir fortsatt nattestengt ut september.
AVLYST: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september28.8.2026 16:04:21 CEST | Pressemelding
På grunn av Hans Majestet Kong Haralds bortgang er den planlagte markeringen på tirsdag avlyst inntil videre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom