Testar brunnen kalk for å drepe hamnespy
I Haugesund hamn har havforskarane starta forsøk med bruk av brunne kalk for å drepe hamnespy.

– Det er viktig at vi gjer det vi kan for å bremse spreiinga av hamnespy til eit slikt nivå at vi unngår dei mest negative konsekvensane arten kan ha for naturmangfald og sårbar natur, oppdrett og anna næring, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Teppe på havbotnen
Hamnespy er ein type sjøpung som ikkje høyrer naturleg til i norske farvatn. Arten veks som eit teppe på havbotnen, og tek over leveområda til artar som naturleg høyrer heime der.
Sjøpungen kan mellom anna vekse på kaiar, skipsskrog, småbåtar og flyteobjekt som tauverk, flytebryggjer og blåser.
98 prosent dødelegheit
Sidan arten vart oppdaga i Noreg i 2020, har havforskarar prøvd å finne metodar for å få bukt med arten. I hamna i Haugesund vart det 25. oktober gjort forsøk på å få bukt med hamnespy med brunnen kalk. Dette har allereie vore testa i laboratorium, der ein har sett 98 prosent dødelegheit hos sjøpungen.
– Vi bruker partiklar frå ein type brunnen kalk. Når det kjem i kontakt med vatn utviklar det varme, og så blir det surt, forklarer forskar Vivian Husa i Havforskingsinstituttet, som utførte forsøket med finansiering frå Miljødirektoratet.
To metodar vart testa
Først hengde forskarane opp matter langs den hamnespyinfiserte betongkaien i Haugesund. I desse mattene er det lommer som er fylte opp med kalk. Desse skal henge i direkte kontakt med hamnespyet i 24 timar.
I det andre forsøket la dykkarar ut eit lag med kalkpartiklar i eit utvalt område. Det vart brukt ein eigenutvikla «pyramide» for å verne dykkarane mot stoffet.
– Dykkarane bør ikkje få stoffet på seg. Derfor har vi utvikla denne pyramiden, for å gjere det sikrare å fordele ut kalken, seier Husa.
– I dette området er det spesielt mykje hamnespy, så dei neste månadene vil vi få gode indikasjonar på om det gror tilbake, forklarer ho.
Kan ha negative effektar på andre dyr
Kalkproduktet som blir brukt mot hamnespyet kan ha negative effektar på andre organismar.
– Dette er først og fremst ein test for å sjå korleis den brunne kalken fungerer i sjø. Vi tek høgd for at det også kan påverke andre artar som bur der, seier Husa.
Positive tiltak for bekjemping
Noreg har forplikta seg gjennom FNs naturavtale, til å prioritere arbeidet mot framande artar i større grad.
– Vi skal prøve å forhindre at prioriterte framande artar blir introduserte og blir etablerte. Vi skal også jobbe med å redusere introduksjons- og etableringstakten for andre kjende eller potensielle framande skadelege artar med minst 50 prosent innan 2030. Dette gjer arbeidet med å avgrense spreiinga av hamnespy ekstra viktig, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Det er no rundt 40 framande marine artar registrert i Noreg, medan det i Middelhavet er heile 900.
– Ein slik situasjon som det vil sjølvsagt ikkje vi ha. Men det kan bli mykje verre her òg, om vi ikkje gjer noko. Vi håpar å kunne avgrense utbreiinga med tiltak mot spreiing, og finne metodar som kan fjerne arten frå sårbare område og viktige område for næringsaktivitet. Derfor støttar vi tiltak som desse forsøka med brunnen kalk, seier Hambro.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Om oss
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er nå klar. For to år siden kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon4.7.2025 11:41:32 CEST | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.
Klimasats-støtte til 99 prosjekter i kommuner og fylker4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Flere enn 45 kommuner og fylkeskommuner får til sammen 100 millioner kroner i støtte til klimatiltak. Se hvilke prosjekter som får støtte der du bor.
Klimasats-støtte til 99 prosjekt i kommunar og fylke4.7.2025 09:03:08 CEST | Pressemelding
Fleire enn 45 kommunar og fylkeskommunar får til saman 100 millionar kroner i støtte til klimatiltak. Sjå kva prosjekt som får støtte der du bur.
Stanser oppdraget med å felle bjørn i Jarfjord3.7.2025 15:51:27 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet stanser oppdraget med å felle bjørnen som skadet en mann i Finnmark.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom