Sterkt om kvinner som slår
6.11.2023 12:51:31 CET | Bonnier Norsk Forlag | Pressemelding
– Eg fekk ideen til «Nære relasjonar» da eg kom i snakk med ein mann som hadde opplevd fysisk vald frå ein kvinneleg kjærast, seier Maria Tryti Vennerød.

Maria Tryti Vennerød er eit kjent namn for mange teaterinteresserte. Ho har vunne mange prisar for dei dramatiske verka sine, blant anna Ibsenprisen i 2005, og ho har skrive fleire diktsamlingar. No er ho aktuell med boka «Nære relasjonar».
– Eg fekk ideen til «Nære relasjonar» for ca. ti år sidan, da eg kom i snakk med ein mann som hadde opplevd fysisk vald frå ein kvinneleg kjærast. Historia hans gjorde inntrykk på meg, eg fekk mange tankar og kjensler og kjende at tematikken er tabubelagt og litt forvirrande, fordi vi er meir vande med å høyra om kvinner som blir slått av menn.
Ho utdjupar:
– I åra som følgde så høyrde eg tilfeldigvis om fleire menn som fekk bank av kvinnelege kjærastar. Ganske mange, eigentleg. Ofte ikkje så alvorleg, meinte gjerne mennene sjølve, og dette merka eg meg med, at mennene i stor grad forstod og unnskyldte kvinnene som slo dei. Dei meinte at dei sjølve ikkje tok skade av det. Eg fekk lyst å skriva om det, å bruka «kvinne som slår mann» som litterært motiv, men sidan det ikkje var «mi» historie så let eg det ligga.
Fysisk overlegen
Ei tid seinare kom litteraturvitar, filmskapar og tidlegare kjønnsforskar Jørgen Lorentzen til Vennerød og fortalde at han hadde gjort eit forskingsprosjekt om vald mot menn i nære relasjonar. Han lurte på om ho ikkje kunne skriva noko, kanskje eit teaterstykke, med utgangspunkt i dette.
– Eg hadde jo alt tenkt på dette i fleire år, og interessert meg for temaet, utan å kjenna at det var mitt. Da ideen blei lagt fram for meg frå eit heilt anna hald, kunne eg ta eigarskap på stoffet og etterkvart sirkla meg inn mot noko eg kunne jobba med. Likevel tok det nokre år før eg fann min kunstnariske inngang inn i dette.
– Etter kvart forstod eg at fokuset ikkje treng å vera på at valden skjer i ein slik dynamikk, eller kvifor kvinna blir fysisk valdeleg, men korleis dette kan få foregå over tid, ikkje minst når mannen som regel er fysisk overlegen. Eg ville undersøka kva det er med hans syn på seg sjølv og henne, som gjer valden mogleg. Denne forhandlinga om identitet og roller, blei eg veldig opptatt av. Ein person som ikkje identifiserer seg som offer, kan kanskje lettare kan bli verande i eit destruktivt forhold.
Om makta og valden i oss alle
Medan ho jobba med å utvikla versjon etter versjon av romanen, har ein versjon frå 2020 blitt liggande på Det Norske Teatret. Denne 2020-versjonen låg mykje tettare på sceneteksten eg skreiv i Stockholm, og no har Det Norske Teatret bestemt seg for å oppføra den i januar 2024. Så da finst plutseleg materialet i to versjonar – som står sjølvstendig i forhold til kvarandre.
– Eg sirklar ofte rundt tema som ansvar og skuld, styrke og svakheit, fridom, makt og avmakt. Eg likar litterære motiv og historier som utfordrar meg sjølv og lesaren etisk, slik at det ikkje er heilt lett å ta stilling til kva som er sant eller rett. Slik er det også denne gongen. Alle menneske har styrke og svakheit i seg, og eg trur alle har potensialet til å bli både offer og overgripar. Dei destruktive sidene våre kan henga saman med behovet for å forsvara seg, og er del av menneskenaturen, og kan ikkje berre fjernast. I staden trur eg vi er tente med å anerkjenna og prøva å forstå kreftene og ambivalensen som spelar i oss, og mellom oss.
«Nære relasjonar» lanserast 8. november. Ta kontakt for anmeldareksemplar og intervju.
Nøkkelord
Kontakter
Kim Daniel LindegaardPR- og markedsansvarlig i Bonnier Norsk Forlag
Tel:920 61 162kim.daniel.lindegaard@bonnierforlag.noBilder



Følg pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bonnier Norsk Forlag på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Bonnier Norsk Forlag
Flyttet til bygda og fikk angst: – Skrivingen ble terapi2.10.2026 07:18:00 CEST | Pressemelding
Da Hege Norman-Stormbringer fikk angstanfall etter å ha flyttet til en liten bygd på Sunnmøre, lagde hun fortellinger for å få tankene på noe annet. Skrivingen ble en form for selvhjelp. Nå er hun aktuell med Resten av livet, andre bok i serien inspirert av familiens år på Vestlandet.
Norges fantasydronning slipper finalen på Vardari-trilogien: Siri Pettersen er endelig tilbake!29.9.2026 10:39:47 CEST | Pressemelding
Med Askehjerter setter Siri Pettersen et storslått punktum for Vardari-trilogien – et intenst oppgjør om blod, begjær, avhengighet og et tusen år gammelt svik.
Bokaktuelle Øyunn Krogh strikker om dagen og danser om kvelden28.9.2026 12:06:00 CEST | Pressemelding
Øyunn Krogh skal trappe ned som kommersiell influenser og vil bruke mer tid på å skape noe eget. Nå kommer boken Øyunnstrikk, med strikkeoppskrifter som gjør det lett å koble av og glede seg over å lage noe med hendene.
Ny roman frå Sivert N. Nesbø: Å omsetje ei bok frå eit ukjent språk28.9.2026 07:06:34 CEST | Pressemelding
Kirja tek utgangspunkt i eit usedvanleg prosjekt: Å omsetje ein finsk romanklassikar ord for ord – utan å kunne eit einaste ord finsk frå før.
Reiste til Russland for å redde kroppen. Skrev og tegnet for å holde fast i verden25.9.2026 08:49:35 CEST | Pressemelding
I 2024 reiste Fabian Heffermehl til Russland for å gjennomgå en risikofylt stamcelletransplantasjon. Samtidig oppstod et stadig sterkere behov for å skrive og tegne alt han opplevde, i tilfelle det var for siste gang.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom