Auka bruk av kikholskirurgi ved tarmkreft

Del

Bruken av kikholskirurgi ved tjukk- og endetarmskreft har auka mykje dei siste åra. – Dette er ei god utvikling. Metoden er meir skånsam for pasientane, seier fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse.

Portrett av mann med kort hår i hvit frakk
Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Hesle Vest RHF Helse Fonna, Eirik Dankel Helse Fonna HF/ Helse Vest RHF

For ti år sidan vart 27 prosent av pasientane med endetarmskreft opererte med kikholskirurgi. I dag blir 91 prosent av pasientane operert med denne metoden.

For pasientar med tjukktarmskreft har bruken av kikholskirurgi auka frå 37 til 79 prosent i den same perioden.

– Dette er ei svært positiv utvikling på ganske få år, seier Vikse. - Dei fleste av sjukehusa på Vestlandet ligg også over landsgjennomsnittet for dette. Det viser at det er god kompetanse på dette feltet i regionen og at dei kirurgiske fagmiljøa ser fordelane ved metoden.

Både tjukk- og endetarmskreft kan opererast med konvensjonell open kirurgi eller med kikholsteknikk. Begge metodane har vist like god langtidsoverleving i store internasjonale studiar.

Kikholsteknikken gir mindre sår i bukveggen og fører som regel til mindre belastningar for pasientane.

– For dei fleste pasientane er kikholskirurgi ein meir skånsam metode. Det er mindre smerter etter operasjon, raskare rehabilitering og lågare risiko for komplikasjonar, seier Bjørn Egil Vikse.

Pasientar med tjukk- og endetarmskreft har gode utsikter for å leve fem år etter operasjon, og overlevingstala har halde seg på eit stabilt nivå dei siste åra. Den relative overlevinga for pasientar med tjukktramkreft (stadium I-III) ligg på 89,2 prosent fem år etter operasjon. For endetarmskreft (stadium I-III) er overlevinga 89,9 prosent. Tala viser vidare at Helse Vest ligg over landsgjennomsnittet for overleving.

Denne saka er fyrst omtala i pressemelding og på nettsidene til Helse Sør-Øst RHF.

Tabell%2C%20stolpediagram
Fig. 1.: Del kikholskirurgi ved kreft i endetarm og tjukktarm (2008–2022), kjelde: Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft
Grafikk%2C%20stolpediagram
Fig. 2.: 5-års relativ overleving etter operasjon for tjukk- og endetarmskreft, kjelde: Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft Nasjonalt kvalitetsregister for tykk- og endetarmskreft

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye